Innlegg merkte med ‘Albert Henrik Mohn’

I år er det, som mange veit, 60 år sidan staten Israel vart etablert. Dette var å lese i Aftenposten 14. mai 1948:

«Den jødiske stat, hvis navn er Israel, ble proklamert i dag. Den nye stat er i øyeblikket omgitt av piggtrådsperringer, dens hær er på marsj for å møte en ventet invasjon, dens viktigste by er mørklagt, og folket er blitt advart mot flyangrep. Seremonien ved proklameringen var kort. Statsminister David Ben Gurion leste proklamasjonen, og deretter ble den undertegnet av den jødiske regjerings medlemmer.»

I samanheng med jubileumsåret kom ein av Israel sine «nye historikarar«, Benny Morris, i vår ut med ei ny bok om akkurat 1948 og den første arabisk-israelske krigen. Boka heiter enkelt og greitt 1948: A History of the First Arab-Israeli War. Per A. Christiansen, Midtaustenkorrespondenten til Aftenposten, skriv om denne boka og forventingane til den i artikkelen «Historikerstriden som uteble».

Christiansen skriv òg litt om historieskriving og Israel sine nye historikarar,  som han skriv «ikke har annet til felles enn at de var ferdig utdannet og i ferd med å starte sitt akademiske virke nettopp da Israel åpnet deler av sine arkiver fra perioden omkring 1948.» Dei nye historikarane var dei historikarane som byrja å utfordre mytane og dei etablerte oppfatningane kring etableringa av Israel. Benny Morris er ein av dei mest kjende av desse, saman med Ilan Pappé, Avi Shlaim, Tom Segev.

1948 er eit problematisk år på fleire måtar og er som sagt gjenstand for mange mytar. Ein av desse mytane om den israelske David og den arabiske Goliat, der eit militært underlegent Israel kjempa mot dei talmessig overlegne arabiske hordane. Dette viste seg snarare å vere omvendt, der det var Israel som var den overlegne part, både militært, talmessig og strategisk. Men dette er ikkje noko nytt. Christiansen skriv om er mellom anna at «mens faghistorikerne stort sett er enige om hva som skjedde, krangler de så akademikerbusta fyker om hva som var de stridende parters planer, vurderinger og beveggrunner.»

Eit døme på slik krangling er ei bok av ein Ilan Pappé, The Ethnic Cleansing of Palestine. Denne boka går ganske langt i å hevde at det som gjekk føre seg i 1948 var, etter dagens standardar, ikkje noko annan enn etnisk rensing frå israelarane si side. Pappé argumenterar for at sionistane og Israel gjekk inn for å etnisk rense store delar av Palestina for arabarar for å sikre ein jødisk majoritet i den nye staten. Det å skape «fakta på bakken». Det som vart Israel sine grenser etter krigen dekka eit større område enn det jødane hadde vorte tildelt i delingsplanen til FN, som igjen hadde dekka område der jødane berre vart ein knapp majoritet. Pappé skriv at dersom 1948 hadde hendt i dag kunne det berre vorte kalla etnisk rensing og samanliknar metodane israelarane brukte med hendingane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet.

Sjølv om 1948 var året Israel vart erklært etablert varte krigen mellom Israel og deira arabiske naboland til 1949. Samstundes er det òg viktig å peike på at det herska den borgarkrigsliknande tilstanden som herska i britisk Palestina etter at delingsplanen til FN vart lagt på bordet i 1947.

Av norske bøker som tar for seg 1948 kan eg trekke fram Odd Karsten Tveit si Alt for Israel, der han trekker fram kva rolle Noreg og nordmenn spelte i området. To andre norske bøker som omhandlar er dei to korrespondanseskildringane til Albert Henrik Mohn; Araberne og Palestina og Frontlinjer mellom Øst og Vest: Øst-Tyskland, Hellas, Israel.

Aftenposten har ei samleside om Israel-Palestina-konflikta der dei mellom anna har lagt opp fleire gamle artiklar som var å lese i Aftenposten i 1948.

Advertisements

For litt over eit år sidan fann eg ei bok av forfattaren, utanrikskorrespondenten og journalisten Albert Henrik Mohn (1918-1999). Boka heitte Arabiske Korsveier: fra Algerie til Kuweit og kom ut i 1959. Sidan eg studerer Midtausten fann eg boka svært interessant. Sjølv hadde eg aldri høyrd om Mohn, men eg fann raskt ut at han var godt kjend og hadde skrive eit utal bøker frå reisene sine rundt om i verda. Ein del av desse reisene som omhandla Midtausten fann stad i ein svært interessant og spennande periode. Eg har sjølv berre lese denne eine boka hans, men eg har i mindre grad prøvd å skaffe meg fleire. For min eigen del vil det vere interessant å lese om reisene hans i Israel/Palestina i 1949, i Egypt i 1952, i Jordan i 1957, i Algerie i 1954, i Irak i 1958 og i Israel/Palstina på nytt i 1967/68. Desse årstala vil vere kjende for dei som har ein viss kjennskap til regionen.

Medan eg leitte etter Mohn sine bøker på nett i dag fann eg ein ny og kanskje like spennande reisande, Georg Wasmuth Sejersted (1896-1982). Sejersted har eg heller ikkje høyrd om før, men han skal vere ein av pionerane innfor for norsk reiseskildring. Midausten var ein av stadane han reiste til og han gav ut fleire bøker frå regionen frå 1930-talet til ut på 1950-talet. Av bøkene eg har funne på nett har han reist mykje i ørkenen på den arabiske halvøya, mellom anna i Jordan og Saudi-Arabia.

Sidan eg ikkje har lese nokon av desse bøkene, utanom ei, er det vanskeleg å vite heilt kva type bøker det er snakk, om det er fagbøker eller reiseskildringar. Den eine eg har lese av Mohn var ei reiseskildring skriven av ein journalist der det var mykje fokus på politikk og dette er eit sannsynleg fokus i dei andre bøkene til Mohn. Kva bøkene til Sejersted er, er meir usikkert, men ut i frå titlane på bøkene hans ser det ut til å vere ei blanding. Medan nokon av dei har titlar som Orient. Fra Bagdad til Ibn Sa’uds land frå 1942, har ei bok utgjeve i 1936 tittelen Lawrence og hans arabere, eit år etter Lawrence døydde og den kan difor godt vere ei fagbok.

På nett er det lite anna informasjon å finne om bøkene forfattar og boktittel, men for min del er titlane interessant nok til å ta ein nærmare kik. Dersom ein er interessert i litt eldre norske bøker ein ikkje får tak i gjennom dei nye bokhandlane kan www.antikvariat.net vere ein god stad å leite, eventuelt kan ein ta seg ein tur på biblioteket.