«We are flying now at sea-level»

Posta: Onsdag, 27 februar, 2008 under Ymse
Stikkord:, , , , ,

På hausten 1937 leita arkeologar etter fleire arkeologiske og historiske stadar i Transjordan ved hjelp av fly. Med fly var det enklare å sjå formasjonar etter til dømes fort og vegar enn det var på bakken. Etter ein stogg i Amman flaug dei vidare ned mot den sørlege delen av landet. Då dei flaug over Daudehavet sendte piloten bak ein lapp der det stod: «We are flying now at sea-level.»

Daudehavet er i dag det lågaste punktet på jorda og ligg om lag 420 meter under havnivå. Havet synk no med omlag ein meter i året og vassnivået i Daudehavet låg litt høgare i 1937 enn det gjer i dag. I 1970 låg havet på 395 meter under havnivå. Dette er for det meste grunna utnytting av vatnet som renn ut i Daudehavet, eller rettare sagt som ikkje renn ut i Daudehavet lengre. Elva som mellom anna renn gjennom Wadi Mujib forsvinn nesten bokstaveleg talt ned i eit sluk rett før den når Daudehavet og blir sendt i røyr til Amman i nord og andre område i sør.

Advertisements
kommentarar
  1. gaute seier:

    Litt høgare = 35 meter?

  2. mybrainhurts seier:

    Kor mykje høgare det var er eg usikker på. Det er berre dei siste 50 åra eller noko at havnivået har sunke drastisk sidan det ikkje er før det at vassressursane som renn ut der har vorte skikkeleg utnytta. I følgje Wikipedia låg havet 395 meter under havnivå i 1970 og sidan då skal det ha sunke med 22 meter. Eg underdreiv òg kor fort havet synk, det skal vere omlag ein meter i året, ikkje berre ein halv.

  3. OldMack seier:

    I enjoyed this tale, even though I don’t speak your language. One can experience flight at sea level when flying across Death Valley. There used to be a Spanish style hacienda just east of the California-Nevada border with a dirt strip beside it. A friend and I landed there in a Piper Apache one cool day, went in and had lunch. Signs on the wall caution patrons to «BEWARE OF THE CATS!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s