Med november kom regnet og kulda

Posta: Torsdag, 22 november, 2007 under Ymse
Stikkord:, ,

Med himmelen full av skumle skyer kom det første skikkelege regnet for om lag ei veke sidan og i går hølja det kraftig ned heile dagen. Småstore elver fossa ned dei mange bilbakkane i Amman og eg vurderte sterkt å kjøpe meg ein paraply. Denne veka tok eg òg i bruk tjukkelabbar, jakke og gassdriven varmeomn for første gong. Politiet i gatene har fått på seg vinterjakkene og heim frå arbeid i dag pusta eg frostrøyk. Lufta var kald og frisk, men med eit sterkt hint av eksos. Hovudstaden har den siste veka gått over frå sol og kakifargar til skyer og gråtonar.

I landet som er blant dei ti mest vassfattige landa i verda ser ein meir positivt på regn enn det ein som oftast gjer heime i regnvåte Noreg. Sjølv om kulda kom varma regnet hjarta til ein god del jordanske bønder.

Advertisements
kommentarar
  1. gaute seier:

    med andre ord ingen snø?

  2. mybrainhurts seier:

    Ikkje so mykje nei. Eg har høyrd rykte og sett bilete av snø her i Amman (det er tross alt 1000 moh), men det skal visst ikkje komme før til neste år om det kjem i det heile. Om det kjem snø skal eg ta eit bilete.

  3. gaute seier:

    forresten, kva er ein «bilbakke»?

  4. mybrainhurts seier:

    Det er eit ord eg nytta sidan eg ikkje kom på eit betre eit der og då. Amman var opphavleg byen mellom og på dei sju fjell, men no er det nærmare tjue. Av den grunn er det mange bakkar i alle fasongar her. Eg prøvde å kome kva ein veg som er i ein bratt bakke heiter. Det er ikkje akkurat eit brekke. Eg drog då nytte av den omfattande kunnskapen min frå «Onkel Skrues liv og levnet» av Don Rosa der Daudhestbakken vart Daudbilbakken og kallar då alle slike bakkar bilbakkar. Om du har eit betre ord set eg pris på det. Kanskje bratt veg?

  5. gaute seier:

    hm, steile bakkar? stupbratte bakkar? akebakke? siglebakke? nedoverbakke? men bilbakkar er eigentleg heilt ok, eg trur eg har brukt det og før, lurte berre på om det låg noko spesielt bak..

  6. audunkj seier:

    ein bilbakke er vel strengt tatt ikkje noko meir enn ein bakke for bilar, eller med bilar i, og ikkje treng han vere spesielt bratt heller. om du omtalar det som bratte bilbakkar derimot, daa snakkar vi. tre b’ar og masse a’ar!

  7. mybrainhurts seier:

    Alle bakkane her er ikkje so bratte, men nokon er, og det er vel i dei bakkane regnelvene renn striast. Regnet samla seg i alle fall i småstore elver på vegane i dei mange bakkane i Amman.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s