14. juli 1958 – Eit militærdiktatur blir til

Posta: Måndag, 14 juli, 2008 under Ymse
Stikkord:, , , , , , , , , , , , ,

14. juli er nasjonaldagen til Frankrike og den vart i dag feira med pomp og prakt. Fleire aviser og fjernsynsstasjonar har hatt artiklar og reportasjar om akkurat dette. Det som ikkje har vorte via like stor merksemd, om noko i det heile, er at det i dag er nøyaktig femti år sidan revolusjonen i Irak.

Natt til 14. juli 1958 tok ei gruppe offiserar makta i Irak i eit blodig statskupp. Statskuppet, som var leia av brigader Abd al-Karim Qasim og oberst Abd al-Salam Arif, sette ein endeleg sluttstrek for det hashemiiske kongedømet i Irak som Storbritannia hadde oppretta i 1921. Monarkiet i Irak overlevde berre i 37 år, 26 av desse som sjølvstendig.

Den unge kong Feisal II og resten av kongefamilien vart brutalt myrda saman med den legendariske statsminister Nuri al-Said. Lika av den forhatte regenten Abdul Illah, Feisal II sin onkel, og Nuri al-Said vart dratt gjennom Bagdad sine gater.

Bak kuppet stod ei samling av misnøgde element i hæren. Dei kalla seg dei «frie offiserar» og var tydleg inspirerte av den karismatiske Gamal Abdul Nasser og hans statskupp i Egypt i 1952. Misnøya med styresmaktene i Irak var mykje grunna Irak sitt medlemskap i Bagdadpakta i 1955, Suez-krisa i 1956 og det at Irak hadde inngått ein union med det hashemiiske kongedømet Jordan i 1958. Kong Hussein av Jordan var tremenningen til kong Feisal II. Unionen mellom Irak og Jordan den 14. februar 1958 var eit svar på unionen mellom Egypt og Syria to veker før. Grunna statskuppet i Irak nøyaktig fem månader seinare vart Den arabiske union, som den vart kalla, kortlevd.

Abdul al-Karim Qasim som tok makta etter statskuppet satt i fem år før han sjølv vart kuppa og avretta av det sosialistiske, men nasjonalistiske, Baathpartiet i 1963. Det var Qasim, om enn kanskje noko motviljug, som innførte militærdiktaturet i Irak og med det la mykje av grunnlaget for at Baathpartiet, og med det Saddam Hussein, kom til makta. Qasim hadde i byrjinga oppriktige planar om å innføre eit meir demokratisk styresett i Irak og tillate eit fleirpartisystem. Lova som skulle tillate fleire parti let likevel vente på seg.

Hausten 1959 forsøkte Baathpartiet å drepe Qasim i eit misslukka attentat. Ein av dei som var med på dette attentatforsøk, og som måtte flukte etterpå, var Saddam Hussein. Qasim vart etter dette meir paranoid og stramma inn grepet han hadde om makta. Dette gjorde til at Qasim vart ute av stand til å samle folkemassane i sitt forsvar, slik han hadde gjort under revolusjonen, då Baathpartiet hjalp til å kuppe han i 1963. Qasim hadde med maktinnstramming støytt frå seg det irakiske kommunistpartiet, som lenge var ein av hans mest trufaste støttespelarar.

Bak statskuppet i 1963 stod òg hans tidlegare kupp-partner og medhjelpar frå 1958, Abd al-Salam Arif, som vart president. Då han døydde i 1966 tok broren Abd al-Rahman Arif over. Broren, som døydde i Jordan i fjor, sat til 1968 då Baathpartiet gjennomførte eit nytt statskupp der dei offisielt kom til makta. I 1963 hadde dei berre vore ein del av den nasjonalistiske opposisjonen, medan dei var meir åleine i 1968. Etter det kom Baathpartiet gradvis under kontrollen til Saddam Hussein , som vart president i 1979. Året etter invaderte han Iran.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s