Ukritisk omgrepsbruk

Posta: Laurdag, 12 april, 2008 under Articles, Ymse
Stikkord:, , , , , , , , ,

I ein mediakommentar i Morgenbladet 11. april skriv Tine Ustad Figenschou om «Krigen om ordene». Kommentaren hennar omhandlar israelske journalistar sin omgrepsbruk når dei skildrar konflikta med palestinarane. Ho viser mellom anna til korleis Israel, palestinarane og dei okkuperte områda blir skildra forskjellig i israelske media. I skildringa av israelsk presse viser ho at det alltid er palestinarane som er den aggressive parten medan Israel alltid er den som svarar på denne aggressiviteten. Palestinarane kidnappar medan Israel arresterar. I det heile er det ei presse der omgrepsbruken til det israelske forsvaret er repetert heilt til den er «internalisert og føles naturlig og objektiv.» Dette viser at dersom ein løgn blir fortald mange gongar og lenge nok blir det ei slags sanning. På same måte blir det trygt å bruke generaliserande omgrep om saker der ein ikkje veit nok om saka til å klassifisere alle drepne som terroristar eller eit område som ein krigssone.

Det Figenschou meiner er det viktigaste er at denne omgrepsbruken blir gjengjeve i norsk media og ho stiller eit spørsmål med tanke på dette: «Kanskje vi glemmer begrepenes ladning når konflikten er så langvarig og vi bor så langt borte?»

Reportarar utan grenser sin årlege rapport om pressefridom finn du her, om Israel og om Midtausten og Nord-Afrika.

Noko av det same problemet vart tatt opp av Stephen Colbert under humorinnslaget hans på Det kvite hus sin pressemiddag i 2006. Det at fram til då hadde journalistar i USA i stor grad berre skrive ned det som vart rapportert av og frå Det kvite hus utan å tenke mykje meir over det. På den måte fekk då Det kvite hus gjennom sin eigen omgrepsbruk. Omgrepsbruken gjekk med andre ord rett inn i pressa utan vidare spørsmål, som mellom anna «illegal enemy combatant».

I siste 60 Minutes på TV2 hadde dei ei sak om ein av desse «ulovleg stridande», Murat Kurnaz, som vart arrestert i Pakistan av politiet der og overlevert til amerikanarane i 2002. Det viste seg raskt at han var uskuldig, men satt likevel i fangenskap i Afghanistan og på Guantanamo i fem år.

60 Minutes-reportasjen finn du her.

Ei bok som omhandlar nettopp bruken av forskjellige omgrep om det som ofte kan kallast like situasjonar er Steven Poole si Unspeak. Der Colbert berre nemner problemet satirisk går Poole grundigare gjennom dette. Han går gjennom bruken av ord og omgrep som terror, ekstremisme, fridom, misbruk og liknande. Han går grundig gjennom mange av orda og forklarar utviklinga til kvart omgrep, det at definisjonen til mange ord har endra seg opp gjennom åra. Eit viktig poeng han tar opp er korleis nokre definisjonar for nokre ord og omgrep har utvida seg og skifta fokus. Eit anna poeng er korleis forskjellige omgrep er brukt av statar for å få positive konnotasjonar, som til dømes det militær-medisinske uttrykket «surgical strike»:

It is possible to consider surgery in terms of physical intervention with saws, scalpels, and needles, a form of violence that serves a greater good: hurting some parts of the body so as to restore the whole to health. If surgery is a war against disease or dysfunction, it is the ideal example of just war. … To turn the metaphor around and use images and terms from medicine in describing actual war could in this way have the effect of justifying the military action in question. (s. 107)

For min del foukserar boka litt for stor grad på Bush-administrasjonen og omgrepsbruken i deira «War on Terror», men han tar opp ein del viktige sprøsmål og går relativt grundig gjennom terminologien som blir brukt. No har det seg òg slik at boka er skriven på engelsk og er dimed ikkje alltid like relevant i forhold til norske media sin omgrepsbruk. Det er likevel vel eit poeng at det Figenschou skriv om at omgrepa i israelsk presse blir gjengjeve i norsk gjeld i same grad for omgrepa frå amerikansk presse.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s