Arkiv for kategorien ‘Ymse’

Bloggen har flytta

Posta: Tysdag, 10 desember, 2013 under Ymse

Bloggen min er no flytta over til ei adresse.

This blog has been moved to:

Denne bloggen blir difor ikkje oppdatert. Du finn òg alle blogginnlegga frå den gamle bloggen på den nye bloggen òg.

Advertisements

Litt uro i Jordan

Posta: Sundag, 11 desember, 2011 under Articles, Ymse
Stikkord:, , , , , , ,

Ambassadeåtak

Det har fleire gonger vore demonstrasjonar utanfor den syriske ambassaden her i Amman, men i dag ser det ut til å ha gått gale. Demonstrantar frå Syria gjekk til åtak på ambassaden og prylte opp konsulen, ein diplomat, ei vakt og nokre få andre tilsette. I følgje den syriske ambassade sa demonstrantane at dei hadde noko papirarbeid dei skulle gjere ferdig. Jordansk politi skal ha arrestert om lag åtte personar. Ein person, som skal vere ein syrisk flyktning, vart arrestert av ambassadevaktene.

Stammeopptøyar

Beiterettar og tilgang til beite er framleis eit tema som skapar problem i Jordan, om kanskje ikkje i like stort omfang som for 90 år sidan. I går var det nemleg opptøyar i sørlege Jordan då medlemer av Hajaya-stammen blokkerte Hovudveg 65, betre kjend som Desert Highway, ei av dei viktigaste fartsårene i landet. Hajaya-stammen er ein av dei større beduinstammane i Jordan. Opptøyane kom som følgje av ein fredleg demonstrasjon i Qatraneh i Karak-regionen der ei stamme delte ut flygeblad mot at styresmaktene selde beitemarkene deira til investorar. Guvernøren i Karak greidde forhandle fram at dei skulle opne vegen att, men i følgje Jordan Times heldt dei ikkje lovnaden sin og han måtte sende inn tryggingsstyker for å ordne opp. Desse sørga for å opne vegen att etter nokre timar, men ikkje utan eit lite samanstøyt med demonstrantane.

Det slutta heller ikkje der. Innbyggarar frå byane og landsbyane omkring vart forbanna på stammefolket sidan dei forstyrra dagleglivet. Dei drog for å tvinge Hajaya-stammen til opne vegen att, men politi overtalte dei til å halde seg borte. Det var lettare kaos ein periode sidan hundrevis av bilar ikkje fekk køyre korkje nord eller sør.

Desert Hwy - Trucks on airstrip Karak - View

Universitetsvald

På laurdag var det om lag 25 yngre jordanarar som demonstrerte utanfor statsministeren sitt kontor for å markere avstand frå valdsepisodane som har funne stad ved fleire universitet i Jordan den siste tida. Valden skal vere forårsaka av konfrontasjonar mellom enkeltmedlemer av stammar, som igjen har dratt inn den meir utvida familien til kvar enkelt. Favorisering, wasta, når studentar brukar sine kontaktar for å skaffe høge karakterar utan å vere på førelesingar, skal òg vere ein medverkande faktor.

Studentpolitikk er viktig: Ei interessant løysing til dette skal visstnok vere å innføre/tillate «politiske parti», studenlister om ein vil, ved universiteta. Dette vil auke kunnskapen om konsekvensane av vald hjå studentane, i følgje ein av demonstrantane. Valden forstyrrar undervising, skadar dei jordanske universiteta sitt renommé og kan føre til at utanlandske studentar ikkje vil studere her, seier ein tidlegare student.

Reint personleg har eg høyrd rykter om at det var ei knivstikking ved Universitetet i Jordan for nokre veker sidan, men dette er ikkje stadfesta.

