Innlegg merkte med ‘Per A. Christiansen’

Etter førti år med okkupasjon av Vestbreidda og Gaza held Israel framleis tradisjonen om å svare på eld med meir eld i hevd. At det snarare har vorte verre på Gazastripa enn betre ser ikkje ut til å ha endra stort på taktikken. Det at amerikanske styresmakter støttar Israel til det fulle og legg all skulda på Hamas er so innlysande at eg eigentleg ikkje treng skrive den ein gong. Det same gjeld for at alt det Israel drep frå no av kjem til å vere vonde terroristar og at alle sivile dødsfall, same kor mange det er, kjem til å omtalt med eit skuldertrekk og eit «synd, men slikt skjer i krig» (i alle fall so lenge det ikkje er snakk om israelske dødsfall).

Aftenposten sin Midtaustenkorrespondent, Per A. Christiansen, har skrive ei lita analyse so langt: «Forsøk på nødløsing«. Harald Stanghelle i Aftenposten har seinare skrive ein artikkel om konflikta sitt vidare omfang, «Ekstremismens triumf» (6.1), og om media si rolle i «Kampen om virkeligheten» (8.1).

Det er ikkje mykje ein eigentleg kan seie, men eg tykkjer det passar å sitere den tidlegare amerikanske presidenten Dwight D. Eisenhower:

Every gun that is made, every warship launched, every rocket fired signifies, in the final sense, a theft from those who hunger and are not fed, those who are cold and not clothed. This world in arms is not spending money alone. It is spending the sweat of its laborers, the genius of its scientists, the hopes of its children. This is not a way of life at all in any true sense. Under the cloud of threatening war, it is humanity hanging from a cross of iron.

Advertisements

I går kunne ein lese i Aftenposten at heile Hijazbana no skal opnast for turistar og andre:

Til Mekka på første klasse?

The Hijaz Train StationTogstasjonen i Damaskus

Dette er langt på veg på tide. Jarnbana vart aldri skikkeleg gjenbygd etter at Lawrence of Arabia og venene hans sprengde store delar den under første verdskrig. Sidan då har det i tillegg vore svært lite trafikk på denne berømte jarnbanestrekka. Til no har det berre vore to delar av bana som har vore i bruk. Strekka mellom Amman og Damaskus og strekka mellom Ma’an og kystbyen Aqaba. Amman-Damascus har vore open for passasjertrafikk, men dette tilbodet skal vere svært treigt alternativ til taxi (tog: ni timar, taxi: tre timar) i tillegg til at ein må byte tog på grensa til Syria. Ma’an-Aqaba har for det meste godstogtrafikk.

I følgje Wikipedia skal det ha vore gjort forsøk på å opne opp bana att sør for den jordansk-saudiske grensa på midten av  60-talet, men på grunn av seksdagarskrigen i 1967 vart ikkje dette noko av. Grunnen til at ein ikkje prøvde å opne opp bana før 60-talet var at grensa mellom Jordan og Saudi-Arabia i området der Hijazbana gjekk,  ikkje var avtalt og at denne var forbode å krysse. Saudi-Arabia hadde til og med lagt krav på store delar av sør-Jordan (Aqaba og Maan). Dette ordna seg i 1965 då båe partar fekk i stand ein grensebyteavtala som forma grensene slik vi kjenner dei i dag. Det var sikkert som ei følgje av denne at dei prøvde å opne den opp att.

Jordan Times hadde ein artikkel om jarnbana for nokre veker sidan: Initiative to place Hijaz Railway on tourism map. I august i år var det forresten 100-årsjubileum for jarnbana, eller nærmare sagt 100 år sidan bana og det første toget med pilegrimar nådde Medina. Dette skjedde åtte år etter byggestart.

Eg vil takke Per A. Christiansen, Midtausten-korrespondenten til Aftenposten stasjonert i Amman, for ein interessant artikkel som alltid. Men eg vil likevel ønskje han velkomen etter sidan eg skreiv om akkurat dette på bloggen min allereie i april i år på bakgrunn av ein artikkel i Jordan Times. Eg håpar verkeleg at Hijazbana blir gjenopna, og om den blir det, kjem det til å vere ei togreise eg gjerne vil ta. Sidan eg ikkje er muslim kjem eg ikkje inn i korkje Mekka eller Medina, men på vegen dit ligg Mada’in Saleh.

