Jarnbaner og engelske beduinstammar

Den britiske draumen om ei jarnbane frå Calais til Calcutta var i tankane då britane var i ferd med å dele Midtausten opp mellom seg og franskemennene etter første verdskrig. Ideen om ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var noko av grunnen til at Storbritannia fekk innelemma Haifa og Akko i det britiske mandatet Palestina i staden for det franske Libanon. 

Tidleg på våren 1922 reiste den britiske representanten i Transjordan, St. John Philby, og jarnbaneingeniøren Major A. L. Holt frå Amman til Bagdad for å kartleggje moglegleiken for å legge ei jarnbane gjennom det då omdiskuterte området Wadi Sirhan, som i dag ligg lengst nord i Saudi-Arabia. I rapporten sin frå reisa skriv Major Holt om ein spesiell stamme i området som stakk seg ut frå beduinane, Sulubistammen.

Det spesielle med Sulubistammen var at dei var dei einaste som haldt til i ørkenen året rundt. Dei vart ikkje raida av dei andre beduinstammane og levde i følgje Holt eit liv i tryggleik i eit konfliktfylt område. Opphavet deira var prega av mystikk. Sulubistammen hevda dei var i slekt med engelskmennene og at det er hevda dei stammar frå europeiske krossfararar. Ordet Sulib tyder nemleg «kross». 

Til tross for deira fredfulle forhold med beduinane, såg desse ned på Sulubistammen og nekta mellom anna å gifte seg inn den. Holt meinte òg at moralen deira ikkje var like streng og at dei arbeidde litt med ting som var sett ned på av beduinane. I følgje Holt såg beduinane ned på alt arbeid som ikkje involverte å drive dyreflokkane sine og halde på med sportsraid mot underlegne motstandarar.

Opphavet til Sulubistammen var som sagt prega av mystikk og dimed følgde det naturlegvis med ei opphavshistorie som vart fortald Major Holt: 

For lenge sidan då Gud delte opp ørkenverda mellom dei forskjellige sjeikane sov leiaren for Sulubistammen og fekk dimed ikkje tildelt noko. Då han vakna vart han forferda av nyhenda og drog til Gud og gret over det tapet og ba på sine kne om å få tildelt ein del av verda. Gud var ikkje interessert i dette og fortalde at sidan verda allereie var delt opp kunne ikkje Sulubi-stammen få noko del. Gud gav likevel Sulubistammen eit lite plaster på såret og som trøst ville lagnaden deira vere å vandre på jorda i fred og frie frå plager. 

Holt fortel at det er eit faktum at gjennom heile den arabiske historia er Sulubistammen den einaste stammen som er fritekne frå å bli raida og at alle dei andre ørkenfolk respekterarar denne fridomen.

 

I kor stor grad dette er sant er for meg førebels vanskeleg å vite sikkert. Major Holt vart fortald dette i 1922 og skreiv historia ned året etter. Artikkelen til Holt er å finne på Jstor under namnet «The Future of the North Arabian Desert», men ein må ha godkjend tilgang til Jstor for å lese den (til dømes gjennom universitetet). Eg tvilar derimot på at det framleis stemmer i dag med tanke på dei enorme endringane den aktuelle regionen og beduinane har gått gjennom sidan då. 

Jarnbana vart aldri bygd, til tross for Major Holt sin optimisme og mange godord. Det var til slutt vanleg motorisert transport som vann fram over jarnbaneplanane i åra som følgde.

Då kristne elefantar prøvde å øydeleggje Kabaen i Mekka

Medan eg las ein omtale av sjølvbiografien til Harry StJ. B. Philby (of Arabia), ein viktig mann med tanke på Storbritannia si rolle i Midtausten etter den første verdskrigen, kom eg over ei lita historie om Kabaen i Mekka:  

På byrjinga av 500-talet sat den kristne keisaren Ella Asbeha i Etiopia og irriterte seg over ein massakre på kristne martyrar i Najran, som no ligg sør i Saudi-Arabia. For å hemne seg reiste han over Raudehavet til Jemen med ein hær og førte krig mot dei som skulle ha stått bak. Nokre år seinare hadde ein annan etiopisk keisar tatt over og hadde sett ein visekonge, Abreha, som guvernør av Jemen. Abreha var ein kristen mann som mellom anna hadde bygd ei kyrkje i Sana. Som ein kristen irriterte han seg over heidenske pilegrimar som valfarta til Mekka og ville difor setje ein stoggar for dette. Han samla dimed saman tretten elefantar og drog for å øydeleggje Kabaen, den heilage svarte steinen, som var svært heilag òg i førislamsk tid. Voktarane av Kabaen var Quraysh-stammen, stammen til Muhammad, som seinare ville bli Gud sitt sendebod. Voktarane var ikkje særleg glade i elefantar og flykta difor då Abreha kom. No stod ingenting mellom Abreha og den svarte steinen, med unntak av ei lite mirakel. Då visekongen nærma seg steinen nekta elefanten han rei på å gå vidare og sette seg i staden for ned. Dimed var visstnok Kabaen redda. Moralen her i vår vise er at elefantar er eit dårleg val dersom ein ynskjer å øydeleggjer heilage steinar.