Svensk-israelsk diplomatikrise over Aftonbladet-artikkel om organhausting

Posta: Sundag, 23 august, 2009 under Articles
Stikkord:, , , , , , , , , , , , , , ,

Den 17. august publiserte det svenske Aftonbladet ein artikkel der israelske soldatar blir skulda for å hauste organ frå palestinarar og dinest selje dei vidare på svartebørsen: ”Våra söner plundras på sina organ”. Artikkelforfattaren Donald Boström knytter det saman med korrupsjon- og organhandelsskandalen som nyleg vart avslørt i New Jersey, USA. Boström baserar skuldingane sine på intervju med palestinarar på Vestbreidda og Gaza-stripa i tillegg til ei sjølvopplevd hending i området i 1992. Han konkluderar på slutten av artikkelen sin slik:

Vi vet att behovet av organ i Israel är stort, att en omfattande illegal organhandel pågår, att det skett under lång tid, att det sker med myndigheternas goda minne, att högt uppsatta läkare på de stora sjukhusen deltar, liksom tjänstemän på olika nivåer. Och vi vet att palestinska unga män försvann, att de fördes tillbaka fem dygn senare under hemlighetsmakeri på natten, uppsprättade och hopsydda.

Dags att bringa klarhet i denna makabra verksamhet om vad som försiggår och vad som försiggått på de av Israel ockuperade områdena sedan intifadan startade.

Kvaliteten på og sanningsgehalten i artikkelen kan diskuterast og på meg verkar det som Boström trekk store konklusjonar utan gode nok prov. Sjølv ikkje den sjølveopplevde hendinga, slik Boström framstille den, er noko direkte prov for illegal organhandel, og koplinga med organhandelskandalen i USA (der organ skal ha blitt kjøpt i Israel og seld til USA) verkar ein smule svak. Problematikken rundt illegal organhandel er derimot interessant nok til å sjå nærmare på, og det blir spennade å sjå korleis skandalen i USA utartar seg.

[Oppdatering: Dagbladet har faktisk sett nærmare på saken. Dei fekk seint nyss i saken, men Astrid Meland i Magasinet på Nett har skrive ein bra og lenger artikkel om kor komplisert og vanskeleg organtransplantasjon er (organa blir til dømes ubrukelege om personen har vore daud i lenger enn ein halv time), og gjev i tillegg ei lita innføring i organtjuveri, illegal organhandel og konspirasjonsteoriar. Betre kvalitativt seint enn aldri med andre ord. Tilrådd lesing for interesserte.]

Reaksjonane frå Israel lot derimot ikkje vente på seg med dei klassiske skuldingane om rasisme og antisemittisme (mellom anna frå den israelske finansministeren Yuval Steinitz). Aftenposten skriv at utanriksminister Avigdor Lieberman trekk linene attende til nazisme og holocaust og kritiserar at Sverige ikkje fordømte påstandane i artikkelen med det same. Dette vart han i dag sterkt kritisert for i Haaretz av Tom Segev som avviser alle skuldingane til Lieberman:

The diplomatic scandal that Foreign Minister Avigdor Lieberman stirred over the article in the Swedish daily Aftonbladet is wrong since the government of a state that respects the freedom of the press is not responsible for what newspapers publish. That there was a demand for the Swedish government to «condemn» the article in question suggests Lieberman must still be thinking in Soviet terms.

The comparison between Sweden’s refusal to condemn the article and its alleged silence during the Holocaust will not further Israel’s foreign policy any more than the racist ideology of Yisrael Beiteinu.

Lieberman trua òg på torsdag med å sende ein skarp protest til utanriksminister Carl Bildt, men Bildt hevdar å ikkje ha motteke nokon form for protest frå Lieberman. Haartez melder i dag at statsminister Netanyahu har bedt om at svenske styresmakter førdømmer artikkelen:

«We’re not asking the Swedish government for an apology, we’re asking for their condemnation» og la til at historia var «reminiscent of medieval libels that Jews killed Christian children for their blood» (Israelsk tenestemann siterar det Netanyahu skal ha sagt).

Det har òg vore snakk om at Israel vil avlyse Bildt si planlagde statsvitjing til landet den 10. september. Bildt uttalte derimot i dag at det har aldri vore sikkert at det blir noko av denne vitjinga. På spørsmål om Bildt vil fordømme eller orsake artikkelen svara han slik:

– Nej. Det är i så fall Aftonbladet som får göra det. Jag är inte, och kommer aldrig att bli, ansvarig utgivare för Aftonbladet. […] Det jag försöker säga är att den som har kritik mot Aftonbladet får vända sig dit, inte till den svenska regeringen. Ansvaret för vad som publiceras i Aftonbladet finns där, inte i regeringen.

Bildt nektar for at det er ei diplomatisk krise mellom Sverige og Israel. Statsminister Fredrik Reinfeldt har òg uttalt seg om saken og viser til ytringsfridomen ein har i Sverige:

– Ingen kan begära att en svensk regering ska bryta mot våra egna grundlagar. Tryckfriheten är en omistlig del av det svenska samhället.

Aftonbladet sin sjefsredaktør Jan Helin forsvarar artikkelen slik:

Aftonbladet tar inte ställning till sanningshalten i sakuppgifterna. Artikeln är en opinionsartikel som återger den palestinska familjens vittnesmål och Donald Boströms ostridiga foto av en pojkes döda kropp som blivit uppsprättad.

Avisleiaren i Jordan Times samanliknar i dag heile saken til ei viss grad med karikaturstriden: Repeated history?

– : – : – : -: – : – : – : – : – : – : –

Andre artiklar om saken:
”Mamma har aldrig slutat lida, aldrig slutat undra”

’Vi obducerar – det är rutin’

Det var veckan då världen blev galen

«Without condemnation, Swedish officials may be unwelcome»

Palestinian news agency «confirms» organ snatching story

Sweden won’t decry «Aftonbladet» article

Artikkel førte til diplomatisk strid

Israel denounces Sweden’s silence on IDF organ harvest article

Swedish daily hits back at critics of IDF organ harvest story

Israel i storoffensiv mot Sverige

Og eit velkomen etter til Dagbladet: – Israel stjeler organer fra drepte palestinere

Til slutt krever ein israelsk advokat 45 millionar kroner: Saksøker Aftonbladet etter beskyldninger om israelsk organtyveri

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s