Innlegg merkte med ‘Amman’

Sandstorm and smog

Posta: Onsdag, 28 september, 2011 under Personal experience
Stikkord:, , , , ,

Today in Amman. The air is filled with sand from the desert and smog. Not exactly the healthiest weather and breathing is uncomfortable in traffic.

Amman - Sandstorm and smog

What it usually loooks like:

Amman - Flag through squares

Here are two vidoes from traffic on the way to the university, a normal day and today. Crappy quality and a horrible sound, but you get the idea.

(Ikkje akkurat lufta Byluftslisten og MDG ville satt pris på. Sett kanskje Bergenslufta litt i perspektiv.)

Advertisements

Placement test

Posta: Måndag, 19 september, 2011 under Personal experience
Stikkord:, , , , , ,

Dersom ein skal ta eit nivå høgare enn første nivå ved universitetet i Jordan, so treng ein ta ein plasseringstest (placement test) i arabisk.

Denne har ein skriftleg og ein munnleg del. Største problemet her var at det var utruleg lite/ingen informasjon frå språkinstituttet om korleis ein skulle ta den skriftlege delen. Ein sa først at vi berre skulle starte, men etter ein ti minutt kom nokon og sa frå om at ein skulle byrje på side 4, ikkje side 1-3, som var til lytteprøva. Eit kvarter etter det igjen var vi sendt inn i eit rom for å ta lytteprøve, og etter den var ferdig skulle ein visstnok berre gjere ferdig resten.

Den skriftlege delen var berre på arabisk og hadde fem deler: (1) Lytteprøve med spørsmål, (2) merk av ordet som passar, (3) enkel tekst med fire spørsmål, (4) 2-siders artikkel med mange spørsmål og til slutt (5) skriving av ein liten tekst + skildring av eit bilete.

Sidan testen berre skal plassere deg på eit visst nivå og difor må omfatte alle nivå, so føler ein seg ikkje akkurat spesielt flink. Det var vanskeleg å sjå utifrå testen korleis ein skulle måle lågare nivå. Det hadde òg hjulpe om det hadde vore ei forklaring om korleis testen skulle gjennomførast.

Den munnlege delen var derimot ganske grei. Der skulle berre ein ha enkel samtale om forskjellige enkle tema. Ein kunne likevel fått litt informasjon om korleis det gjekk føre seg og kor lang tid det ville ta slik at ein slapp stå i kø i eit par timar.

Kva nivå ein har kome på sjølv får ein ikkje vite før eit par dagar etterpå. Det vart sagt i gangane at ein kunne gå opp (og sikker ned) eit nivå dersom ynskte det.

New Bench. Old Bench. Together. Forever?

New public benches in Amman. They are nice, but why throw away the old previous bench? Why not just keep it? Explicit improvement. This is close to 1st Circle.

Amman - City Planning

Amman - City Planning II

Amman - City Planning III

Det har gått nokre år (fire), men no er eg endeleg tilbake i Midtausten. Planen var å studere arabisk i Damaskus, men grunna opprøret der fann eg ut at Amman var eit litt enklare og litt tryggare alternativ. Her kjem eg til å studere arabisk ved University of Jordan det neste halvåret.

Det er ganske kjekt å vere tilbake. Same kvelden som eg kom ned var det konsert med to band på citadellet i Amman, Jebel al-Qal’a/جبل القلعة. Ein konsert der opp ser fantastisk ut. Det var ei opa scene som hadde ein opplyst by som bakteppe, ein nær fullmåne som tak og søylene til Hercules-tempelet på sida.

Amman at night
Amman - Pillars of the Temple of Hercules

Dei to banda som spelte var Zeid and the Wings og Mashrou’ Leila, båe frå Libanon. Musikken er annleis, og betre, enn den arabiske popen ein høyrer overalt. Det var òg nokre politiske bodskap i nokre av songane deira. Vokalisten i Zeid and the Wings vart visstnok fenglsa i tre dagar for eine låten sin, General Suleiman. Korkje han eller arrangørane hadde eigentleg tenkt å spele den, men publikum overtalde han og til slutt arrangørane. Om han vart fengsla på nytt måtte publikum love å få han ut att.

