Å finne seg til rette

Ei utfordring for norske, og til dels andre europeiske, arabiskstudentar er å finne ut kva arabisknivå ein ligg på. Frå Noreg har ein det ein kan kalle ei solid innføring i arabisk grammatikk, men ein manglar eit større og brukbart ordforråd. Dette gjer at ein som regel hamnar mellom to stolar når ein skal studere i Midtausten. Ein kan mykje grammatikk, men ein forstår sovidt kva undervisarane seier.

Eg har tidlegare nemnd at ein treng ein plasseringstest for å finne ut kva nivå ein skal gå på. For min eigen del hamna eg først på eit for lågt arabisknivå. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg må ha misforstått noko på testen. Eg merka at både grammatikken og vanskelegheitsgrada på tekstane var for lett og eg ville difor gå opp eit nivå for å få ei utfordring. Dette viste seg å vere lettare sagt ein gjort.

I følgje ein lærar kunne ein bytte nivå dei to første dagane. Eg fekk høyre at eg kunne sjå korleis nivået eg hamna på var i ein dag og so bytte neste. Eg tok del i nivået over meg for å sjå om det var for høgt eller ikkje, men fann ut at det var akkurat passe. Neste dag prøvde eg å bytte, men fekk høyre frå administratoren at det var fullstendig totalt umogleg på alle måtar å bytte nivå. Ho var urokkeleg. Nivået plasseringstesten sette det på var nivået du skulle vere på. Basta. Ein kunne korkje gå opp eller ned. Det gjekk heller ikkje an å ta testen på ny. Ei jente prøvde å ymte frampå at testen ikkje var heilt perfekt, men fekk klår beskjed om at den var perfekt, for instituttet. Det var fleire som prøvde dette og alle saman fekk svært bestemt nei som svar. Dei einaste som kunne bytte var dei som ikkje hadde tatt testen og var på nivå ein. Dei kunne bytte til nivå to dersom det var for lett.

Eg frykta å bli lettare demotivert av å vere på ei lågare nivå der eg ikkje ville bli utfordra nok og gjekk difor til nokon andre på instituttet. Etter litt om og men fekk eg høyre frå nokon andre studentar, som hadde høyrd med nokon andre ved instituttet, at det gjekk an å bytte etter ei veke dersom framleis ein ikkje var nøgd med nivået. Eg venta dimed til etter helga.

Den arabiske våren ser ut til å ha vorte ei lita utfordring for Språksenteret ved Universitetet i Jordan. Med uro i Syria, Egypt og Jemen, tre av dei mest populær landa å lære seg arabisk i, so har mange studentar funne vegen til Jordan. Det har dimed vorte mange fleire studentar enn eg trur insituttet rekna med, noko som har bydd på ein del kaos og rot. Dette kaoset kan ha noko å seie for at mange vart nekta tvert å bytte nivå, same kva grunn. Mange nivå måtte bli delte i to klassar og timeplanane har vore i konstant endring sidan studiestart. Denne kan endre seg brått utan at ein er klar over det. Planen har til tider endra seg frå dag til dag, og frå time til time. Vonleg vart dei siste endringane for semesteret gjort i dag.

Det hadde seg derimot slik at nokre klassar hadde vorte delte etter helga og brått var det nokon som hadde vorte ufriviljug sett ned eit nivå likevel. Etter ein time var det brått mange som gjekk opp på kontoret til eine undervisaren og sa kvifor ein ville bytte nivå. Om han godtok det, som han såg stort sett ut til å gjere, fekk du ein liten lapp der det sa at ein kunne bytte nivå. Etter lunsj gjekk ein inn på eit anna kontor, leverte frå deg lappen og vips var ein gått opp eit nivå. So enkelt var det. Her lønner det seg visstnok å ikkje ta eit absolutt nei for eit absolutt nei. Kva rolle dei forskjellige doktorane, for dei er alle Dr. Noko, i forhold til kvar andre er eg framleis usikker på, men det ser ut til at noko bestemmer meir enn andre sjølv andre kanskje har tittelen til det.

