Innlegg merkte med ‘history’

Masteravhandlinga i historie eg har streva med dei siste åra er no tilgjengeleg på BORA, Bergen Open Research Archive:

Grenser i det grenselause – Opprettinga av Transjordan sine ørkengrenser (pdf)

Avhandlinga fokuserar for det meste på grensene som vart etablert mellom eit nyoppretta emiratet Transjordan og det raskt ekspanderande Nejd under Ibn Saud, grunnleggaren av Saudi-Arabia. Perioden eg har tatt føre meg er i hovudsak 1921-1925 der hovudtrekka til grensene kjem i stand. Strida om grensene står i byrjinga mellom Transjordan og Nejd i Wadi Sirhan, ei handelsrute mellom Syria og Arabia, mellom Transjordan og Hijaz i Akaba-området, og mellom Hijaz og Nejd. I tillegg har eg ei raskare oppsummering fram til 1965 då problema 1925-grensene hadde ført med seg får ei løysing. Grenseavtalen av 1965 vart av Richard Schofield, ein historisk geograf, kalla «the most imaginative territorial settlement yet concluded within the Arabian peninsula/Gulf region.» Denne prosessen tok derimot over 40 år og er ein av dei meir ukjende/gløymde grensekonfliktene i Midtausten.

Formingsåra 1921-1925 tar føre seg eit slags samspel mellom Transjordan (kong Abdullah), Nejd (sultan Ibn Saud og wahhabirørsla), Hijaz (kong/sharif Hussein og kong Ali) og til slutt Storbritannia og dei forskjellige britiske departementa (WO, FO, IO og CO).

————–

My Master thesis on the establishment of borders between Transjordan and the future Saudi Arabia is now available online. Just press the pdf link above. The thesis is written in Norwegian, but if you are interested there is a short (and very hastily written) summary in English inside. Most of the quotes are in English also.

For dei som er interesserte i første verdskrigen kan dette dokumentarkivet vere verdt å sjå på. Arkivet innheld ei rekkje historiske kjelder i samband med verdskrigen (før, under og etter), som til dømes traktatane i VersaillesLausanne og SèvresSykes-Picot-avtalenBalfour-deklarasjonen og The Economic Consequences of the War av Johan Maynard Keynes. Arkivet vart oppretta i 1995 og er ein del av ei større dokumentsamling for europeisk historie på nett, EuroDocs.

Sidan eg studerar Midtausten si historie, var det dokument om denne regionen eg var mest interessert i. Av naturlege grunnar er krigen i Europa hovudfokuset på nettsida, men det er likevel litt å hente der for dei som er meir interesserte i kva som gjekk føre seg i Midtausten på same tid. Desse er desverre litt vanskelege å finne sidan arkivet ikkje har ein eigen Midtaustendel.

I førre posten min viste eg til James Barr sin blogg der han greia ut om T.E. Lawrence sine råd for Irak etter krigen. Nokre av råda og kritikken han kom med med tanke på britisk styre i Irak, kan ein lese i dette avisinnlegget i Sunday Times frå 22. august 1920, A Report on Mesopotamia.

Her ein dag kom eg over ei ny bok, Setting the Desert on Fire av James Barr, ein britisk historikar. Boka har undertittelen T. E. Lawrence and Britain’s Secret War in Arabia, 1916-18 og er like mykje ei skildring av Lawrence som den er av den britiske kampanjen i Arabia. Lawrence spelar den største personrolla og Barr går grundig til verks for å skildre både personen Lawrence og kva han gjorde. Som ein liten bonus har Barr eit nyttig indeks over hovudpersonane i boka.

Barr skriv godt og med kapittel på 10-12 sider kvar kjem ein raskt gjennom boka. I byrjinga fekk eg kjensla av å lese ein spenningsroman grunna måten Barr skriv på. Barr nyttar dialogar i større grad enn andre historiske verk, og i tillegg er boka full av detaljar som Barr skildrar på ein måte som gjorde meg litt skeptisk. Barr nyttar nemleg ein del skjønnlitterære verkemiddel, i alle fall verkar det slik. Kjeldene han har nytta er likevel mykje private brev og dagbøker, og det er sannsynleg at han har skildringane frå desse. Den korte perioden boka dekkjer, dei personlege kjeldene og hendingane sjølv legg òg betre til rette for å nytte skjønnlitterære verkemiddel slik Barr har gjort utan at det går ut over den historiske analysa. Barr har òg gjort rom for nokre litt artige historier, som desse to:

Trying to help the Arabs regain the initiative, the British became unwittingly embroiled in the port’s [Jeddah] highly factional politics when Boyle invited a local tribal leader aboard the Fox to point out possible targets inside the town that he could shell. Boyle became suspicious when the man identified some unlikely-looking buildings. «Months after I heard that my picturesque sheikh was in reality a merchant of the town,» he later wrote, surmising that the man «had taken advantage of this opportunity to rid himself of trade rivals».

The French would force Feisal into exile in July the following year. The French general responsible is reputed to have gone to Saladin’s tomb in Damascus afterwards and announced: «Nous revoilà, Saladin» – Saladin, we’re back.

Shrine of Saladin

Shrine of Saladin

James Barr har, i alle fall slik bibliografien gjev uttrykk for, gått grundig gjennom britiske arkiv og har basert seg nesten utelukkande på britiske og engelskspråklege kjelder. Dette fører til at det største fokuset i boka er på britane og kva dei gjorde, men det er då òg meininga med boka. Det hadde derimot vore interessant å ha høyrd meir frå eit arabisk perspektiv.

Barr har, i tillegg til å rote grundig rundt i britiske arkiv, sjølv tatt turen til regionen for å følgje vegen det arabiske opprøret tok. Fleire stadar i boka stoggar Barr opp der det er relevant for å skildre eigne observasjonar av landskapet og situasjonen slik det er i dag. På si reise oppover Hijaz-jarnbane fann han mellom anna fleire lokomotiv som hadde vorte offer for miner og sabotasje frå britane og arabarane. Mange av lokomotiva ligg framleis i sanden der dei spora av, 90 år etterpå. Dette gjev eit spanande og nytt innsyn av konflikta og gjer den samstundes meir levande.

Etter å ha lese boka har eg fått endå meir lyst til å vitje stadane i Jordan der Lawrence var. Spesielt har eg lyst å vitje mellom anna ørkenfortet Azraq («blå» på arabisk), som ligg aust i Jordan. Lawrence nytta Qasr al-Azraq som ein base i krigen mot tyrkarane.

*James Barr har forresten ein ganske interessant blogg. Han har mellom anna lagt opp bilete frå reisa han gjennomførte i samband med boka si.