Placement test

Posta: Måndag, 19 september, 2011 under Personal experience
Stikkord:, , , , , ,

Dersom ein skal ta eit nivå høgare enn første nivå ved universitetet i Jordan, so treng ein ta ein plasseringstest (placement test) i arabisk.

Denne har ein skriftleg og ein munnleg del. Største problemet her var at det var utruleg lite/ingen informasjon frå språkinstituttet om korleis ein skulle ta den skriftlege delen. Ein sa først at vi berre skulle starte, men etter ein ti minutt kom nokon og sa frå om at ein skulle byrje på side 4, ikkje side 1-3, som var til lytteprøva. Eit kvarter etter det igjen var vi sendt inn i eit rom for å ta lytteprøve, og etter den var ferdig skulle ein visstnok berre gjere ferdig resten.

Den skriftlege delen var berre på arabisk og hadde fem deler: (1) Lytteprøve med spørsmål, (2) merk av ordet som passar, (3) enkel tekst med fire spørsmål, (4) 2-siders artikkel med mange spørsmål og til slutt (5) skriving av ein liten tekst + skildring av eit bilete.

Sidan testen berre skal plassere deg på eit visst nivå og difor må omfatte alle nivå, so føler ein seg ikkje akkurat spesielt flink. Det var vanskeleg å sjå utifrå testen korleis ein skulle måle lågare nivå. Det hadde òg hjulpe om det hadde vore ei forklaring om korleis testen skulle gjennomførast.

Den munnlege delen var derimot ganske grei. Der skulle berre ein ha enkel samtale om forskjellige enkle tema. Ein kunne likevel fått litt informasjon om korleis det gjekk føre seg og kor lang tid det ville ta slik at ein slapp stå i kø i eit par timar.

Kva nivå ein har kome på sjølv får ein ikkje vite før eit par dagar etterpå. Det vart sagt i gangane at ein kunne gå opp (og sikker ned) eit nivå dersom ynskte det.

Advertisements
kommentarar
  1. pernille myrvold seier:

    Erfaring… erfaring … erfaring … ikke alltid så behagelig, men veldig lærerikt å oppleve hvordan ting foregår andre steder rundt omkring i verden 🙂 Placement tester kan ende med at man blir feilplassert, som Magnus Eriksen påpeker: ble selv satt på øverste gruppe i dialekt en gang i sin tid, ikke fordi jeg kunne dialekt, men fordi jeg kunne snakke MSA med korrekt grammatikk, og da ble det sagt at dialekt var a piece of cake… Ikke enig, men fikk ikke begynne i begynnerklassen uansett hva jeg sa! Og dessverre lærte jeg veldig lite fordi jeg ikke forstod noe… og var for ung og uerfaren til å insistere på bytte… Det er vel slik der er… men ikke gi opp ! Lykke til, P

  2. Magnus seier:

    Å gi opp er ikkje ein del av planen. Blir spennande å sjå kvar ein hamnar, for det var veldig vanskeleg å sjå utifrå testen. Det verka ikkje som den ville klare å fange opp dei som har mykje grammatikk/lite vokabular. Litt vanskeleg å svare på 12 sider med tekst og spørsmål på arabisk på to timar når ein ikkje forstod godt over halvparten av orda. Eg håpar på å kome på level 3 førebels. Pre-intermediate kallar dei det. 1-2 er beginner. Trur det skal vere noko midt mellom det å kjede seg og det å ikkje forstå noko. Meir fokus på samtale. Er òg spent på korleis undervisninga er lagt opp. Den byrjar i morgon tidleg og for fullt på torsdag. Det kan verke som det er mogleg å bytte level dersom ein vil, men eg er ikkje 100% sikker på det før i morgon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s