Amman - University Road

Arabisk historie, vestlege kjelder

Posta: Laurdag, 10 desember, 2011 under Articles, Ymse
Stikkord:, , ,

Robert Fisk skreiv i 2008 at arabarar må basere seg på britisk og israelsk kjeldemateriale for å skrive si eiga historie. Slik er ståa framleis, og fram til i år har det ikkje vore mange teikn til at det skulle endre seg. Vil den arabiske våren ha noko å seie for kva kjelder arabiske forskarar kan basere seg på?

Behind [a staute of Hafez al-Assad] lie the archives of his dictatorship. But not a single state paper is open to the people of Syria. There are no archives from the foreign ministry or the interior ministry or the defence ministry. There is no 30-year rule – for none is necessary. The rule is for ever. There is no Public Record Office in the Arab world, no scholars waiting outside the National Archives. […] It is the same in Cairo, in Riyadh, in Beirut and in Tripoli. Dictatorships and caliphates do not give away their secrets. The only country in the Middle East where you can burrow through the files is called Israel[.]

London - Archive Research

I Vesten og Israel er riksarkiva opne for alle som ynskjer tilgang. Dei fleste dokument blir gjort tilgjengelege etter at det har gått ei viss tid. I USA er hovudregel at alt blir gjort tilgjengeleg etter 50 år, medan det i Storbritannia er delt inn i 30, 50 og 75 år. Alt blir uansett tilgjengeleg til slutt.

London - Archive Rules [edit]

I riksarkiva finn ein det meste av papir, saksdokument, korrespondanse, avtalar, interne diskusjonar, ordrar m.m. knytt til staten og forskjellige departement. Dette er ikkje noko ein finn i Midtausten, ein region med ein god del autokratiske regimer som ikkje er altfor glade i folk som snokar rundt i fortida deira. Om det eksisterer eit arkiv so har ein ikkje tilgang, seiast det.

Dei nasjonale mytane er viktige og står sterkt i mange land. Dei er ikkje lette å punktere, og kvar gong dei blir utfordra blir det debatt og tidvis kontroversar. Ein kjenne dette sjølv frå norsk historie og alle «oppgjera» som er tatt med hendingane under andre verdskrig og oppgjeret med landssvikarar i tida etterpå. I Tyrkia er det framleis problematisk og svært kontroversielt berre å kalle deportasjonane av armenarane i 1915 for folkemord, noko som ikkje ein gong er ein del av det moderne Tyrkia si historie, men Det osmanske riket.

I Israel vart dei nasjonale mytane og den offisielle versjonen av Israel si historie og etablering utfordra av grundig arkivforskning frå det som har vorte kalla dei nye historikarane. Dette kom som ei følgje av at dei israelske statsarkiva frigjer statspapir etter 30 år og gjer dei offentleg tilgjengelege. Dette skapte ikkje overraskande både kontroversar og debattar som framleis lever. Å slå hol på nasjonale mytar er som sagt vanskeleg.

Storbritannia og Frankrike var svært aktivt inne i den politiske utviklinga i Midtausten under og etter første verdskrig, for å seie det mildt, og dei skapte og styrte direkte og indirekte dei fleste statane der. Kjeldene deira er difor både rike og fyldige, men dei er skrive av dei styrande, ikkje dei styrte. Ein finn brev frå arabiske statsleiarar m.m., som ein ikkje finn eller får tilgang til i staten til avsendaren, som til dømes dette brevet under frå Ibn Saud, skrive i 1925:

London - Letter from Ibn Saud, 1925

Det Fisk påpeiker i artikkelen sin er at det er dei statlege dokumentarkiva ein ikkje har tilgang på. Det er elles mange kjelder basert på intervju, dagbøker og private arkiv. Eit lite døme er boka Year of the Locust som er basert på tre dagbøker skrive av tyrkiske og palestinske soldatar under første verdskrig. Men det like fullt ikkje statsdokument. Det er ikkje interne diskusjonar i regjeringa og departementa. Det er ikkje utarbeiding av strategiar og planar. Det er ikkje statlege ordrar. Det er ikkje noko som fortel kva informasjon staten hadde og korleis dei handterte denne. Dette, om det fins, ligg i dei statlege nasjonalarkiva.

