Attende til Libanon

Posta: Sundag, 26 oktober, 2008 under Articles, Documentaries
Stikkord:, , , , , , , ,

BIFF i år gjekk den israelske animasjon-dokumentariske filmen Waltz with Bashir. Den omhandlar traumane forskjellige israelske soldatar har etter Libanonkrigen med fokus på massakrane i dei palestinske flyktningeleirane Sabra og Shatila i 1982. Filmen går ut på at hovudpersonen ikkje klarar å hugse noko frå sjølve krigen og leitar opp andre soldatar som tok del for å prøve å hugse tilbake. Filmen er i tillegg ei blanding av dokumentar og teiknefilm og er på bakgrunn av det åleine verdt å sjå. Den er i tillegg ganske bra. Inntrykket ein får frå krigen i filmen kan minne om ei rekkje amerikanske filmar om Vietnam, men dette gjeld til dels berre utvalde segment og musikken brukt i desse. Waltz with Bashir (Bashir=Bashir Gemayel) er ein film det er absolutt verdt å få med seg, spesielt om ein er interessert i krigen i Libanon, og vil gje eit inntrykk ein ikkje vil gløyme med det første.

Filmen er regissert av Ari Folman og hovudpersonen representerar han sjølv. Eit langt intervju med han om filmen er å finne her. Filmen var òg ein del av filmfestivalen i Cannes si Official Selection 2008, der den i tillegg fekk ståande applaus.

Engelsk trailer:

Med tanke på krigen i Libanon hadde Dagbladet ein fin artikkel om tidlegare norske FN-soldatar på besøk i 30 år etter:

– Godt voksne mannfolk har grått siden i går

Dersom ein vil lese meir om norske soldatar i FN-teneste i Libanon vil eg tilråde Odd Karsten Tveit sine bøker Nederlag og Krig og Diplomati – Oslo-Jerusalem 1978-1996. For Libanon elles kan ein lese Robert Fisk si bok Pity the Nation: Lebanon at War.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s