Gamle jarnbanedraumar får nytt liv

Jordan Times skriv 17. april at Jordan, Syria og Saudi-Arabia har vorte samde om å gjennomføre ei sams studie for å sjå om det er mogleg å  ta i bruk Hijaz-jarnbana att. I følgje avisa skal studia utførast i løpet av dei neste vekene. Avtalen kom som ei følgje av eit møte onsdag mellom dei tre statane sine transportministrar der temaet var jarnbanesamband. Jordan sin transportminister Alaa Batayneh fortel at jarnabana er gamal og utdatert og at den difor må reparerast for å nå opp til internasjonale jarnebanestandardar.

Hijaz-jarnbana vart bygd av Det osmanske riket i 1908 og gjekk frå Damaskus til Medina. Jarnbana vart i stor grad øydelagd under den første verdskrigen av dei allierte. T. E. Lawrence (av Arabia) saman med sine arabiske allierte sprengde fleire tunnelar, bruer og tog for å isolere dei osmanske styrkane som var stasjonert i Medina. Etter krigen vart berre delar av jarnbana gjenoppbygd og då i hovudsak for godstransport.

I følgje Batayneh er bana framleis i bruk mellom Amman og Damaskus og transporterar passasjerar og gods mellom desse. Dette skal vere ein langsam og ukomfortabel tur der ein i tillegg må bytte tog ved den syrisk-jordanske grensa. Taxi mellom Damaskurs og Amman er førebels enklare, meir komfortabelt og mykje raskare.

Batayneh la i tillegg til at Irak sannsynlegvis vil ta opp ideen om eit jarnbanesamband med Jordan og Syria. Eit slikt jarnbanesamband er foreslått før og var med på å forme grensene i det moderne Midtausten. Ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var ein del av Storbritannia sin store draum om ei jarnbane frå Calais til Calcutta på byrjinga av 1900-talet. Jarnbana vart aldri bygd, men ideen om den var ein av grunnane til at Jordan har ei grense mot Irak og at Haifa og Akko ligg i Nord-Israel i staden for Libanon. Meir om den kan du lese i “Jarnbaner og engelske beduinstammar” og “The Hijaz Train Station“.

Personleg vonar eg at denne historiske jarnbana skal få eit nytt liv, men som mange andre foreslåtte prosjekt i Midtausten bør det takast med i klype salt. Det store prosjektet med å byggje ein kanal frå Raudehavet til Daudehavet er framleis stranda i startgropa. Jordan og Syria er heller ikkje særleg rike statar, men med Saudi-Arabia med på laget skal ein ikkje ta noko for gitt. Om jarnbana blir reparert har eg lyst til å ta turen, i alle fall so langt sør som Akaba.

A Growing Power in Arabia

In the early 1920’s the power balance in Arabia changed. Sultan Abdul Aziz ibn Saud of Nejd was expanding his realm in all directions and defeated longstanding enemies. Ibn Saud was supported to a certain degree by Great Britain, but one of his main rivals, Hussein b. Ali, Sharif of Mecca and King of the Hejaz, was also supported by the British. A former British Agent once said that “ours is a Hussein policy” and there was no doubt that Britain focused most of their energy on Hussein. Britain’s ideas on Arabia, however, slowly changed as Ibn Saud grew more and more powerful and as Britain found Hussein more as a burden than a valuable ally. The same Agent, Col. Vickery, spoke of this growing power in November 1922:

I see also in Arabia, a growing power, a power not of our forging, a power which will eventually overrun the very homes of these we have so openly and so prodigally supported … The custodianship of the holy places lies now with the Sharif of Arabia [sic], but I feel that peace will not descend on Islam till the cities of the Prophet are once again under the aegis of a Mohamadan nation which unites both spiritual and temporal power.

Three years later the Hejaz fell to Ibn Saud’s fanatic fighting force, the Ikhwan, and thereby ending Hashemite rule over the holy cities of Islam. Hussein fled to Aqaba and was then “invited” by the British to Cyprus.

(The quote is from Randall Baker’s book King Husain and the Kingdom of Hejaz.)

Ukritisk omgrepsbruk

I ein mediakommentar i Morgenbladet 11. april skriv Tine Ustad Figenschou om “Krigen om ordene”. Kommentaren hennar omhandlar israelske journalistar sin omgrepsbruk når dei skildrar konflikta med palestinarane. Ho viser mellom anna til korleis Israel, palestinarane og dei okkuperte områda blir skildra forskjellig i israelske media. I skildringa av israelsk presse viser ho at det alltid er palestinarane som er den aggressive parten medan Israel alltid er den som svarar på denne aggressiviteten. Palestinarane kidnappar medan Israel arresterar. I det heile er det ei presse der omgrepsbruken til det israelske forsvaret er repetert heilt til den er “internalisert og føles naturlig og objektiv.” Dette viser at dersom ein løgn blir fortald mange gongar og lenge nok blir det ei slags sanning. På same måte blir det trygt å bruke generaliserande omgrep om saker der ein ikkje veit nok om saka til å klassifisere alle drepne som terroristar eller eit område som ein krigssone.

Det Figenschou meiner er det viktigaste er at denne omgrepsbruken blir gjengjeve i norsk media og ho stiller eit spørsmål med tanke på dette: “Kanskje vi glemmer begrepenes ladning når konflikten er så langvarig og vi bor så langt borte?”

Reportarar utan grenser sin årlege rapport om pressefridom finn du her, om Israel og om Midtausten og Nord-Afrika.

Noko av det same problemet vart tatt opp av Stephen Colbert under humorinnslaget hans på Det kvite hus sin pressemiddag i 2006. Det at fram til då hadde journalistar i USA i stor grad berre skrive ned det som vart rapportert av og frå Det kvite hus utan å tenke mykje meir over det. På den måte fekk då Det kvite hus gjennom sin eigen omgrepsbruk. Omgrepsbruken gjekk med andre ord rett inn i pressa utan vidare spørsmål, som mellom anna “illegal enemy combatant”.

