Innlegg merkte med ‘Saudi-Arabia’

Masteravhandlinga i historie eg har streva med dei siste åra er no tilgjengeleg på BORA, Bergen Open Research Archive:

Grenser i det grenselause – Opprettinga av Transjordan sine ørkengrenser (pdf)

Avhandlinga fokuserar for det meste på grensene som vart etablert mellom eit nyoppretta emiratet Transjordan og det raskt ekspanderande Nejd under Ibn Saud, grunnleggaren av Saudi-Arabia. Perioden eg har tatt føre meg er i hovudsak 1921-1925 der hovudtrekka til grensene kjem i stand. Strida om grensene står i byrjinga mellom Transjordan og Nejd i Wadi Sirhan, ei handelsrute mellom Syria og Arabia, mellom Transjordan og Hijaz i Akaba-området, og mellom Hijaz og Nejd. I tillegg har eg ei raskare oppsummering fram til 1965 då problema 1925-grensene hadde ført med seg får ei løysing. Grenseavtalen av 1965 vart av Richard Schofield, ein historisk geograf, kalla «the most imaginative territorial settlement yet concluded within the Arabian peninsula/Gulf region.» Denne prosessen tok derimot over 40 år og er ein av dei meir ukjende/gløymde grensekonfliktene i Midtausten.

Formingsåra 1921-1925 tar føre seg eit slags samspel mellom Transjordan (kong Abdullah), Nejd (sultan Ibn Saud og wahhabirørsla), Hijaz (kong/sharif Hussein og kong Ali) og til slutt Storbritannia og dei forskjellige britiske departementa (WO, FO, IO og CO).

————–

My Master thesis on the establishment of borders between Transjordan and the future Saudi Arabia is now available online. Just press the pdf link above. The thesis is written in Norwegian, but if you are interested there is a short (and very hastily written) summary in English inside. Most of the quotes are in English also.

Advertisements

I går kunne ein lese i Aftenposten at heile Hijazbana no skal opnast for turistar og andre:

Til Mekka på første klasse?

The Hijaz Train StationTogstasjonen i Damaskus

Dette er langt på veg på tide. Jarnbana vart aldri skikkeleg gjenbygd etter at Lawrence of Arabia og venene hans sprengde store delar den under første verdskrig. Sidan då har det i tillegg vore svært lite trafikk på denne berømte jarnbanestrekka. Til no har det berre vore to delar av bana som har vore i bruk. Strekka mellom Amman og Damaskus og strekka mellom Ma’an og kystbyen Aqaba. Amman-Damascus har vore open for passasjertrafikk, men dette tilbodet skal vere svært treigt alternativ til taxi (tog: ni timar, taxi: tre timar) i tillegg til at ein må byte tog på grensa til Syria. Ma’an-Aqaba har for det meste godstogtrafikk.

I følgje Wikipedia skal det ha vore gjort forsøk på å opne opp bana att sør for den jordansk-saudiske grensa på midten av  60-talet, men på grunn av seksdagarskrigen i 1967 vart ikkje dette noko av. Grunnen til at ein ikkje prøvde å opne opp bana før 60-talet var at grensa mellom Jordan og Saudi-Arabia i området der Hijazbana gjekk,  ikkje var avtalt og at denne var forbode å krysse. Saudi-Arabia hadde til og med lagt krav på store delar av sør-Jordan (Aqaba og Maan). Dette ordna seg i 1965 då båe partar fekk i stand ein grensebyteavtala som forma grensene slik vi kjenner dei i dag. Det var sikkert som ei følgje av denne at dei prøvde å opne den opp att.

Jordan Times hadde ein artikkel om jarnbana for nokre veker sidan: Initiative to place Hijaz Railway on tourism map. I august i år var det forresten 100-årsjubileum for jarnbana, eller nærmare sagt 100 år sidan bana og det første toget med pilegrimar nådde Medina. Dette skjedde åtte år etter byggestart.

Eg vil takke Per A. Christiansen, Midtausten-korrespondenten til Aftenposten stasjonert i Amman, for ein interessant artikkel som alltid. Men eg vil likevel ønskje han velkomen etter sidan eg skreiv om akkurat dette på bloggen min allereie i april i år på bakgrunn av ein artikkel i Jordan Times. Eg håpar verkeleg at Hijazbana blir gjenopna, og om den blir det, kjem det til å vere ei togreise eg gjerne vil ta. Sidan eg ikkje er muslim kjem eg ikkje inn i korkje Mekka eller Medina, men på vegen dit ligg Mada’in Saleh.

I følgje denne artikkelen i The Independent er den dyraste og mest ettertrakta geita i verda den nejdiske geita. Det vil seie ei geit som kjem frå Nejd, ein region i Saudi-Arabia som landet har sitt opphav i og som eg for tida brukar mykje tid å lese og skrive om. Av den grunn var det interessant å lese om regionen sitt fantastiske geiterykte.

Det vart nemleg nyleg arrangert ei venleikstevling for geiter i Riyadh, hovudstaden i Saudi-Arabia. Tidlegare i år vart den velkjende tevlinga for mest tiltalande kamel halden nettopp her. Dimed blir Riyadh plassen ein vil dra til dersom ein vil skaffe seg ei nejdisk geit, men billige er dei ikkje. Ei av desse ettertrakta geitene kostar rundt £16.500, og det er ikkje medrekna frakt.

