Innlegg merkte med ‘WEst Bank’

Etter ein ide av Israel sin høgre-ekstreme utanriksminister, Avigdor Lieberman, skal no alle ambassadane til Israel henge opp eit kjend bilete frå 1941 av Hitler og stormuftien av Jerusalem, Hajj Amin al-Husseini. Dette skriv den britiske avisa The Independent. Grunnen til dette skal vere å minske kritikk om utviding av ulovlege israelske busettingar på Vestbreidda. Israelske diplomatar er derimot uroa for at bilete heller skal gjere vondt verre.

Ein israelsk diplomat har påpeika so har biletet ingenting med utvidinga av busettingane å gjere. Det verkar heller som Lieberman likar samanstille palestinarane med nazistane og dimed spele på Holocaust og heller vise til Hitler framfor å kome med saklege argument. At det er nettopp Lieberman som er mannen bak dette stuntet er ikkje spesielt overraskande med tanke på tidlegare utsegn der han støttar etnisk rensing og vil kaste ut alle israelske arabarar frå Israel. Om Lieberman vil tvinge fram møtet mellom Husseini og Hitler, kan ein svare med ein liknande og like relevant mynt og minne om møtet mellom SS og Haganah i 1937, då sjølvaste Adolf Eichmann (som vart dømt til døden og hengd i Israel i 1961) prøvde å få Hagana til å hjelpe til med deportering av jødar til Palestina. Kanskje ein kan henge opp eit bilete av det om det fins eit. Det må nesten nemnast at dei møtte ein Hagana-agent i Kairo, Feival Polkes, og berre la fram planane sine utan at det skjedde so særleg mykje meir.

Hajj Amin al-Husseini er ein ganske interessant historisk person som er verdt å lese meir om, spesielt  om det noko turbulente og ikkje alltid like vennlege forholdet mellom han og Abdullah I av Jordan.

Elles har israelske styresmakter fjerna ordet al-nakba, katastrofe, frå ein setning i skulebøkene til israelsk-arabiske born mellom åtte og ni år. Ordet er som kjend det arabarane brukar om krigen i 1948 og opprettinga av Israel. Setninga som vart endra er i følgje BBC slik:

«The Arabs call the war the Nakba – a war of catastrophe, loss and humiliation – and the Jews call it the Independence War.»

Grunnlaget for fjerninga av ordet, som har vore i bøkene sidan 2007, var i følgje israelske styresmakter det var ingen til at nokon stat skulle presentere grunnlegginga si som eit holocaust eller ein katastrofe. Hebraiske skulebøker skal i tillegg vere forskjellige frå dei arabiske og legg stor vekt på jødiske heroisme og dyssar ned historia om palestinske flyktningar.

Advertisements

Siste nytt frå krigen i Gaza er at Hamas har erklært våpenkvile, nokre timar etter at Israel gjorde det same. Fokuset på Gaza har vore enormt sidan romjula og noko av det som har frustert media mest er at Israel ikkje slepp journalistar og liknande inn på Gaza-stripa. Det vi derimot ikkje har høyrd mykje om er Vestbreidda. Rett nok finn krigen stad i Gaza, men som ein del av dei okkuperte områda er det litt overraskande at ein har høyrd lite om og frå Vestbreidda sidan krigen starta. Det er litt merkeleg at nesten ingen reportarar eller journalistar har vitja Vestbreidda sidan det har gått tre veker og  ingen av har fått tilgong til Gaza-stripa. Det gjeld i stor grad norske media sidan det er ganske vanskeleg å få ei god nok oversikt over internasjonale media. Det var difor eg vart glad for å sjå denne artikkelen i Bergens Tidende i dag:

– Vi orker ikke en ny intifada

Når det gjeld internasjonale media har det heller ikkje vore ei særleg stor dekning av kva som skjer på Vestbreidda og korleis innbyggarane der har reagert. Det meste av nyhende frå Vestbreidda er at skilje mellom Vestbreidda og Gaza sannsynslegvis blir endå større som ei følgje av krigen. Al Jazeera har hatt eit par reportasjar og artiklar derifrå:

– West Bank despair over Gaza assault