Sjølv likte eg likevel best Mashrou» Leila. Utruleg stilig musikk, i tillegg til at dei fleste band som brukar ein kombinaajon av fiolin og rock får ein pluss i boka av meg. Vokalisten minna forresten overraskande mykje om Freddie Mercury i Queen.

Eit lite mattips er å kjøpe seg hummus, falafel og brød nær den andre sirkelen i Amman. Det kostar veldig lite, det er veldig godt og ein blir veldig mett. Måltidet på biletet kosta omlag åtte kroner (0,5 kg brød: 1 kr, 10 stk falafel: 1,50 kr, liten hummus: 5,50 kr).

Amman - Cheap Lunch

Trass i at det er ein haug med byggeprosjekt i Amman, slik det var då eg var her sist, er det ikkje mykje som har endra seg. Det er nokre nye bygg og ein er i ferd med å bygge ein ny veg til flyplassen, men elles ser det ut likt ut. Byutviklinga her er likevel ganske voldsom og byen har utvida seg i ein enormt tempo. Ein kan spørje seg om kor godt planlagd og styrt denne utviklinga er og har vore når ein ser visse planløysingar for byen. Det minnar litt om eit lite ville vesten med ei blanding av noko planlegging, litt ad hoc og kanskje ei lita klype korrupsjon.

I går kunne ein lese i Aftenposten at heile Hijazbana no skal opnast for turistar og andre:

Til Mekka på første klasse?

The Hijaz Train StationTogstasjonen i Damaskus

Dette er langt på veg på tide. Jarnbana vart aldri skikkeleg gjenbygd etter at Lawrence of Arabia og venene hans sprengde store delar den under første verdskrig. Sidan då har det i tillegg vore svært lite trafikk på denne berømte jarnbanestrekka. Til no har det berre vore to delar av bana som har vore i bruk. Strekka mellom Amman og Damaskus og strekka mellom Ma’an og kystbyen Aqaba. Amman-Damascus har vore open for passasjertrafikk, men dette tilbodet skal vere svært treigt alternativ til taxi (tog: ni timar, taxi: tre timar) i tillegg til at ein må byte tog på grensa til Syria. Ma’an-Aqaba har for det meste godstogtrafikk.

I følgje Wikipedia skal det ha vore gjort forsøk på å opne opp bana att sør for den jordansk-saudiske grensa på midten av  60-talet, men på grunn av seksdagarskrigen i 1967 vart ikkje dette noko av. Grunnen til at ein ikkje prøvde å opne opp bana før 60-talet var at grensa mellom Jordan og Saudi-Arabia i området der Hijazbana gjekk,  ikkje var avtalt og at denne var forbode å krysse. Saudi-Arabia hadde til og med lagt krav på store delar av sør-Jordan (Aqaba og Maan). Dette ordna seg i 1965 då båe partar fekk i stand ein grensebyteavtala som forma grensene slik vi kjenner dei i dag. Det var sikkert som ei følgje av denne at dei prøvde å opne den opp att.

Jordan Times hadde ein artikkel om jarnbana for nokre veker sidan: Initiative to place Hijaz Railway on tourism map. I august i år var det forresten 100-årsjubileum for jarnbana, eller nærmare sagt 100 år sidan bana og det første toget med pilegrimar nådde Medina. Dette skjedde åtte år etter byggestart.

Eg vil takke Per A. Christiansen, Midtausten-korrespondenten til Aftenposten stasjonert i Amman, for ein interessant artikkel som alltid. Men eg vil likevel ønskje han velkomen etter sidan eg skreiv om akkurat dette på bloggen min allereie i april i år på bakgrunn av ein artikkel i Jordan Times. Eg håpar verkeleg at Hijazbana blir gjenopna, og om den blir det, kjem det til å vere ei togreise eg gjerne vil ta. Sidan eg ikkje er muslim kjem eg ikkje inn i korkje Mekka eller Medina, men på vegen dit ligg Mada’in Saleh.