Innlegg merkte med ‘Krak des Chelvaiers’

I følgje Jordan Times skal arkeologar ha funne det dei trur er den første kyrkja i verda i Rihab i Mafraq, Jordan. Kyrkja skal vere frå mellom år 33 og 70 evt, og ligg under kyrkja St Georgeous, ei kyrkje frå 230 evt som er sett på som den første «ordentlege» kyrkja i verda. I følgje ein av arkeologane, Abdul Qader Hussan, skal kyrkja ha husa dei tidlege kristne, 70 disiplar som flykta frå Jerusalem grunna forfølgingar. Desse 70 disiplane flykta til nord i Jordan og praktiserte religionen sin i løynd i denne nyleg utgravne underjordiske kyrkja. Dette skal dei ha gjort til dess romarane tok til seg kristendomen. På denne tida vart St. Georgeous bygd.

Dette minnar meg om eit kloster eg vitja i Syria i fjor haust (biletet over). Klosteret ligg nært den kjende krossfararfestningen Krak des Chelvaiers, som ein kan sjå frå klosteret. Klosteret har tre små kyrkjer. Desse tre småkyrkjene ligg på forskjellige plan i klosteret. Den nyaste ligg på bakkeplan inne i klosteret, medan dei to eldre ligg under bakken. Ein innehavar av klosteret guida oss gjennom dei to eldre kyrkjene som eigentleg var låste. Det var ei underleg kjensle å å gå lengre og lengre under bakken medan alt omkring ein vart eldre og eldre. Den eldste kyrkja var òg den enklaste og mest spartanske. Kyrkjene var i stor grad restaurerte.

———————————————————————————

Dei største aktørane innan norsk presse, m.a. Aftenposten, NRK og Dagbladet, plukka opp saken ei veke seinare. Det er lagt ved fleire bilete frå kyrkjene i artikkelen til Aftenposten som er verdt å sjå gjennom. Andre og mindre aviser, som til dømes Vårt Land, fekk det med seg litt før, kanskje av meir naturlege grunnar.