Innlegg merkte med ‘Archaeology’

Tida etter mediahypen – tvil om kyrkje

Posta: Onsdag, 10 september, 2008 under Articles
Stikkord:, , , ,

For nokre månadar sidan vart det kjend at arkeologar kanskje hadde funne den eldste og kanskje første kyrkja i verda i den vesle landsbyen Rihab i Jordan. Saken gjekk verda rundt og landsbyen rann over av folk i tillegg til journalistar frå både små og store mediaorganisasjonar. Noko av det som opptok journalistane som kom var den sosiale harmonien som herska mellom kristne og muslimar i landsbyen. Med tanke på alt fokuset som er på islam, muslimar, hemn, hat, terrorisme og krig var det ikkje rart at journalistane tok tak i nettopp dette. Tenk at kristne og muslimar kan leve fredleg side om side!

Jordan Times rapporterar dette i ein artikkel om framtida til Rihab, som visstnok er noko usikker, eller obskur, i følgje avisa. Guvernøren i Mafraq såg på dette som ein sjanse til å trekke til seg turistar då nyhenda først vart kjend. No meiner han at tida er moden for at Rihab bør bli likestilte med og få same fokus som Petra, Jerash og dei andre historiske stadane i Jordan. Innbyggarane i Rihab meiner landsbyen har nok attraksjonar og at det er no opp til politikarane å gjere noko med det.

Jordan Times skriv òg det at det sådd tvil om korvidt kyrkja verkeleg er den aller første i verda. Ein av dei visstnok få tvilarane, tidlegare sjef for Departement of Antiquities, sa at det var høgst tvilsamt at den grotta kyrkja var i faktisk var den første med tanke på talet på grotter området. Sjølv om han korkje hadde vore i området eller forska på det meinte han at ein trengde meir prov før ein kunne seie noko sikkert. Arkeologar meiner derimot sjansen er stor for at dette nettopp er den første kyrkja.

I følgje Jordan Times skal arkeologar ha funne det dei trur er den første kyrkja i verda i Rihab i Mafraq, Jordan. Kyrkja skal vere frå mellom år 33 og 70 evt, og ligg under kyrkja St Georgeous, ei kyrkje frå 230 evt som er sett på som den første «ordentlege» kyrkja i verda. I følgje ein av arkeologane, Abdul Qader Hussan, skal kyrkja ha husa dei tidlege kristne, 70 disiplar som flykta frå Jerusalem grunna forfølgingar. Desse 70 disiplane flykta til nord i Jordan og praktiserte religionen sin i løynd i denne nyleg utgravne underjordiske kyrkja. Dette skal dei ha gjort til dess romarane tok til seg kristendomen. På denne tida vart St. Georgeous bygd.

Dette minnar meg om eit kloster eg vitja i Syria i fjor haust (biletet over). Klosteret ligg nært den kjende krossfararfestningen Krak des Chelvaiers, som ein kan sjå frå klosteret. Klosteret har tre små kyrkjer. Desse tre småkyrkjene ligg på forskjellige plan i klosteret. Den nyaste ligg på bakkeplan inne i klosteret, medan dei to eldre ligg under bakken. Ein innehavar av klosteret guida oss gjennom dei to eldre kyrkjene som eigentleg var låste. Det var ei underleg kjensle å å gå lengre og lengre under bakken medan alt omkring ein vart eldre og eldre. Den eldste kyrkja var òg den enklaste og mest spartanske. Kyrkjene var i stor grad restaurerte.

———————————————————————————

Dei største aktørane innan norsk presse, m.a. Aftenposten, NRK og Dagbladet, plukka opp saken ei veke seinare. Det er lagt ved fleire bilete frå kyrkjene i artikkelen til Aftenposten som er verdt å sjå gjennom. Andre og mindre aviser, som til dømes Vårt Land, fekk det med seg litt før, kanskje av meir naturlege grunnar.

«We are flying now at sea-level»

Posta: Onsdag, 27 februar, 2008 under Ymse
Stikkord:, , , , ,

På hausten 1937 leita arkeologar etter fleire arkeologiske og historiske stadar i Transjordan ved hjelp av fly. Med fly var det enklare å sjå formasjonar etter til dømes fort og vegar enn det var på bakken. Etter ein stogg i Amman flaug dei vidare ned mot den sørlege delen av landet. Då dei flaug over Daudehavet sendte piloten bak ein lapp der det stod: «We are flying now at sea-level.»

Daudehavet er i dag det lågaste punktet på jorda og ligg om lag 420 meter under havnivå. Havet synk no med omlag ein meter i året og vassnivået i Daudehavet låg litt høgare i 1937 enn det gjer i dag. I 1970 låg havet på 395 meter under havnivå. Dette er for det meste grunna utnytting av vatnet som renn ut i Daudehavet, eller rettare sagt som ikkje renn ut i Daudehavet lengre. Elva som mellom anna renn gjennom Wadi Mujib forsvinn nesten bokstaveleg talt ned i eit sluk rett før den når Daudehavet og blir sendt i røyr til Amman i nord og andre område i sør.