Innlegg merkte med ‘Dead Sea’

«We are flying now at sea-level»

Posta: Onsdag, 27 februar, 2008 under Ymse
Stikkord:, , , , ,

På hausten 1937 leita arkeologar etter fleire arkeologiske og historiske stadar i Transjordan ved hjelp av fly. Med fly var det enklare å sjå formasjonar etter til dømes fort og vegar enn det var på bakken. Etter ein stogg i Amman flaug dei vidare ned mot den sørlege delen av landet. Då dei flaug over Daudehavet sendte piloten bak ein lapp der det stod: «We are flying now at sea-level.»

Daudehavet er i dag det lågaste punktet på jorda og ligg om lag 420 meter under havnivå. Havet synk no med omlag ein meter i året og vassnivået i Daudehavet låg litt høgare i 1937 enn det gjer i dag. I 1970 låg havet på 395 meter under havnivå. Dette er for det meste grunna utnytting av vatnet som renn ut i Daudehavet, eller rettare sagt som ikkje renn ut i Daudehavet lengre. Elva som mellom anna renn gjennom Wadi Mujib forsvinn nesten bokstaveleg talt ned i eit sluk rett før den når Daudehavet og blir sendt i røyr til Amman i nord og andre område i sør.

Advertisements