London - Research Material

Den arabiske våren

Dei sovjetiske statsarkiva vart i løpet av 1990-talet delvis opna for offentlegheita som følgje av oppløysing av Sovjetunionen i 1991. Over 70 år tidlegare hadde dei revolusjonære i Russland offentleggjort ei rekkje løynde avtalar staten hadde med andre statar. Ei av desse var den svært kontroversielle Sykes-Picot-avtalen frå 1916. Grunnen til at eg nemner dette er den arabiske våren, som no snart er eit år gammal.

Førebels er det alt anna enn sikkert om korleis det heile endar. Det er ei av de største omveltningane i Midtausten på lang tid og ein vil sannsynleg sjå fleire forskjellige styresett enn dei ein har sett til no. Ei personleg von eg har er at opprøra skal føre til betre ytringsfridom og større offentleg debatt, og som ei følgje av dette at nokre riksarkiv skal bli opna for offentlegheita, og at folk skal få tilgang og innsyn til si eiga historie. Ein revolusjon kan føre til at ein vil offentleggjere «udådane» til det gamle regimet, men dette er langt frå sikkert.

NB: Mykje av det som er omtalt til no er moderne politisk historie. Ei opning av arkiva opnar òg for eit breiare kjeldemateriale innanfor mange andre og vel so viktige felt. Det egyptiske nasjonalarkivet er forresten eit av dei eldste i verda, ti år eldre enn Public Record Office i London.

Kongeleg kronologi

Posta: Onsdag, 14 september, 2011 under Ymse
Stikkord:, , ,

Setlane i Jordan har bilete av den noverande og dei tidlegare jordanske kongane i tillegg til faren til den første. Undrast kva dei skal gjere når neste kongen kjem.

Royal Currency

Rekkjefølgja er slik f.h. (JD = Jordansk Dinar):

1 JD: Sharif Hussein b. Ali: Sharif av Mekka og konge over Hijaz (r. 18 – 1924). Leiar av Det arabiske opprøret mot Det osmanske riket under første verdskrig. Kom skeivt ut med britane og abdiserte til fordel for sonen Ali, men mista til slutt Hijaz (1925) til Ibn Saud, grunnleggaren av Saudi-Arabia. Sonen Feisal vart seinare konge i Irak.

5 JD: Emir, og seinare, Kong Abdullah I av Jordan (r. 1921-1951): Ambisiøs son av Hussein. Grunnla Emiratet Transjordan under britiske overherredøme i 1921. Blir konge av det sjølvstendinge hashemiske kongedømet Jordan i 1946. Erobra og annekterte Vestbreidda under krigen med Israel i 1948/49. Vart drepen av ein palestinar i Jerusalem 20.juli 1951.

10 JD: Kong Talal I: Son til Abdullah I (r. 1951-1952). Regjerte berre ei kort lita stund før han abdiserte grunna helsemessige årsakar (mogleg schizofreni). Betra visstnok forholdet mellom Jordan og Egypt og Saudi-Arabia.

20 JD: Kong Hussein I (r. 1952-1999): Gjekk ved sidan av bestefar kong Abdullah I då han vart skoten. Krona til konge som 16-åring og gift fire gongar. Styrde Jordan gjennom ein svært kritisk og turbulent periode med m.a. kuppforsøk i 1957, avskaffa semidemokratiske val i 1957, statskupp i hashemiske Irak 1958, seksdagarskrigen mot Israel i 1967 der Vestbreidda gjekk tapt, borgarkrig mot palestinske grupper i 1970-71, Yom Kippur-krigen i 1973, intifadaen i Palestina 1987-1993, gjeninnførte semidemokratiske val i 1989, Gulfkrigen 1990-91, fredsavtale med Israel i 1994. Vart ein populær konge.

