Innlegg merkte med ‘Jonas Gahr Støre’

For litt over eit halvt år sidan klarte Utanriksdepartementet å kome seg på flickr og har sidan jamnleg kome med nye bilete frå ymse statsbesøk. UD oppretta flickr-kontoen sin dagen då Barack Obama kom på besøk og tok i mot Alfred Nobel sin fredspris i desember 2009. Det første biletet dei lasta opp var naturlegvis av presidenten sjølv med bokstavane NORGE og riksløva i bakgrunnen.

Siste oppdateringa er no at utanriksminister Jonas Gahr Støre har vore på besøk i Afghanistan hjå dei norske styrkane der.

Foto: Forsvaret/Morten S. Hopperstad [Utenriksdepartementet UD]

For dei som er som er interesserte brukar UD Creative Commons på innstillingane Attribution & No Derivative Works.

I følgje ein artikkel på aftenposten.no ynskjer Frp å flytte den norske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. Grunnlaget for denne påstanden er ein veljarguide sett saman av ein ny organisasjon kalla Kristenfolket, som har stilt fleire spørsmål til «samtlige ikke-sosialistiske kandidater». Eit av desse spørsmål er:

3. Vil du støtte flytting av den norske ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem i kommende periode?

Av svara dei fekk frå Frp sa 94% ja til ei slik flytting (mot 83% frå Krf). Av dei som svara ja var mellom anna partileiar Siv Jensen og Frp sin utanrikspolitiske talsmann Morten Høglund, som fekk eit lite pluss i boka av meg etter å ha vitja Gazastripa tidlegare i år. Høglund uttalar til Aftenposten at ei slik flytting er Framstegspartiet si prinsipielle haldning, men at dei har respekt for at det heile er omstridd og at ein må gå varsamt fram. Høglund reservera seg samstundes og legg til at ei flytting vil skje, men ikkje før situasjonen er moden for det. Høglund svara likevel ja til å Kristenfolket sitt spørsmål om å flytte ambassaden i kommande periode, noko som vil seie innan dei neste fire åra. Slik eg ser det er det lite truleg at situasjonen vil modnast nok til eit slikt ekstremt steg på so kort tid. Høglund sitt ja var kanskje mynta på ei flytting «før eller seinare» og kanskje etter at statusen til Jerusalem er slått fast i endelege fredsforhandlingar og/eller liknande, men då å svare ja på at det skal skje i kommande periode viser berre lite innsyn og dårleg dømmekraft.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre reagerar kraftig mot dette og karakteriserar det som «et standpunkt som vil være ekstremt i internasjonal politikk», noko eg seie meg heilt einig i. Med eit lite unntak av International Christian Embassy, er det ingen andre ambassadar å finne i Jerusalem, det einaste ein finn elles er generalkonsulata til Hellas, Italia og USA. (Ei oversikt over utanlandske ambassadar i Israel finn ein her).

Ei slik flytting vi slik Støre seier vere «en aksept av israelsk okkupasjon» av dei palestinske områda. Dette vil òg vere ein overraskande og, slik eg ser det, ein ganske tåpeleg åleinegang av Noreg som vil føre lite positivt med seg og heller øydelegge rolla Noreg forsøker å spele som ein nokolunde nøytral part. Støre påpeikar mellom anna at ikkje ein gong George Bush den yngre valde ei slik løysing, trass i at den amerikanske kongressen i 1995 under Clinton vedtok Jerusalem Embassy Act som slo fast at «Jerusalem should be recognized as the capital of the State of Israel; and the United States Embassy in Israel should be established in Jerusalem no later than May 31, 1999«. Sjølve flyttinga er derimot utsett gjentatte gongar av den amerikanske presidenten, trass i at Israel og USA har vorte einige om ei potensiell plassering av ambassaden i Jerusalem.

Ei flytting vil i tillegg stri med FN sine gjentatte vedtak, men no er ikkje Frp den største tilhengaren av verdsorganisasjonen av norske parti. Men sjølv om Frp vinn valet i september tvilar eg på at dette er noko anna enn berre prat og veljarfrieri (det vil seie med mindre det blir ei Frp-Krf-regjering, noko som ikkje er særleg sannsynleg).

Til Dagbladet i dag uttalte Siv Jensen at ho er lei kritikken mot Israel si krigføring i Gaza og legg all skuld på Hamas. Ho meiner at det er Hamas som sit med nøkkelen til fred. Eg ganske spent på korleis Hamas skal kunne bruke denne nøkkelen sin. Trur Siv Jensen at alt blir fred, gull og grøne skogar på Gaza-stripa berre Hamas legg frå seg våpen og rakettar? I so fall er ho ganske naiv, eller kanskje på jakt etter KrF sine veljarar. Dette får ho i alle fall sjansen til å forklare når ho skal halde ein appell i samband med ein pro-israelsk demonstrasjon på torsdag 8. januar arrangert av Med Israel For Fred, Indermisjonsforbundet og Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem. Dagfinn Høybråten skal ikkje delta.

Jonas Gahr Støre har gått hardt ut mot Siv Jensen si einsidige støtte til Israel. Støre meiner at Siv Jensen med slike utspel støttar ein prosess som berre vil styrke Hamas og ekstremisme og svekke Israel på lang sikt. Støre legg til at Jensen dimed meiner at våpena må tale og at krigen åleine kan løyse denne konflikta, noko den i følgje Støre ikkje kan.

Siv Jensen er kanskje lei av at folk kritiserar at ein stat bombar sine lutfattige naboar, men eg er kraftig lei Siv Jensen og sytinga hennar. Den dama har aldri kome med noko positiv. Tidleg i desember hadde ho skrive ein artikkel i «Svar 3», eit festskrift for Israel sitt 60 årsjubileum, der Hilde Henriksen Waage kritiserte ho kraftig og påpeikte fleirfoldige faktafeil. ( – Dette kan Siv Jensen ingenting om ) Waage meinte at Jensen kanskje burde ta seg eit par studiepoeng før ho uttalte seg om ting ho ikkje kunne noko om. Det hadde Jensen å seie til kritikken:

Jeg er ikke veldig overrasket over at Hilde Henriksen Waage mener dette. Hun har veldig sjeldent nyanserte standpunkter i denne debatten. For meg får hun forske så mye hun orker, men holde seg for god til å komme med den typen kommentarer som at jeg bør ta flere studiepoeng. Hvis det hadde vært ett svar på konflikten, hadde vi ikke trengt forskere.

Ho er kanskje ikkje sjokkert, men eit svar til kritikken er dette i alle fall ikkje. Einaste er ein lang tirade om kvifor Waage, professor i historie, ikkje er til å stole på. Her svarar ho på ingen måte på nokon av dei punkta Waage påpeikte. Sjølv om ho indirekte seier at ein treng forskarar i samband med konflikta, sidan den faktisk ikkje har eitt svar, verkar det ikkje som ho likar å høyre kva dei har å seie. Når det forresten gjeld å ha «veldig sjeldent nyanserte standpunkter» er ikkje Siv Jensen den som skal rope høgast.