I år er det, som mange veit, 60 år sidan staten Israel vart etablert. Dette var å lese i Aftenposten 14. mai 1948:

«Den jødiske stat, hvis navn er Israel, ble proklamert i dag. Den nye stat er i øyeblikket omgitt av piggtrådsperringer, dens hær er på marsj for å møte en ventet invasjon, dens viktigste by er mørklagt, og folket er blitt advart mot flyangrep. Seremonien ved proklameringen var kort. Statsminister David Ben Gurion leste proklamasjonen, og deretter ble den undertegnet av den jødiske regjerings medlemmer.»

I samanheng med jubileumsåret kom ein av Israel sine «nye historikarar«, Benny Morris, i vår ut med ei ny bok om akkurat 1948 og den første arabisk-israelske krigen. Boka heiter enkelt og greitt 1948: A History of the First Arab-Israeli War. Per A. Christiansen, Midtaustenkorrespondenten til Aftenposten, skriv om denne boka og forventingane til den i artikkelen «Historikerstriden som uteble».

Christiansen skriv òg litt om historieskriving og Israel sine nye historikarar,  som han skriv «ikke har annet til felles enn at de var ferdig utdannet og i ferd med å starte sitt akademiske virke nettopp da Israel åpnet deler av sine arkiver fra perioden omkring 1948.» Dei nye historikarane var dei historikarane som byrja å utfordre mytane og dei etablerte oppfatningane kring etableringa av Israel. Benny Morris er ein av dei mest kjende av desse, saman med Ilan Pappé, Avi Shlaim, Tom Segev.

1948 er eit problematisk år på fleire måtar og er som sagt gjenstand for mange mytar. Ein av desse mytane om den israelske David og den arabiske Goliat, der eit militært underlegent Israel kjempa mot dei talmessig overlegne arabiske hordane. Dette viste seg snarare å vere omvendt, der det var Israel som var den overlegne part, både militært, talmessig og strategisk. Men dette er ikkje noko nytt. Christiansen skriv om er mellom anna at «mens faghistorikerne stort sett er enige om hva som skjedde, krangler de så akademikerbusta fyker om hva som var de stridende parters planer, vurderinger og beveggrunner.»

Eit døme på slik krangling er ei bok av ein Ilan Pappé, The Ethnic Cleansing of Palestine. Denne boka går ganske langt i å hevde at det som gjekk føre seg i 1948 var, etter dagens standardar, ikkje noko annan enn etnisk rensing frå israelarane si side. Pappé argumenterar for at sionistane og Israel gjekk inn for å etnisk rense store delar av Palestina for arabarar for å sikre ein jødisk majoritet i den nye staten. Det å skape «fakta på bakken». Det som vart Israel sine grenser etter krigen dekka eit større område enn det jødane hadde vorte tildelt i delingsplanen til FN, som igjen hadde dekka område der jødane berre vart ein knapp majoritet. Pappé skriv at dersom 1948 hadde hendt i dag kunne det berre vorte kalla etnisk rensing og samanliknar metodane israelarane brukte med hendingane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet.

Sjølv om 1948 var året Israel vart erklært etablert varte krigen mellom Israel og deira arabiske naboland til 1949. Samstundes er det òg viktig å peike på at det herska den borgarkrigsliknande tilstanden som herska i britisk Palestina etter at delingsplanen til FN vart lagt på bordet i 1947.

Av norske bøker som tar for seg 1948 kan eg trekke fram Odd Karsten Tveit si Alt for Israel, der han trekker fram kva rolle Noreg og nordmenn spelte i området. To andre norske bøker som omhandlar er dei to korrespondanseskildringane til Albert Henrik Mohn; Araberne og Palestina og Frontlinjer mellom Øst og Vest: Øst-Tyskland, Hellas, Israel.

Aftenposten har ei samleside om Israel-Palestina-konflikta der dei mellom anna har lagt opp fleire gamle artiklar som var å lese i Aftenposten i 1948.