Intet nytt fra Vestbredden

Siste nytt frå krigen i Gaza er at Hamas har erklært våpenkvile, nokre timar etter at Israel gjorde det same. Fokuset på Gaza har vore enormt sidan romjula og noko av det som har frustert media mest er at Israel ikkje slepp journalistar og liknande inn på Gaza-stripa. Det vi derimot ikkje har høyrd mykje om er Vestbreidda. Rett nok finn krigen stad i Gaza, men som ein del av dei okkuperte områda er det litt overraskande at ein har høyrd lite om og frå Vestbreidda sidan krigen starta. Det er litt merkeleg at nesten ingen reportarar eller journalistar har vitja Vestbreidda sidan det har gått tre veker og  ingen av har fått tilgong til Gaza-stripa. Det gjeld i stor grad norske media sidan det er ganske vanskeleg å få ei god nok oversikt over internasjonale media. Det var difor eg vart glad for å sjå denne artikkelen i Bergens Tidende i dag:

- Vi orker ikke en ny intifada

Når det gjeld internasjonale media har det heller ikkje vore ei særleg stor dekning av kva som skjer på Vestbreidda og korleis innbyggarane der har reagert. Det meste av nyhende frå Vestbreidda er at skilje mellom Vestbreidda og Gaza sannsynslegvis blir endå større som ei følgje av krigen. Al Jazeera har hatt eit par reportasjar og artiklar derifrå:

- West Bank despair over Gaza assault

Publisert på:  on sundag, 18 januar, 2009 at 13:57 Kommenter innlegget
Tags: , , , , , , ,

Shimon Peres om kvifor palestinske born blir drepne

Mange palestinske born blir drepne medan nesten ingen israelske blir det. Kvifor? Fordi vi tar vare på borna våre.

- Shimon Peres

President i Israel og vinnar av Nobels Fredspris 1994

In English:

Many Palestinian children are being killed. Almost none Israeli children are being killed. Why? Because we take care of our children.

( Video: Frå NRK )

(Transcription of meeting)

Publisert på:  on tysdag, 6 januar, 2009 at 13:19 kommentarar (2)
Tags: , ,

Siv Jensen med Israel for fred

Til Dagbladet i dag uttalte Siv Jensen at ho er lei kritikken mot Israel si krigføring i Gaza og legg all skuld på Hamas. Ho meiner at det er Hamas som sit med nøkkelen til fred. Eg ganske spent på korleis Hamas skal kunne bruke denne nøkkelen sin. Trur Siv Jensen at alt blir fred, gull og grøne skogar på Gaza-stripa berre Hamas legg frå seg våpen og rakettar? I so fall er ho ganske naiv, eller kanskje på jakt etter KrF sine veljarar. Dette får ho i alle fall sjansen til å forklare når ho skal halde ein appell i samband med ein pro-israelsk demonstrasjon på torsdag 8. januar arrangert av Med Israel For Fred, Indermisjonsforbundet og Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem. Dagfinn Høybråten skal ikkje delta.

Jonas Gahr Støre har gått hardt ut mot Siv Jensen si einsidige støtte til Israel. Støre meiner at Siv Jensen med slike utspel støttar ein prosess som berre vil styrke Hamas og ekstremisme og svekke Israel på lang sikt. Støre legg til at Jensen dimed meiner at våpena må tale og at krigen åleine kan løyse denne konflikta, noko den i følgje Støre ikkje kan.

Siv Jensen er kanskje lei av at folk kritiserar at ein stat bombar sine lutfattige naboar, men eg er kraftig lei Siv Jensen og sytinga hennar. Den dama har aldri kome med noko positiv. Tidleg i desember hadde ho skrive ein artikkel i “Svar 3″, eit festskrift for Israel sitt 60 årsjubileum, der Hilde Henriksen Waage kritiserte ho kraftig og påpeikte fleirfoldige faktafeil. ( - Dette kan Siv Jensen ingenting om ) Waage meinte at Jensen kanskje burde ta seg eit par studiepoeng før ho uttalte seg om ting ho ikkje kunne noko om. Det hadde Jensen å seie til kritikken:

Jeg er ikke veldig overrasket over at Hilde Henriksen Waage mener dette. Hun har veldig sjeldent nyanserte standpunkter i denne debatten. For meg får hun forske så mye hun orker, men holde seg for god til å komme med den typen kommentarer som at jeg bør ta flere studiepoeng. Hvis det hadde vært ett svar på konflikten, hadde vi ikke trengt forskere.

