Innlegg merkte med ‘Libya’

Byllepest i Libya

Posta: Sundag, 21 juni, 2009 under Articles
Stikkord:, , , , , , , , ,

Det er i følgje BBC rapportert om utbrot av byllepest i Tubruq i Libya (der mange slag stod under andre verdskrig), nær den egyptiske grensa. Ein person skal vere død med to andre skal ha fått behandling og dinest sendt heim. 10 andre personar hadde ikkje byllepest slik ein tidlegare hadde frykta. Verdas helseorganisasjon (WHO) har sendt ein ekspert til Libya for å sjå nærmare på utbrotet.

Byllepest er enklare å handtere i dag enn då den tok namnet Svartedauden midt på 1300-talet. Dersom ein diagnostisera pesten tidleg, kan den bli behandla med antibiotika. Byllepest er visstnok framleis vanleg i sør for Sahara og har òg vore rapportert i nokre asiatiske land i tillegg til USA. Utbrotet i Libya er det første på 25 år dersom det blir stadfesta.

Advertisements

Mauritania er eitt av berre tre land i den arabiske liga som har anerkjend og oppretta diplomatiske relasjonar med staten Israel. Dei to andre er Egypt og Jordan. Den mauritanske regjeringa har  derimot no bedt Israel om å pakke sakene sine og dra. Mauritania fraus relasjonane til Israel i januar som protest mot krigen i Gaza og sendte heim den mauritanske ambassadøren i Israel. Israel fekk 48 timar på å pakke saman og har no stengt ambassaden.

Dette fann stad nokre dagar før Muammar Gadafi av Libya kjem på statsbesøk til Mauritania. Gadafi har tidlegare bedt om kutte dei diplomatiske relasjonanen til Israel. Mauritania gjekk mellom anna gjennom eit militærkupp i august i fjor.

Midtausten og Nord-Afrika

Elles har Marokko brote relasjonane med Iran grunna noko ein tidlegare iransk innanriksminister har sagt om Bahrain, som han har hevda har vore Iran sin 14. provins og at dei hat eit sete i det iranske parlamentet.

Here are two interesting reports from Human Rights Watch:

– Shutting Out the Critics – Restrictive Laws Used to Repress Civil Society in Jordan

– Flooding South Lebanon – Israel’s Use of Cluster Munitions in Lebanon in July and August 2006

Here is also a small overview of the situation of human rights in Libya: Rights at Risk