Då kristne elefantar prøvde å øydeleggje Kabaen i Mekka

Posta: Tysdag, 19 februar, 2008 under Books
Stikkord:, , , , , , , , , , , , ,

Medan eg las ein omtale av sjølvbiografien til Harry StJ. B. Philby (of Arabia), ein viktig mann med tanke på Storbritannia si rolle i Midtausten etter den første verdskrigen, kom eg over ei lita historie om Kabaen i Mekka:  

På byrjinga av 500-talet sat den kristne keisaren Ella Asbeha i Etiopia og irriterte seg over ein massakre på kristne martyrar i Najran, som no ligg sør i Saudi-Arabia. For å hemne seg reiste han over Raudehavet til Jemen med ein hær og førte krig mot dei som skulle ha stått bak. Nokre år seinare hadde ein annan etiopisk keisar tatt over og hadde sett ein visekonge, Abreha, som guvernør av Jemen. Abreha var ein kristen mann som mellom anna hadde bygd ei kyrkje i Sana. Som ein kristen irriterte han seg over heidenske pilegrimar som valfarta til Mekka og ville difor setje ein stoggar for dette. Han samla dimed saman tretten elefantar og drog for å øydeleggje Kabaen, den heilage svarte steinen, som var svært heilag òg i førislamsk tid. Voktarane av Kabaen var Quraysh-stammen, stammen til Muhammad, som seinare ville bli Gud sitt sendebod. Voktarane var ikkje særleg glade i elefantar og flykta difor då Abreha kom. No stod ingenting mellom Abreha og den svarte steinen, med unntak av ei lite mirakel. Då visekongen nærma seg steinen nekta elefanten han rei på å gå vidare og sette seg i staden for ned. Dimed var visstnok Kabaen redda. Moralen her i vår vise er at elefantar er eit dårleg val dersom ein ynskjer å øydeleggjer heilage steinar.

Advertisements
kommentarar
  1. gaute seier:

    skal prøve å hugse det neste gang eg blir irritert på ein heilag stein. Kanskje prolemet eigentleg er at han tok med seg _tretten_ elefantar?

    og moralen heller er at når ein treng eit nummer av noke, so velg eit anna ein tretten.. med tretten er det jo alltid ein til overs.. mogleggens var den trettande elefanten i villråde og vart so forvirra at han satt seg ned ei lita stund. det såg dei andre og synst det var kuli og gjorde det samme.

    eller kanskje er det ikkje moral og berre noken ville lage ei fin historie som ser ut som den er full av moral.. slik at dei blir hugsa for alltid.

    – gaute

  2. Audun seier:

    Eg trur det mest var av di den heilage steinen er utanomjordisk, og elefantane nødig ville hamne i trøbbel med dei herskande delfinane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s