Innlegg merkte med ‘Journalisme’

[W]riting is one of the crafts which help society to live … now perfection in the crafts is relative … hence imperfection in writing is due not to lack of religion or morals but to economic and social causes.

Ibn Khaldun, 1332-1406

Midtausten er ein av dei regionane i verda der rykter og konspirasjonsteoriar florerar. Mange som hatt med regionen å gjere kjenner garantert til mange av desse. Sjølv har eg høyrd teorien om at Israel har ei maskin som kontrollera vêret i Midtausten.

Tidlegare i år (15.januar), før den arabiske våren hadde slått til for fullt, gav den amerikanske medieveteranen Lawrence Pintak ut boka The New Arab Journalist. Han har nok sitt å seie om medieutviklinga under og etter dei arabiske opprøra, men det kjem garantert i neste utgåve. I boka kjem han med ei forklaring til kvifor konspirasjonsteoriar trivast betre i Midtausten enn mange andre stadar. Forklaringa er inga overrasking. Han peikar på den manglande kredibiliteten til arabisk media. Fokuset til Pintak er i hovudsak på dei arabiske mediene før etableringa av Al-Jazeera i 1996, men gjeld nok endå i stor grad dei fleste mediene under autoritære regimer.

Han skriv at lokal arabisk media manglar kredibilitet hjå sitt eige publikum, som i tillegg er mistenksame mot vestlege kjelder, og kva kan ein stole på når ein ikkje har tillit til korkje eigne eller andre sine medier? Denne mistilliten skal ha ført til at det har utvikla seg ein «motkultur av uoffisielle nyheitskanalar» («counter-culture» of «unofficial news channels») i Midtausten der rykter og konspirasjonsteoriar rår, og at det difor rikosjetterer ikkje-stadfesta historier omkring i Midtausten kvar dag.

Ei historie Pintak trekk fram er av det morosame slaget. Det braut ut opptøyer i Khartoum, hovudstaden i Sudan, då det gjekk ord om at sudanesiske menn ville miste penisen sin dersom dei handhelste på utlendingar. Eit offer hadde, i følgje avisa Al-Quds al-Arabi, kjend at penisen hans hadde «smelta inn i kroppen hans».

Mange andre rykter var basert på eldre seigliva myter, mellom anna at britane sjølv hadde skapt Wahhabi-sekta innan sunni-islam som ein del av deira splitt-og-hersk-strategi i Midtausten i byrjinga av 1900-talet. (Det skal seiast at dei indirekte støtta wahhabistane med pengar gjennom subsidier til Ibn Saud.)

Noko av problemet med desse rykta og konspirasjonsteoriane var at dei fann vegen inn i pressa, der dei til tider tok plassen til fakta. Grunnen til dette kan vere det Pintak forklarar med måten mediene var vande med å reflekterte offisiell tankegang. Saman med mangel på formell utdanning førte dette til at vestlege oppfattingar om journalistisk nøyaktigheit og objektivitet ikkje slo god rot. Pintak skriv vidare at:

Thus even coverage of issues of no consequense to the government was frequently rife with inaccuracies, innuendo, and falsehoods – some of them bought-and-paid-for, some the result of sloppy or lazy journalism. Put simply, if a reporter was expected by the government to print articles he or she knew were not true, there was little impediment to adopting a similiar approach on other stories.

Dei mest respekterte journalistane i Midtausten vart mest kjend for deira meiningar og kommentarar framfor objektivitet. Logikken var at innsikta i meiningsytringane var samla frå maktkorridorane skribentane hadde tilgang på. Skiljet mellom fakta og meining var, og haldt fram med å vere, uklårt.

Det meste som er skildra over er frå boka til Pintak og omhandlar i stor grad utviklinga av arabiske medier og korleis ståa var fram til og med 1990-talet og før Al-Jazeera. Det var med etableringa av Al-Jazeera i 1996 at arabisk journalisme på alvor byrja endre seg. Pintak skreiv 2. februar i år om Al-Jazeera og deira rolle i den arabiske våren i ein artikkel i Foreign Policy, «The Al Jazeera Revolution». Dette var skrive før Hosni Mubarak gjekk av.

Pintak hjelp til med å forklare noko av grunnen til at konspirasjonsteoriar har fått god grobotn i Midtausten, men det er, som sagt, ikkje overraskande at det florerer rykter i ein region med udemokratiske regimer og der mediene ikkje er til å stole på. Det blir difor spennande å sjå korleis arabiske medier vil utvikle seg etter den arabiske våren. Dersom det utviklar seg demokratiske styresett som følgje av omveltningane vil det sannsynlegvis få store konsekvensar for arabiske medier. Al-Jazeera, og spesielt det siste året, har vist at det er mange og sterke røyster i den arabiske verda, noko som ikkje burde vere overraskande. I eit demokratisk arabisk land vil desse vonleg få kome til i trykte aviser og sleppe inn i eit meir offentleg ordskifte, noko dei ikkje har gjort før.

I artikkelen nemnd over skriv Pintak om demonstrasjonane på Tahrir-plassen i Egypt under ein av president Mubarak sine talar. Al-Jazeera dekka talen direkte og den vart vist på eit provisorisk lerret for folkemengda, som gav klårt uttrykt for si misnøye då Mubarak uttalte at han ikkje ville stille til gjenval, men ville sitte perioden ut. Pintak framheva denne augeblunken slik:

It was a moment that spoke volumes about the unique link between the Qatar-based channel, the uprising in Egypt, and the Tunisian revolution that was its inspiration. It also underscored the new reality facing Arab regimes: They no longer control the message.

Mange har samanlikna opprøra i Midtausten med omveltningane i aust-Europa etter at Berlinmuren fall i 1989. Sovjetunionen sitt fall følgde to år etter, og i denne overgangsperioden vart den russiske pressa ei kort stund kanskje ei av dei friaste pressene i verda, i alle fall i følgje Boris Jeltsin sin visestatsminister, som skildra den slik:

It was free from official control. It was free from censorship. It was free from the opinion of the readers. It was free from the owners. Of course it could not survive.

Det er ikkje heilt samanliknbart, og pressa i Russland i dag er ikkje akkurat kjend som den friaste i verda. Det viser berre det at det er mykje som kan skje med mediene når ein autoritær stat mister/slepp taket, noko dette er eit døme på. Det er kanskje viktigare å halde eit auge med den arabiske pressa enn nokon gong før.

Kjelder:

Pintak, L: The New Arab Journalist: Mission and Identity in a Time of Turmoil, side 37-39.

O’Clery, C: Moscow, December 25, 1991. The Last Day of the Soviet Union.

Advertisements