Innlegg merkte med ‘Quraysh’

Medan eg las ein omtale av sjølvbiografien til Harry StJ. B. Philby (of Arabia), ein viktig mann med tanke på Storbritannia si rolle i Midtausten etter den første verdskrigen, kom eg over ei lita historie om Kabaen i Mekka:  

På byrjinga av 500-talet sat den kristne keisaren Ella Asbeha i Etiopia og irriterte seg over ein massakre på kristne martyrar i Najran, som no ligg sør i Saudi-Arabia. For å hemne seg reiste han over Raudehavet til Jemen med ein hær og førte krig mot dei som skulle ha stått bak. Nokre år seinare hadde ein annan etiopisk keisar tatt over og hadde sett ein visekonge, Abreha, som guvernør av Jemen. Abreha var ein kristen mann som mellom anna hadde bygd ei kyrkje i Sana. Som ein kristen irriterte han seg over heidenske pilegrimar som valfarta til Mekka og ville difor setje ein stoggar for dette. Han samla dimed saman tretten elefantar og drog for å øydeleggje Kabaen, den heilage svarte steinen, som var svært heilag òg i førislamsk tid. Voktarane av Kabaen var Quraysh-stammen, stammen til Muhammad, som seinare ville bli Gud sitt sendebod. Voktarane var ikkje særleg glade i elefantar og flykta difor då Abreha kom. No stod ingenting mellom Abreha og den svarte steinen, med unntak av ei lite mirakel. Då visekongen nærma seg steinen nekta elefanten han rei på å gå vidare og sette seg i staden for ned. Dimed var visstnok Kabaen redda. Moralen her i vår vise er at elefantar er eit dårleg val dersom ein ynskjer å øydeleggjer heilage steinar.

Advertisements