50 JD: Kong Abdullah II (r. 1999-): Sonen som ikkje skulle bli konge, men vart det likevel då Hussein ombestemte seg på dødsleiet. Er gift med dronning Rania som har palestinske opphav. Står for ei viss demokratisering av Jordan og økonomisk liberalisering.

Royal Currency II

Dershowitz i Bergen

Posta: Torsdag, 31 mars, 2011 under Ymse
Stikkord:,

Måndag 21. mars gjesta forsvarsadvokaten Alan Dershowitz Bergen og haldt eit føredrag på Dragefjell om «Israel og folkeretten» i regi av juridisk studentutvalg (JSU) og ELTA (European Law Student Association). Dershowitz gjesta Oslo og Trondheim i tillegg. Det vart rett nok ikkje særleg mykje prat om folkeretten, noko ein nesten kan forvente når temaet er Israel.

Det var først då han  kom til Oslo og tala der at det vart plukka opp av media trass i at han var i Bergen kvelden før. Student- og lokalmediene i Bergen plukka det ikkje opp, men det kan vere at dette skuldast dårleg promotering. Nokre kommentatorar hevda han drog fullsatte salar i alle tre byane, men dette stemmer ikkje for Bergen, der salen ikkje ein gong var halvfull.

Etter det eg har høyrd frå artiklar, vener og kjende utgjorde alle tre for det meste det same showet, for det var meir eit show enn eit føredrag. Det bar, slik mange har peikt på, sterkt preg av at han er ein amerikansk forsvaradvokat. Polemikken stod sterkt og drukna for det meste dei gode poenga han hadde. Han framstod politisk ikkje på nokon måte som ekstrem, og presenterte seg i stor grad som moderat (pro-israel og pro-palestinsk).

Artikkelen han skreiv i etterkant av besøket i Noreg (Norway to Jews: You’re Not Welcome Here) viser for min del at alt Dershowitz kjem med ikkje kan takast seriøst. Teksten svarar ikkje til overskrifta, og dei døma han trekk fram er ikkje representative nok til å trekke slike konklusjonar. At han faktisk ikkje har orka å finne den rette stavinga av namnet til Kåre Willoch er dårleg. Sitatet av Willoch han trekk fram her trakk han fram under føredraget og gjentok det fleire gongar. (Astrid Meland diskutert dette sitatet og debatten rundt det i 2009 på bloggen hennar: Kåre Willoch rasist?)

Artikkelen hans speglar til ei viss grad føredraget hans, der ein trekk fram punkt ein ynskjer fokusere på og arbeider ut frå dei. Føredraget hans kan kortast raskt ned til at det eksisterer verre statar enn Israel i denne verda, og at det er eit unormalt stort fokus på denne vesle staten.

I byrjinga av føredraget sitt oppfordra han publikum til å utelukkande stille kritiske spørsmål til han på slutten, ros kunne ein kome med etterpå. (Dette minna meg kort om John Cleese sitt siste show der han oppfordra folk til berre å kome med fornærmande spørsmål). Spørsmålsstillarane skulle få eit minutt kvar å stille spørsmål.  Det var difor litt synd at Dershowitz ikkje alltid let spørsmålsstillarane spørje ferdig før han svarte brutalt på spørsmåla. Det kan òg seiast at spørsmålsstillarane gjerne kunne kome med litt betre spørsmål.

Til sjuande og sist kan det seiast at føredraget var interessant, men ikkje særleg nytt. Eg kunne tenkt meg å høyre mykje meir om internasjonal rett og Israel enn det som kom fram. Det interessante var eigentleg føredragshaldaren og kjendisstatusen hans meir enn det han faktisk sa.

Ymse andre artiklar og kommentarar om besøket:

Eirik Løkke: Der-show-itz i Oslo

Universitetsavisa: Dershowitz kom – så gikk alarmen og Universitetene sa nei – studentene takket ja

På Høyden: Fikk ikke snakke om Israel

Knut Olav Åmås: Stjerneadvokaten som forsvarer Israel

Micheal Melchiorm: Utenfor virkeligheten