Innlegg merkte med ‘Beirut’

Libanon er eit av dei landa eg alltid har hatt lyst å besøke. Landet er fylt med kontrastar og har ei uhyre interessant og komplisert historie, komplisert nok til å skremme bort og fascinere forskarar.*

Beirut - Byerouth

Den mest kjende røysta frå Libanon er nok for dei fleste nordmenn NRK-korrespondenten Odd Karsten Tveit. I samband med lanseringa av boka Libanon farvel – Israels første nederlag uttalte Tveit at ein vil forstå Midtausten betre dersom ein forsøker å forstå Libanon, sidan mange av mønstra Midtausten er tydlegare der. I same handevende har han oppsummert Libanon med at den som trur han forstår Libanon ikkje er skikkeleg orientert.

Det er skrive haugevis med bøker om Libanon, men av ymse kvalitet, slik at det er ein liten jungel å navigere seg i. Ingen har forstått alt, få har forstått mykje og mange har forstått lite. Sjølv høyrer eg ganske sikkert til i den siste gruppa.

Men nok om det. I byrjinga av Eid al-Adha drog eg nokre dagar til Beirut på ferie. Turen gjekk med fly på grunn av den politiske situasjonen i Syria, i tillegg til at sjansen for å få transitvisum sannsynlegvis er mindre enn før. Tidlegare har drosjene som går Amman-Damaskus-Beirut og tilbake vore eit billeg og greitt alternativ. Dei går endå, men eg vil tru med litt større vanskar.

Beirut from the air

Eg reiste saman med nokre andre frå universitetet og vi innlosjerte oss på eit lite hostel i nærleiken av Gemmayze, Al-Shahbaa Hotel, men sidan det meste var fullbooka måtte vi sove den første natta på taket under open himmel. Eit billeg, sentralt og heilt greitt hostel til ein $10-12 per natt (taket var $8). Hosteleigaren kan i tillegg hjelpe til med å arrangere forskjellige ting, m.a. leige av bil.

Beirut - Bedroom

Dei fleste dagane gjekk med på å vandre rundt i og utforske Beirut om dagen, ete mykje god mat og drikke god libanesisk vin og teste nattelivet om kvelden. Beirut er ein by ganske ulik Amman. Etter å ha budd nokre månadar mellom tørre fjell der ein må ta drosje overalt, var det svært forfriskande å kome til ein by ved havet der ein kan spasere rundt utan å vere heilt avhenging av transport. At det var mykje varmare enn Amman hjalp òg.

Beirut - Fishing

Ein stor skilnad er mellom anna kor forskjellig Beirut er i arkitekturen. Medan Amman eigentleg ser heilt likt ut same kvar ein er, sidan alt er bygd med same type stein og farge, endrar Beirut seg mykje. Ein anna skilnad mellom Beirut og andre byar er at medan dei fleste byar har ei interessant historie, so utgjer denne for det meste eldre historie som no anten er omgjort til turistattraksjonar eller informasjonsplakettar, og dersom det er nyare histore er det som regel hendingar frå andre verdskrig. I Beirut er derimot såra frå borgarkrigen framleis høgst synlege, tydlegaste i form av bygningar. Historia her er ikkje like fjern og implisitt som den no er mange stadar i Europa. Det var spesielt å gå rundt i Beirut med nybygg og utbomba bygningar om einannan. Kulehol ser ein titt og ofte. Noko liknande såg eg i Beograd då eg var i fjor.

Beirut - Holiday Inn

Dersom ein reiser lengre sør, til mellom anna Hizbollah-dominerte Dahieh, ser det fullstendig annleis ut. Ein skulle ikkje tru det var same by. Eit lite tips dersom ein forvillar seg ned i Dahieh: IKKJE ta bilete. Då er det ein stor sjanse for at ein raskt blir anholdt av Hizbollah og dei likar dårleg at ein tar bilete der nede. Kva som skjedde når nokon i reisefølgjet mitt faktisk tok eit bilete kan ein lese meir om på denne bloggen.

