Innlegg merkte med ‘Aftenposten’

I følgje ein artikkel på aftenposten.no ynskjer Frp å flytte den norske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. Grunnlaget for denne påstanden er ein veljarguide sett saman av ein ny organisasjon kalla Kristenfolket, som har stilt fleire spørsmål til «samtlige ikke-sosialistiske kandidater». Eit av desse spørsmål er:

3. Vil du støtte flytting av den norske ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem i kommende periode?

Av svara dei fekk frå Frp sa 94% ja til ei slik flytting (mot 83% frå Krf). Av dei som svara ja var mellom anna partileiar Siv Jensen og Frp sin utanrikspolitiske talsmann Morten Høglund, som fekk eit lite pluss i boka av meg etter å ha vitja Gazastripa tidlegare i år. Høglund uttalar til Aftenposten at ei slik flytting er Framstegspartiet si prinsipielle haldning, men at dei har respekt for at det heile er omstridd og at ein må gå varsamt fram. Høglund reservera seg samstundes og legg til at ei flytting vil skje, men ikkje før situasjonen er moden for det. Høglund svara likevel ja til å Kristenfolket sitt spørsmål om å flytte ambassaden i kommande periode, noko som vil seie innan dei neste fire åra. Slik eg ser det er det lite truleg at situasjonen vil modnast nok til eit slikt ekstremt steg på so kort tid. Høglund sitt ja var kanskje mynta på ei flytting «før eller seinare» og kanskje etter at statusen til Jerusalem er slått fast i endelege fredsforhandlingar og/eller liknande, men då å svare ja på at det skal skje i kommande periode viser berre lite innsyn og dårleg dømmekraft.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre reagerar kraftig mot dette og karakteriserar det som «et standpunkt som vil være ekstremt i internasjonal politikk», noko eg seie meg heilt einig i. Med eit lite unntak av International Christian Embassy, er det ingen andre ambassadar å finne i Jerusalem, det einaste ein finn elles er generalkonsulata til Hellas, Italia og USA. (Ei oversikt over utanlandske ambassadar i Israel finn ein her).

Ei slik flytting vi slik Støre seier vere «en aksept av israelsk okkupasjon» av dei palestinske områda. Dette vil òg vere ein overraskande og, slik eg ser det, ein ganske tåpeleg åleinegang av Noreg som vil føre lite positivt med seg og heller øydelegge rolla Noreg forsøker å spele som ein nokolunde nøytral part. Støre påpeikar mellom anna at ikkje ein gong George Bush den yngre valde ei slik løysing, trass i at den amerikanske kongressen i 1995 under Clinton vedtok Jerusalem Embassy Act som slo fast at «Jerusalem should be recognized as the capital of the State of Israel; and the United States Embassy in Israel should be established in Jerusalem no later than May 31, 1999«. Sjølve flyttinga er derimot utsett gjentatte gongar av den amerikanske presidenten, trass i at Israel og USA har vorte einige om ei potensiell plassering av ambassaden i Jerusalem.

Ei flytting vil i tillegg stri med FN sine gjentatte vedtak, men no er ikkje Frp den største tilhengaren av verdsorganisasjonen av norske parti. Men sjølv om Frp vinn valet i september tvilar eg på at dette er noko anna enn berre prat og veljarfrieri (det vil seie med mindre det blir ei Frp-Krf-regjering, noko som ikkje er særleg sannsynleg).

Radioselskapet på P2 hadde i går ein liten reportasje om kongen av Jordan, Abdullah II. Dei presenterarar han i byrjinga slik:

Kongen som gjev slott til fattige born, gjev blod til palestinarane i Gaza, er gift med ein av dei finaste kvinnene i verda og er kalla den nye Elvis fordi han kler seg ut for å kunne snakke fritt med folket sitt.

Abdullah II har rykte på seg for å snike seg rundt i landet forkledd som ein vanleg mann for å sjå korleis den vanlege jordanar bli behandla. Sist gong skal han ha vore på legevakta forkledd med lausbart og lausskjegg. Han skal òg ha vitja likningskontoret med parykk, men John Hultgren, journalist i Aftenposten og utanrikskorrespondent i Jordan i tre år, tvilar derimot litt på denne myten.

Ein kort, men artig liten reportasje om Jordan og Adullah II.

Reportasjen finn her du på NRK Nettradio.

Den israelske animasjonsdokumentaren Vals med Bashir blir no satt opp på norske kinoar. Premieredatoen er fredag 20. februar og eg oppfordrar alle til å sjå den, spesielt dei med ei interesse for Midtausten og/eller god film.

Eg såg filmen på BIFF i fjor og skal sannsynlegvis sjå den når den kjem til Noreg att. DVDen kan kjøpast frå play.com frå 30. mars. Filmen har god musikk og eit godt lydspor. Mange av lydeffektene i filmen skal i tillegg vere ekte opptak frå krigen i Libanon.