Dei aller fleste geitene i denne tevlinga stammar frå ein bestemt geitebukk, råtassen Burgan (som tyder «vulkan»). Burgan skal i følgje eigaren skilje seg ut frå dei andre geitebukkane og i tillegg vere historisk sidan han faktisk skal ha bidratt med å utvikle denne spesielle geiterasen frå Nejd. Vinnaren av tevlinga var Ibn Burgan, det vil seie ein av dei sikkert mange sønene hans. Burgan sjølv tok ikkje del i tevlinga sidan eigarane frykta at han skulle bli hardt ramma av det «vonde auget«.

Slike type fesjå for vakre dyr er likevel ikkje berre fryd og gammen. Førre november fordømde ein høgareståande islamsk autoritet i Saudi-Arabia kåringane av mest tiltalande kamelar. Han meinte at slike tevlingar var rett og slett vonde og dei som var med på slikt burde be om tilgjeving frå Gud.

Jordan Times skriv 17. april at Jordan, Syria og Saudi-Arabia har vorte samde om å gjennomføre ei sams studie for å sjå om det er mogleg å  ta i bruk Hijaz-jarnbana att. I følgje avisa skal studia utførast i løpet av dei neste vekene. Avtalen kom som ei følgje av eit møte onsdag mellom dei tre statane sine transportministrar der temaet var jarnbanesamband. Jordan sin transportminister Alaa Batayneh fortel at jarnabana er gamal og utdatert og at den difor må reparerast for å nå opp til internasjonale jarnebanestandardar.

Hijaz-jarnbana vart bygd av Det osmanske riket i 1908 og gjekk frå Damaskus til Medina. Jarnbana vart i stor grad øydelagd under den første verdskrigen av dei allierte. T. E. Lawrence (av Arabia) saman med sine arabiske allierte sprengde fleire tunnelar, bruer og tog for å isolere dei osmanske styrkane som var stasjonert i Medina. Etter krigen vart berre delar av jarnbana gjenoppbygd og då i hovudsak for godstransport.

I følgje Batayneh er bana framleis i bruk mellom Amman og Damaskus og transporterar passasjerar og gods mellom desse. Dette skal vere ein langsam og ukomfortabel tur der ein i tillegg må bytte tog ved den syrisk-jordanske grensa. Taxi mellom Damaskurs og Amman er førebels enklare, meir komfortabelt og mykje raskare.

Batayneh la i tillegg til at Irak sannsynlegvis vil ta opp ideen om eit jarnbanesamband med Jordan og Syria. Eit slikt jarnbanesamband er foreslått før og var med på å forme grensene i det moderne Midtausten. Ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var ein del av Storbritannia sin store draum om ei jarnbane frå Calais til Calcutta på byrjinga av 1900-talet. Jarnbana vart aldri bygd, men ideen om den var ein av grunnane til at Jordan har ei grense mot Irak og at Haifa og Akko ligg i Nord-Israel i staden for Libanon. Meir om den kan du lese i «Jarnbaner og engelske beduinstammar» og «The Hijaz Train Station«.

Personleg vonar eg at denne historiske jarnbana skal få eit nytt liv, men som mange andre foreslåtte prosjekt i Midtausten bør det takast med i klype salt. Det store prosjektet med å byggje ein kanal frå Raudehavet til Daudehavet er framleis stranda i startgropa. Jordan og Syria er heller ikkje særleg rike statar, men med Saudi-Arabia med på laget skal ein ikkje ta noko for gitt. Om jarnbana blir reparert har eg lyst til å ta turen, i alle fall so langt sør som Akaba.

Medan eg las ein omtale av sjølvbiografien til Harry StJ. B. Philby (of Arabia), ein viktig mann med tanke på Storbritannia si rolle i Midtausten etter den første verdskrigen, kom eg over ei lita historie om Kabaen i Mekka:  

På byrjinga av 500-talet sat den kristne keisaren Ella Asbeha i Etiopia og irriterte seg over ein massakre på kristne martyrar i Najran, som no ligg sør i Saudi-Arabia. For å hemne seg reiste han over Raudehavet til Jemen med ein hær og førte krig mot dei som skulle ha stått bak. Nokre år seinare hadde ein annan etiopisk keisar tatt over og hadde sett ein visekonge, Abreha, som guvernør av Jemen. Abreha var ein kristen mann som mellom anna hadde bygd ei kyrkje i Sana. Som ein kristen irriterte han seg over heidenske pilegrimar som valfarta til Mekka og ville difor setje ein stoggar for dette. Han samla dimed saman tretten elefantar og drog for å øydeleggje Kabaen, den heilage svarte steinen, som var svært heilag òg i førislamsk tid. Voktarane av Kabaen var Quraysh-stammen, stammen til Muhammad, som seinare ville bli Gud sitt sendebod. Voktarane var ikkje særleg glade i elefantar og flykta difor då Abreha kom. No stod ingenting mellom Abreha og den svarte steinen, med unntak av ei lite mirakel. Då visekongen nærma seg steinen nekta elefanten han rei på å gå vidare og sette seg i staden for ned. Dimed var visstnok Kabaen redda. Moralen her i vår vise er at elefantar er eit dårleg val dersom ein ynskjer å øydeleggjer heilage steinar.