Innlegg merkte med ‘Bahrain’

Mauritania er eitt av berre tre land i den arabiske liga som har anerkjend og oppretta diplomatiske relasjonar med staten Israel. Dei to andre er Egypt og Jordan. Den mauritanske regjeringa har  derimot no bedt Israel om å pakke sakene sine og dra. Mauritania fraus relasjonane til Israel i januar som protest mot krigen i Gaza og sendte heim den mauritanske ambassadøren i Israel. Israel fekk 48 timar på å pakke saman og har no stengt ambassaden.

Dette fann stad nokre dagar før Muammar Gadafi av Libya kjem på statsbesøk til Mauritania. Gadafi har tidlegare bedt om kutte dei diplomatiske relasjonanen til Israel. Mauritania gjekk mellom anna gjennom eit militærkupp i august i fjor.

Midtausten og Nord-Afrika

Elles har Marokko brote relasjonane med Iran grunna noko ein tidlegare iransk innanriksminister har sagt om Bahrain, som han har hevda har vore Iran sin 14. provins og at dei hat eit sete i det iranske parlamentet.

Advertisements