Tyrkisk poprock

Det er ikkje ofte tyrkisk poprock, eller for den del tyrkisk musikk, kjem til Noreg anna enn gjennom Melodi Grand Prix. Difor tenkte eg å presentere tre småtøffe band, Duman, Kargo og Badem, som av ein eller annan grunn har like mange bokstavar. Kva nøyaktig dei syng om er eg ikkje heilt sikker på, men eg går ut i frå at det går i det same elles i verda, nemleg kjærleik.

Duman – Bebek

Kargo – Yildizlarin Altinda

Badem – Sen Ağlama

Publisert på:  on sundag, 21 september, 2008 at 23:19 Kommenter innlegget
Tags: , , , , ,

Studentprotest i Jordan

Laurdag samla om lag 50 studentar seg utanfor det tysk-jordanske universtetet i Jordan (GJU) for å protestere mot det dei kallar ei privatisering av høgare offentleg utdanning i Jordan, melder Jordan Times i dag. Dei offentlege universiteta i Jordan aukar no undervisingsavgiftene og i følgje demonstrasjonsleiar Guevara Hanna blir avgiftene dimed høgre enn avgiftene ved private universitet. Dette meiner Hanna i grunnen er å privatisere høgare utdanning.

Jordan er ikkje av dei rikaste landa i verda og Hanna meiner at ei avgiftsauke vil gjere til at store delar av folkesetnaden i Jordan blir stengt ute frå universiteta. For å trekke inn litt klassekamp meinte ein student frå University of Jordan at utdanning no var reservert for borgarskapet (“bourgeois class”).

Rektor ved GJU, Labib Khadra, forsvarte avgiftsauken med å vise til universitetet si “særeigne tilnærming” (different type of approach) til undervising hadde resultert i aukte utgifter.