Til tross for at denne filmen handlar om Libanonkrigen i 1982, og er kritisk til den israelske krigføringa der, vart den ikkje satt opp på kinoar i Libanon. Grunnen til dette er at Libanon, og mange andre arabiske land, har bannlyst alle israelske filmar. I følgje Haaretz var visstnok filmen vist i Beirut likevel, men dette var ei privat framsyning med omlag 90 personar (der 40 hadde vorte invitert.). Framsyninga fann òg stad i nærleiken av Hizbollah sitt hovudkvarter. I følgje arrangørane for framsyninga vil filmen bli spreidd og piratkopiert over heile Libanon so snart den kjem på DVD.

Her ein av trailerane til filmen:

Eg har tidlegare skrive to innlegg om denne filmen her.

Dagbladet har no sett filmen og ein kan lese kva dei syns om den her: «Dødsdansen». NRK, BA og Aftenposten har òg sett nærmare på filmen. VG og Bergens Tidende var likevel dei som var mest rause med terningen.

Kjetil Lismoen har skrive ein interessant artikkel om israelsk film og nasjonal identitet i Aftenposten: «Kultur – boikottens siste vals?»

USA sin nye monsterambassade i Baghdad vart offisielt opna i dag i følgje BBC, eit og eit halvt år etter planen. Ambassaden er ein av dei aller største, om ikkje den aller største, som er bygd. Amerikanarane, eller rettare sagt billig og uetisk importerte arbeidarar, har bygd på Fortress America sidan midten av 2005. Ambassaden er bygd med eit stort fokus på tryggleik og skal kunne huse heile 4.000 personar. Ambassaden, som er nesten like stor som Vatikanstaten, har dette å by på: 619 husvære som kan stå i mot eksplosjonar, ein eigen kraftstasjon, vassverk og avfallstasjon, to store diplomatbygg i tillegg til gymsal, handlesenter, symjebasseng og kino. Festningen skal visstnok ha kosta 740 millionar dollar og for å halde det i drift må ein ut med 1,2 milliardar dollar i året.

Ambassaden, med tanke på både mannskaps- og arealstorleik, vitnar ikkje mykje om at amerikanarane har tenkt å trekkje seg ut av Irak med det første. Slike konstruksjonar fortel heller at her har dei tenkt å bli lenge.

Ambassaden kan diverre for amerikanarane allereie vere avleggs i følgje denne lettare kritiske artikkelen frå november  2007:

The Mega-Bunker of Baghdad

–  –  –  –

Velkomen etter til Aftenposten forresten ( USAs nye ambassade i Irak åpnet ). Eg er spent på kvifor biletet dei brukar har det amerikanske flagget på halv stang.

Pyramideoppussing

Posta: Sundag, 4 januar, 2009 under Articles, travel
Stikkord:, , , , ,

Cairo - Camels and a Pyramid

Aftenposten Reise skriv at Pyramidene skal skinne på ny ved å gjennomgå eit storstilt oppussingsprosjekt. Den første fasen av arbeidet er allereie i gong; sand- og asfaltvegar skal erstattast med ein storstilt veg av sandsteinheller og heile pyramideområdet skal murast inne. Det sistnemde for å halde bort plagsame souvenirseljarar og folk som nesten påbyr ein kamel- og hesteturar.

Sjefsarkitekten Tarek Nega vil attende til slik det var i dei dagar då Napoleon med sin hær tok turen ned til Egypt. Nyare bygningar skal mellom anna rivast og eit turistsenter med meir skal byggast diskret inn i landskapet. Nega meiner at «det er jo absurd at noen av historiens største bygningsverker får lov til å bli forurenset og tilgriset på den måten. Sfinksen har utsikt til Pizza Hut. Det er en parodi, en tragedie, rett og slett.»

Cairo - Tourist busses and a Pyramid

Eit slik oppussingsprosjekt er, etter mi eiga erfaring med pyramidane, på tide.Då eg var der for tre år sidan var området prega av kaos og rot. Rundt om i sanden låg det strødd med plastflasker , pepsiboksar og anna boss. Det såg med andre ord ikkje spesielt innbydande ut. Noko av det første eg tenkte var at dei i det minste kunne raka sanden og plukka opp alt bosset. Det at digre busslastar med turistar øydela ein del av heilskapen hjalp heller ikkje. Bussane kunne lett ha blitt parkert eit stykke utanfor området slik at dei ikkje forstyrra i like stor grad.

Cairo - Lonely Camel

Det er derimot ikkje utelukkande positive sider med ei slik oppussing. Det vil sannsynleg sjå både flott og imponerande ut, men det er ei fare for at det vil få eit litt for kunstig preg og kanskje miste litt av sin sjarm. Pyramidane er ikkje berre interessante av di dei er imponerande byggverk, men òg på grunn av at dei er eldgamle og då passar det seg ikkje heilt at dei ser spildrandes nye ut. Oppussing er bra, men det kan somme tider bli for mykje av det gode. Det at Pizza Hut og liknande blir fjerna har eg derimot svært lite i mot. Slikt høver seg ikkje heilt og er eit døme på det verste med ei kaotisk og delvis uplanlagd utvikling av turisme rundt slike historiske stadar.

Cairo - Busses

Sjølv ynskjer eg oppussarane lukke til og vonar resultatet gjer til at ein tur til pyramidane blir meir enn berre greitt nok.