UD på Flickr og Støre i Afghanistan

For litt over eit halvt år sidan klarte Utanriksdepartementet å kome seg på flickr og har sidan jamnleg kome med nye bilete frå ymse statsbesøk. UD oppretta flickr-kontoen sin dagen då Barack Obama kom på besøk og tok i mot Alfred Nobel sin fredspris i desember 2009. Det første biletet dei lasta opp var naturlegvis av presidenten sjølv med bokstavane NORGE og riksløva i bakgrunnen.

Siste oppdateringa er no at utanriksminister Jonas Gahr Støre har vore på besøk i Afghanistan hjå dei norske styrkane der.

Foto: Forsvaret/Morten S. Hopperstad [Utenriksdepartementet UD]

For dei som er som er interesserte brukar UD Creative Commons på innstillingane Attribution & No Derivative Works.

Taliban før NATO

Ein artikkel av Kristoffer Egeberg i Magasinet om Taliban og Afghanistan før landet vart invadert i 2001.

«Er dette «frihetskjempere» verden kan forhandle med

Egeberg ser på situasjonen i Afghanistan under Taliban-regimet i lys av Audun Lysbakken sin påstand om at folkesetnaden i Afghanistan har det verre no enn nokonsinne før, og at det beste er å trekkje styrkane ut or landet snarast mogleg.