Ho er kanskje ikkje sjokkert, men eit svar til kritikken er dette i alle fall ikkje. Einaste er ein lang tirade om kvifor Waage, professor i historie, ikkje er til å stole på. Her svarar ho på ingen måte på nokon av dei punkta Waage påpeikte. Sjølv om ho indirekte seier at ein treng forskarar i samband med konflikta, sidan den faktisk ikkje har eitt svar, verkar det ikkje som ho likar å høyre kva dei har å seie. Når det forresten gjeld å ha “veldig sjeldent nyanserte standpunkter” er ikkje Siv Jensen den som skal rope høgast.

Amerikansk ambassadefestning opna

USA sin nye monsterambassade i Baghdad vart offisielt opna i dag i følgje BBC, eit og eit halvt år etter planen. Ambassaden er ein av dei aller største, om ikkje den aller største, som er bygd. Amerikanarane, eller rettare sagt billig og uetisk importerte arbeidarar, har bygd på Fortress America sidan midten av 2005. Ambassaden er bygd med eit stort fokus på tryggleik og skal kunne huse heile 4.000 personar. Ambassaden, som er nesten like stor som Vatikanstaten, har dette å by på: 619 husvære som kan stå i mot eksplosjonar, ein eigen kraftstasjon, vassverk og avfallstasjon, to store diplomatbygg i tillegg til gymsal, handlesenter, symjebasseng og kino. Festningen skal visstnok ha kosta 740 millionar dollar og for å halde det i drift må ein ut med 1,2 milliardar dollar i året.

Ambassaden, med tanke på både mannskaps- og arealstorleik, vitnar ikkje mykje om at amerikanarane har tenkt å trekkje seg ut av Irak med det første. Slike konstruksjonar fortel heller at her har dei tenkt å bli lenge.

Ambassaden kan diverre for amerikanarane allereie vere avleggs i følgje denne lettare kritiske artikkelen frå november  2007:

The Mega-Bunker of Baghdad

-  -  -  -

Velkomen etter til Aftenposten forresten ( USAs nye ambassade i Irak åpnet ). Eg er spent på kvifor biletet dei brukar har det amerikanske flagget på halv stang.

Publisert på:  on måndag, 5 januar, 2009 at 15:50 Kommenter innlegget
Tags: , , , , , , ,

Pyramideoppussing

Cairo - Camels and a Pyramid

Aftenposten Reise skriv at Pyramidene skal skinne på ny ved å gjennomgå eit storstilt oppussingsprosjekt. Den første fasen av arbeidet er allereie i gong; sand- og asfaltvegar skal erstattast med ein storstilt veg av sandsteinheller og heile pyramideområdet skal murast inne. Det sistnemde for å halde bort plagsame souvenirseljarar og folk som nesten påbyr ein kamel- og hesteturar.

Sjefsarkitekten Tarek Nega vil attende til slik det var i dei dagar då Napoleon med sin hær tok turen ned til Egypt. Nyare bygningar skal mellom anna rivast og eit turistsenter med meir skal byggast diskret inn i landskapet. Nega meiner at “det er jo absurd at noen av historiens største bygningsverker får lov til å bli forurenset og tilgriset på den måten. Sfinksen har utsikt til Pizza Hut. Det er en parodi, en tragedie, rett og slett.”

Cairo - Tourist busses and a Pyramid

Eit slik oppussingsprosjekt er, etter mi eiga erfaring med pyramidane, på tide.Då eg var der for tre år sidan var området prega av kaos og rot. Rundt om i sanden låg det strødd med plastflasker , pepsiboksar og anna boss. Det såg med andre ord ikkje spesielt innbydande ut. Noko av det første eg tenkte var at dei i det minste kunne raka sanden og plukka opp alt bosset. Det at digre busslastar med turistar øydela ein del av heilskapen hjalp heller ikkje. Bussane kunne lett ha blitt parkert eit stykke utanfor området slik at dei ikkje forstyrra i like stor grad.

Cairo - Lonely Camel

Det er derimot ikkje utelukkande positive sider med ei slik oppussing. Det vil sannsynleg sjå både flott og imponerande ut, men det er ei fare for at det vil få eit litt for kunstig preg og kanskje miste litt av sin sjarm. Pyramidane er ikkje berre interessante av di dei er imponerande byggverk, men òg på grunn av at dei er eldgamle og då passar det seg ikkje heilt at dei ser spildrandes nye ut. Oppussing er bra, men det kan somme tider bli for mykje av det gode. Det at Pizza Hut og liknande blir fjerna har eg derimot svært lite i mot. Slikt høver seg ikkje heilt og er eit døme på det verste med ei kaotisk og delvis uplanlagd utvikling av turisme rundt slike historiske stadar.

Cairo - Busses

Sjølv ynskjer eg oppussarane lukke til og vonar resultatet gjer til at ein tur til pyramidane blir meir enn berre greitt nok.

Publisert på:  on sundag, 4 januar, 2009 at 3:45 kommentarar (2)
Tags: , , , , ,