Oljesøl i Raudehavet

Posta: Laurdag, 26 juni, 2010 under Articles
Stikkord:, , , , ,

Det skal ha vore eit utslepp av olje i frå ein av dei egyptiske oljeriggane i Raudehavet. Utsleppet skal vere under kontroll og 90% av oljesølet skal allereie vere rydda opp i følgje egyptiske styresmakter. Utslepp hendte i området like nord for den egyptiske bade- og turistbyen Hurghada, men takka vere barrierer dreiv ikkje oljen i land på private strender, berre offentlege. Dette var noko ein tenestemann for Egyptian General Petroleum Corporation passa på å understreke. Dei offentlege strendene var i tillegg berre stengde i nokre dagar.

Turiststrender skal likevel ha vore råka og totalt skal det vere snakk om totalt 160 kilometer med kyst som er forureina av oljen. I følgje Jordan Times kjem oljesølet ikkje til å råke Akabagolfen. Direktøren for Royal Marine Conservation Society (JREDS) har framheva at utsleppet vil ha innverknad på økosystemet i Raudehavet, men at dette vil vere avgrensa.

Egyptiske styresmakter vurdera å redusere talet på oljeplattformar i Raudehavet og Suezkanalen på grunn av oljeutsleppet. Det er no heile 188 riggar i området i følgje det egyptiske oljeministeriet, eit tal som har vorte kritisert av egyptiske miljøvernarar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s