Informasjon er ikkje det ein får mest av her. Ein må spørje rundt og som regel får ein beskjed om at ein må snakke med den og den. Seier dei nei, og dersom ein vil noko sterkt nok, so kan ein gå til nokon andre og høyre. Harde ord og klaging på systemet til universitetet trur eg ikkje er vegen å gå. Under informasjonsmøtet fekk ein fast beskjed om at jordanarar ikkje likte dersom nokon kom frå andre kulturar og prøvde å endre systemet deira. Sjølv om det ikkje var perfekt, so var det deira måte å gjere ting på. Det gjaldt rett nok heile samfunnet, men det kunne tolkast som eit hint om korleis ein går fram i universitetssystemet òg. Eit smil og venleg humør kom ein lenger med enn surske, klaging og kravsetjing.

Med unntak av litt organisatoriske oppstartsproblem ser det ut til at det blir eit kjekt semester vidare. Nokon av dei som har studert her eit semester seier dei er fornøgde med både instituttet og undervisinga. Nivået eg ligg på no ser so langt ut til å passe perfekt til formålet mitt med å auke vokabularet mitt og samstundes betre lesedugleiken utan for mykje fokus på grammatikk. Grammatikkgrunnlaget frå Universitetet i Bergen er i tillegg bra å ha når ein går gjennom grammatikk her, for å lære arabisk grammatikk på arabisk ser ikkje ut til å vere det enklaste. Det er då det er kjekt å ha permen frå ARA101, men den ligg att i Noreg. A Student Grammar of Modern Standard Arabic av Eckehard Schulz er derimot på plass.

Placement test

Dersom ein skal ta eit nivå høgare enn første nivå ved universitetet i Jordan, so treng ein ta ein plasseringstest (placement test) i arabisk.

Denne har ein skriftleg og ein munnleg del. Største problemet her var at det var utruleg lite/ingen informasjon frå språkinstituttet om korleis ein skulle ta den skriftlege delen. Ein sa først at vi berre skulle starte, men etter ein ti minutt kom nokon og sa frå om at ein skulle byrje på side 4, ikkje side 1-3, som var til lytteprøva. Eit kvarter etter det igjen var vi sendt inn i eit rom for å ta lytteprøve, og etter den var ferdig skulle ein visstnok berre gjere ferdig resten.

Den skriftlege delen var berre på arabisk og hadde fem deler: (1) Lytteprøve med spørsmål, (2) merk av ordet som passar, (3) enkel tekst med fire spørsmål, (4) 2-siders artikkel med mange spørsmål og til slutt (5) skriving av ein liten tekst + skildring av eit bilete.

Sidan testen berre skal plassere deg på eit visst nivå og difor må omfatte alle nivå, so føler ein seg ikkje akkurat spesielt flink. Det var vanskeleg å sjå utifrå testen korleis ein skulle måle lågare nivå. Det hadde òg hjulpe om det hadde vore ei forklaring om korleis testen skulle gjennomførast.

Den munnlege delen var derimot ganske grei. Der skulle berre ein ha enkel samtale om forskjellige enkle tema. Ein kunne likevel fått litt informasjon om korleis det gjekk føre seg og kor lang tid det ville ta slik at ein slapp stå i kø i eit par timar.

Kva nivå ein har kome på sjølv får ein ikkje vite før eit par dagar etterpå. Det vart sagt i gangane at ein kunne gå opp (og sikker ned) eit nivå dersom ynskte det.

Studentprotest i Jordan

Laurdag samla om lag 50 studentar seg utanfor det tysk-jordanske universtetet i Jordan (GJU) for å protestere mot det dei kallar ei privatisering av høgare offentleg utdanning i Jordan, melder Jordan Times i dag. Dei offentlege universiteta i Jordan aukar no undervisingsavgiftene og i følgje demonstrasjonsleiar Guevara Hanna blir avgiftene dimed høgre enn avgiftene ved private universitet. Dette meiner Hanna i grunnen er å privatisere høgare utdanning.

Jordan er ikkje av dei rikaste landa i verda og Hanna meiner at ei avgiftsauke vil gjere til at store delar av folkesetnaden i Jordan blir stengt ute frå universiteta. For å trekke inn litt klassekamp meinte ein student frå University of Jordan at utdanning no var reservert for borgarskapet («bourgeois class»).

Rektor ved GJU, Labib Khadra, forsvarte avgiftsauken med å vise til universitetet si «særeigne tilnærming» (different type of approach) til undervising hadde resultert i aukte utgifter.