Innlegg merkte med ‘Norway’

Kong Abdullah II i Noreg

Posta: Tysdag, 15 juni, 2010 under Articles
Stikkord:, , , ,

Den jordanske kong Abdullah II er for tida på eit todagars statsbesøk i Noreg. Han var måndag på middagsbankett på slottet med kong Harald og dronning Sonja. Han skal i tillegg ha samtalar med Jens Stoltenberg i dag tysdag om det ikkje akkurat overraskande temaet fred og stabilitet i Midtausten og bilaterale band. Dette er eit tema kongen ofte har samtalar om kvar enn han no er eller besøker.

Noreg og Jordan har ikkje eigentleg nokon sterke bilaterale band, men eit viktig bilateral band mellom er Norsk Folkehjelp sitt landmineryddeprogram i Nord-Jordan.

Besøket i Oslo er ein del av ein rundtur kong Abdullah II er på der han har vore innom USA, Storbritannia og Sverige.

Det er den jordanske engelskspråklege avisa Jordan Times som melder dette. Avisa følgjer kong Abdullah II rundt i verda og er ofte fylt med kvar kongen har vore og kven han har snakka med. I følgje journalisten Randa Habib kan informasjon om kongen og kongefamilien i Jordan berre kome frå offisielle kunngjeringar, noko som i stor grad fører til keisame oppramsingar i avisene. Medan statsbesøk i Jordan ofte er gjeve litt vel stor plass i Jordan Times framfor andre nyhende er det overraske lite dekning av statsbesøk i Noreg, med mindre nokon særs viktige personar kjem innom landet.

I følgje ein artikkel på aftenposten.no ynskjer Frp å flytte den norske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. Grunnlaget for denne påstanden er ein veljarguide sett saman av ein ny organisasjon kalla Kristenfolket, som har stilt fleire spørsmål til «samtlige ikke-sosialistiske kandidater». Eit av desse spørsmål er:

3. Vil du støtte flytting av den norske ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem i kommende periode?

Av svara dei fekk frå Frp sa 94% ja til ei slik flytting (mot 83% frå Krf). Av dei som svara ja var mellom anna partileiar Siv Jensen og Frp sin utanrikspolitiske talsmann Morten Høglund, som fekk eit lite pluss i boka av meg etter å ha vitja Gazastripa tidlegare i år. Høglund uttalar til Aftenposten at ei slik flytting er Framstegspartiet si prinsipielle haldning, men at dei har respekt for at det heile er omstridd og at ein må gå varsamt fram. Høglund reservera seg samstundes og legg til at ei flytting vil skje, men ikkje før situasjonen er moden for det. Høglund svara likevel ja til å Kristenfolket sitt spørsmål om å flytte ambassaden i kommande periode, noko som vil seie innan dei neste fire åra. Slik eg ser det er det lite truleg at situasjonen vil modnast nok til eit slikt ekstremt steg på so kort tid. Høglund sitt ja var kanskje mynta på ei flytting «før eller seinare» og kanskje etter at statusen til Jerusalem er slått fast i endelege fredsforhandlingar og/eller liknande, men då å svare ja på at det skal skje i kommande periode viser berre lite innsyn og dårleg dømmekraft.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre reagerar kraftig mot dette og karakteriserar det som «et standpunkt som vil være ekstremt i internasjonal politikk», noko eg seie meg heilt einig i. Med eit lite unntak av International Christian Embassy, er det ingen andre ambassadar å finne i Jerusalem, det einaste ein finn elles er generalkonsulata til Hellas, Italia og USA. (Ei oversikt over utanlandske ambassadar i Israel finn ein her).

Ei slik flytting vi slik Støre seier vere «en aksept av israelsk okkupasjon» av dei palestinske områda. Dette vil òg vere ein overraskande og, slik eg ser det, ein ganske tåpeleg åleinegang av Noreg som vil føre lite positivt med seg og heller øydelegge rolla Noreg forsøker å spele som ein nokolunde nøytral part. Støre påpeikar mellom anna at ikkje ein gong George Bush den yngre valde ei slik løysing, trass i at den amerikanske kongressen i 1995 under Clinton vedtok Jerusalem Embassy Act som slo fast at «Jerusalem should be recognized as the capital of the State of Israel; and the United States Embassy in Israel should be established in Jerusalem no later than May 31, 1999«. Sjølve flyttinga er derimot utsett gjentatte gongar av den amerikanske presidenten, trass i at Israel og USA har vorte einige om ei potensiell plassering av ambassaden i Jerusalem.