Dersom ein vil reise utanom Beirut er det greitt å leige seg ein bil. Det er ikkje so grusomt dyrt dersom ein er fleire, $30-50 pr dag, og det gjev deg ein svært verdifull reisefridom. Sjølv leigde vi ein bil og drog til Byblos, ein liten fredleg by nord for Beirut som minna meg kraftig om Acre i Israel. Byblos er forresten 7000 år gammal og kan vere den byen i verda der det har budd folk lengst samanhengande. Påstanden om at det er den eldste byen i verda, med eller utan samanhengande busetjing, er sjølvsagt noko omstridt, og det er fleire som hevdar det same. Reiseplanen var opphavleg noko meir omfattande, men grunna dårleg tid vart det med Byblos, som er vel verdt eit besøk.

Beirut - towards Byblos
Byblos

Noko av det som overraska meg med den vesle turen nordover, var kor lite Libanon eigentleg er. Avstandane i Midtausten er mindre enn ei skulle tru, men verkar endå mindre i Libanon. På veg til Byblos skulle vi eigentleg innom taubana Téléphérique, Libanon sin versjon av Ulriksbana, men vi køyrde forbi utkøyringa og før vi fann ein stad å snu var vi nesten allereie i Byblos. Vi tok den heller på veg tilbake, men på grunn av lang kø og det at vi drog seint frå Byblos, rakk vi ikkje solnedgangen frå toppen. Neste gong. Turen opp tar ni minutt, er spennande og byr på innsyn rett inn i stova til mange folk sidan bana går forbi mange bustadblokker. Vi fekk med oss heile kysten om natta, noko som ikkje er so verst.
Jounieh - Teleferique
Beirut and Jounieh
Harissa - Arriving

Vi rakk òg ein kort tur innom American University of Beirut (AUB) for å utforske campuset, som eg vil oppsummere som grønt og flott, og med mange mange kattar. Campusmessig hadde eg hatt lite i mot å gått der.

Beirut - AUB Campus

Etter 4-5 for korte dagar veit eg allereie at dette er eit land har lyst attende til.

For fleire bilete frå Libanon kan ein sjå flickr-sida mi her.

——
* Sannsynlegvis komplisert nok til at det var grunnen til at Libanon vart utelatt frå The Foreign Policies of Middle East States.

Advertisements

Den israelske animasjonsdokumentaren Vals med Bashir blir no satt opp på norske kinoar. Premieredatoen er fredag 20. februar og eg oppfordrar alle til å sjå den, spesielt dei med ei interesse for Midtausten og/eller god film.

Eg såg filmen på BIFF i fjor og skal sannsynlegvis sjå den når den kjem til Noreg att. DVDen kan kjøpast frå play.com frå 30. mars. Filmen har god musikk og eit godt lydspor. Mange av lydeffektene i filmen skal i tillegg vere ekte opptak frå krigen i Libanon.

Til tross for at denne filmen handlar om Libanonkrigen i 1982, og er kritisk til den israelske krigføringa der, vart den ikkje satt opp på kinoar i Libanon. Grunnen til dette er at Libanon, og mange andre arabiske land, har bannlyst alle israelske filmar. I følgje Haaretz var visstnok filmen vist i Beirut likevel, men dette var ei privat framsyning med omlag 90 personar (der 40 hadde vorte invitert.). Framsyninga fann òg stad i nærleiken av Hizbollah sitt hovudkvarter. I følgje arrangørane for framsyninga vil filmen bli spreidd og piratkopiert over heile Libanon so snart den kjem på DVD.

Her ein av trailerane til filmen:

Eg har tidlegare skrive to innlegg om denne filmen her.

Dagbladet har no sett filmen og ein kan lese kva dei syns om den her: «Dødsdansen». NRK, BA og Aftenposten har òg sett nærmare på filmen. VG og Bergens Tidende var likevel dei som var mest rause med terningen.

Kjetil Lismoen har skrive ein interessant artikkel om israelsk film og nasjonal identitet i Aftenposten: «Kultur – boikottens siste vals?»