Innlegg merkte med ‘Baghdad-Haifa Railway’

Jordan Times skriv 17. april at Jordan, Syria og Saudi-Arabia har vorte samde om å gjennomføre ei sams studie for å sjå om det er mogleg å  ta i bruk Hijaz-jarnbana att. I følgje avisa skal studia utførast i løpet av dei neste vekene. Avtalen kom som ei følgje av eit møte onsdag mellom dei tre statane sine transportministrar der temaet var jarnbanesamband. Jordan sin transportminister Alaa Batayneh fortel at jarnabana er gamal og utdatert og at den difor må reparerast for å nå opp til internasjonale jarnebanestandardar.

Hijaz-jarnbana vart bygd av Det osmanske riket i 1908 og gjekk frå Damaskus til Medina. Jarnbana vart i stor grad øydelagd under den første verdskrigen av dei allierte. T. E. Lawrence (av Arabia) saman med sine arabiske allierte sprengde fleire tunnelar, bruer og tog for å isolere dei osmanske styrkane som var stasjonert i Medina. Etter krigen vart berre delar av jarnbana gjenoppbygd og då i hovudsak for godstransport.

I følgje Batayneh er bana framleis i bruk mellom Amman og Damaskus og transporterar passasjerar og gods mellom desse. Dette skal vere ein langsam og ukomfortabel tur der ein i tillegg må bytte tog ved den syrisk-jordanske grensa. Taxi mellom Damaskurs og Amman er førebels enklare, meir komfortabelt og mykje raskare.

Batayneh la i tillegg til at Irak sannsynlegvis vil ta opp ideen om eit jarnbanesamband med Jordan og Syria. Eit slikt jarnbanesamband er foreslått før og var med på å forme grensene i det moderne Midtausten. Ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var ein del av Storbritannia sin store draum om ei jarnbane frå Calais til Calcutta på byrjinga av 1900-talet. Jarnbana vart aldri bygd, men ideen om den var ein av grunnane til at Jordan har ei grense mot Irak og at Haifa og Akko ligg i Nord-Israel i staden for Libanon. Meir om den kan du lese i «Jarnbaner og engelske beduinstammar» og «The Hijaz Train Station«.

Personleg vonar eg at denne historiske jarnbana skal få eit nytt liv, men som mange andre foreslåtte prosjekt i Midtausten bør det takast med i klype salt. Det store prosjektet med å byggje ein kanal frå Raudehavet til Daudehavet er framleis stranda i startgropa. Jordan og Syria er heller ikkje særleg rike statar, men med Saudi-Arabia med på laget skal ein ikkje ta noko for gitt. Om jarnbana blir reparert har eg lyst til å ta turen, i alle fall so langt sør som Akaba.

Den britiske draumen om ei jarnbane frå Calais til Calcutta var i tankane då britane var i ferd med å dele Midtausten opp mellom seg og franskemennene etter første verdskrig. Ideen om ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var noko av grunnen til at Storbritannia fekk innelemma Haifa og Akko i det britiske mandatet Palestina i staden for det franske Libanon. 

Tidleg på våren 1922 reiste den britiske representanten i Transjordan, St. John Philby, og jarnbaneingeniøren Major A. L. Holt frå Amman til Bagdad for å kartleggje moglegleiken for å legge ei jarnbane gjennom det då omdiskuterte området Wadi Sirhan, som i dag ligg lengst nord i Saudi-Arabia. I rapporten sin frå reisa skriv Major Holt om ein spesiell stamme i området som stakk seg ut frå beduinane, Sulubistammen.

Det spesielle med Sulubistammen var at dei var dei einaste som haldt til i ørkenen året rundt. Dei vart ikkje raida av dei andre beduinstammane og levde i følgje Holt eit liv i tryggleik i eit konfliktfylt område. Opphavet deira var prega av mystikk. Sulubistammen hevda dei var i slekt med engelskmennene og at det er hevda dei stammar frå europeiske krossfararar. Ordet Sulib tyder nemleg «kross». 

Til tross for deira fredfulle forhold med beduinane, såg desse ned på Sulubistammen og nekta mellom anna å gifte seg inn den. Holt meinte òg at moralen deira ikkje var like streng og at dei arbeidde litt med ting som var sett ned på av beduinane. I følgje Holt såg beduinane ned på alt arbeid som ikkje involverte å drive dyreflokkane sine og halde på med sportsraid mot underlegne motstandarar.

Opphavet til Sulubistammen var som sagt prega av mystikk og dimed følgde det naturlegvis med ei opphavshistorie som vart fortald Major Holt: 

For lenge sidan då Gud delte opp ørkenverda mellom dei forskjellige sjeikane sov leiaren for Sulubistammen og fekk dimed ikkje tildelt noko. Då han vakna vart han forferda av nyhenda og drog til Gud og gret over det tapet og ba på sine kne om å få tildelt ein del av verda. Gud var ikkje interessert i dette og fortalde at sidan verda allereie var delt opp kunne ikkje Sulubi-stammen få noko del. Gud gav likevel Sulubistammen eit lite plaster på såret og som trøst ville lagnaden deira vere å vandre på jorda i fred og frie frå plager. 

Holt fortel at det er eit faktum at gjennom heile den arabiske historia er Sulubistammen den einaste stammen som er fritekne frå å bli raida og at alle dei andre ørkenfolk respekterarar denne fridomen.

 

I kor stor grad dette er sant er for meg førebels vanskeleg å vite sikkert. Major Holt vart fortald dette i 1922 og skreiv historia ned året etter. Artikkelen til Holt er å finne på Jstor under namnet «The Future of the North Arabian Desert», men ein må ha godkjend tilgang til Jstor for å lese den (til dømes gjennom universitetet). Eg tvilar derimot på at det framleis stemmer i dag med tanke på dei enorme endringane den aktuelle regionen og beduinane har gått gjennom sidan då. 

Jarnbana vart aldri bygd, til tross for Major Holt sin optimisme og mange godord. Det var til slutt vanleg motorisert transport som vann fram over jarnbaneplanane i åra som følgde.