Ei flytting vil i tillegg stri med FN sine gjentatte vedtak, men no er ikkje Frp den største tilhengaren av verdsorganisasjonen av norske parti. Men sjølv om Frp vinn valet i september tvilar eg på at dette er noko anna enn berre prat og veljarfrieri (det vil seie med mindre det blir ei Frp-Krf-regjering, noko som ikkje er særleg sannsynleg).

Heilt sidan Israel vart etablert i mai 1948 har Noreg vore ein av deira sterkaste støttespelarar. Eit døme på dette er at Noreg mellom anna selde 20 tonn tungtvatn til Israel tidleg på 1960-talet. Kritikk mot Israel var ikkje like vanleg på 1960-talet som det er i dag. Det var først etter krigen mot Libanon 1978-1985[2000] at store delar av opinionen i Noreg byrja å snu.

Seksdagarskrigen i juni 1967 fekk likevel Solialistisk Folkeparti, seinare SV, til å byrje å tenke seg om. Partiet sin utanrikspolitiske ekspert, Erik Nord, var mellom anna ein av dei som hadde pressa på for at Israel skulle bli tatt opp i FN snarast mogleg nesten 20 år tidlegare. Partiet hadde før krigen vorte spørt om dei kunne vedta ein støtteresolusjon for Israel, men då krigen byrja oppfordra partiet berre partane om å søke ei fredleg løysing. SF sin ungdomsorganisasjon, SUF (Sosialistisk Ungdomsfylking), valde som dei fleste ungdomsparti, litt krassare ord og kritiserte mellom anna den proisraelske haldninga til norsk presse.

I mai 1968 kom utanriksminister til Israel, Abba Eban, til Oslo for å feire at Israel var 20 år. Dette skulle feirast i Universitetets Aula, og dei meir militante ungdommane i SUF bestemde seg for å aksjonere. Blant desse var noverande rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, som då var nyvald leiar for SUF (1968-69). Haakon Lie, som i 1968 var partisekretær i Arbeiderpartiet og Israelven, var derimot òg til stade. (Lie var då svært proisraelsk og hadde mellom anna vore med som krigskorrespondent då Israel tok gamlebyen i Jerusalem i 1967, og han var den første utlendingen som rørte Vestmuren (klagemuren) etter at byen var tatt.) Dette skal ha skjedd då Lie fekk auge på Grønmo under feiringa:

«Et tredvetall norske Palestinaaktivister blandet seg med publikum. Noen hadde rullet sammen transparenter under yttertøyet. Andre hadde med seg pamfletter. Haakon Lie hadde fått vite at det kunne bli en demonstrasjon, og da han kjente igjen den nye formannen i SUF, Sigmund Grønnmo [sic], satte sekretæren i Arbeiderpartiet seg på stolen bak ham.

På signal reiste demonstrantene seg da Abba Eban gikk på talerstolen. Haakon Lie forsøkte fysisk å holde Grønnmo nede. Men det var mange andre som rullet ut transparenter. De fleste i Aulaen satt som lamslåtte. Men Haakon Lie og noen andre, blant dem Jens Chr. Hauge, klarte å rydde salen for uromakerene.«

Arbeiderbladet skreiv mellom anna dette om aksjonen dagen etterpå:

«Det underlig at sosialister som vil regnes for å være særlig radikale, demonstrerer mot en stat som ble opprettet for å gi et fristed til et forfulgt folk. Vi skulle gjerne vite hva Karl Marx, Rosa Luxemburg og Leo Trotskij – alle av jødisk avstamning – ville ha sagt om denne form for agitasjon.«

Til tross for denne aksjonen var det få som bytta side i konflikta og støtta Fatah i staden for Israel. Det var stort sett berre personar langt ut på venstrefløyen, og dei fleste gjorde dette fordi det var maoistar med i Fatah. Aksjonane hadde dessutan lite innverknad på politikken i Noreg.

Denne historia er henta frå Odd Karsten Tveit si bok Alt for Israel frå 1996. Båe sitata er henta frå same bok, side 395-396.

——–

Dagbladet Magasinet på Nett har forresten publisert ein god artikkel av Astrid Meland om då venstresida støtta Israel og korleis dette seinare endra seg.