I siste 60 Minutes på TV2 hadde dei ei sak om ein av desse “ulovleg stridande”, Murat Kurnaz, som vart arrestert i Pakistan av politiet der og overlevert til amerikanarane i 2002. Det viste seg raskt at han var uskuldig, men satt likevel i fangenskap i Afghanistan og på Guantanamo i fem år.

60 Minutes-reportasjen finn du her.

Ei bok som omhandlar nettopp bruken av forskjellige omgrep om det som ofte kan kallast like situasjonar er Steven Poole si Unspeak. Der Colbert berre nemner problemet satirisk går Poole grundigare gjennom dette. Han går gjennom bruken av ord og omgrep som terror, ekstremisme, fridom, misbruk og liknande. Han går grundig gjennom mange av orda og forklarar utviklinga til kvart omgrep, det at definisjonen til mange ord har endra seg opp gjennom åra. Eit viktig poeng han tar opp er korleis nokre definisjonar for nokre ord og omgrep har utvida seg og skifta fokus. Eit anna poeng er korleis forskjellige omgrep er brukt av statar for å få positive konnotasjonar, som til dømes det militær-medisinske uttrykket “surgical strike”:

It is possible to consider surgery in terms of physical intervention with saws, scalpels, and needles, a form of violence that serves a greater good: hurting some parts of the body so as to restore the whole to health. If surgery is a war against disease or dysfunction, it is the ideal example of just war. … To turn the metaphor around and use images and terms from medicine in describing actual war could in this way have the effect of justifying the military action in question. (s. 107)

For min del foukserar boka litt for stor grad på Bush-administrasjonen og omgrepsbruken i deira “War on Terror”, men han tar opp ein del viktige sprøsmål og går relativt grundig gjennom terminologien som blir brukt. No har det seg òg slik at boka er skriven på engelsk og er dimed ikkje alltid like relevant i forhold til norske media sin omgrepsbruk. Det er likevel vel eit poeng at det Figenschou skriv om at omgrepa i israelsk presse blir gjengjeve i norsk gjeld i same grad for omgrepa frå amerikansk presse.

Jarnbaner og engelske beduinstammar

Den britiske draumen om ei jarnbane frå Calais til Calcutta var i tankane då britane var i ferd med å dele Midtausten opp mellom seg og franskemennene etter første verdskrig. Ideen om ei jarnbane mellom Bagdad og Haifa var noko av grunnen til at Storbritannia fekk innelemma Haifa og Akko i det britiske mandatet Palestina i staden for det franske Libanon. 

Tidleg på våren 1922 reiste den britiske representanten i Transjordan, St. John Philby, og jarnbaneingeniøren Major A. L. Holt frå Amman til Bagdad for å kartleggje moglegleiken for å legge ei jarnbane gjennom det då omdiskuterte området Wadi Sirhan, som i dag ligg lengst nord i Saudi-Arabia. I rapporten sin frå reisa skriv Major Holt om ein spesiell stamme i området som stakk seg ut frå beduinane, Sulubistammen.

Det spesielle med Sulubistammen var at dei var dei einaste som haldt til i ørkenen året rundt. Dei vart ikkje raida av dei andre beduinstammane og levde i følgje Holt eit liv i tryggleik i eit konfliktfylt område. Opphavet deira var prega av mystikk. Sulubistammen hevda dei var i slekt med engelskmennene og at det er hevda dei stammar frå europeiske krossfararar. Ordet Sulib tyder nemleg “kross”. 

Til tross for deira fredfulle forhold med beduinane, såg desse ned på Sulubistammen og nekta mellom anna å gifte seg inn den. Holt meinte òg at moralen deira ikkje var like streng og at dei arbeidde litt med ting som var sett ned på av beduinane. I følgje Holt såg beduinane ned på alt arbeid som ikkje involverte å drive dyreflokkane sine og halde på med sportsraid mot underlegne motstandarar.

Opphavet til Sulubistammen var som sagt prega av mystikk og dimed følgde det naturlegvis med ei opphavshistorie som vart fortald Major Holt: 

For lenge sidan då Gud delte opp ørkenverda mellom dei forskjellige sjeikane sov leiaren for Sulubistammen og fekk dimed ikkje tildelt noko. Då han vakna vart han forferda av nyhenda og drog til Gud og gret over det tapet og ba på sine kne om å få tildelt ein del av verda. Gud var ikkje interessert i dette og fortalde at sidan verda allereie var delt opp kunne ikkje Sulubi-stammen få noko del. Gud gav likevel Sulubistammen eit lite plaster på såret og som trøst ville lagnaden deira vere å vandre på jorda i fred og frie frå plager. 

Holt fortel at det er eit faktum at gjennom heile den arabiske historia er Sulubistammen den einaste stammen som er fritekne frå å bli raida og at alle dei andre ørkenfolk respekterarar denne fridomen.

 

I kor stor grad dette er sant er for meg førebels vanskeleg å vite sikkert. Major Holt vart fortald dette i 1922 og skreiv historia ned året etter. Artikkelen til Holt er å finne på Jstor under namnet “The Future of the North Arabian Desert”, men ein må ha godkjend tilgang til Jstor for å lese den (til dømes gjennom universitetet). Eg tvilar derimot på at det framleis stemmer i dag med tanke på dei enorme endringane den aktuelle regionen og beduinane har gått gjennom sidan då. 

Jarnbana vart aldri bygd, til tross for Major Holt sin optimisme og mange godord. Det var til slutt vanleg motorisert transport som vann fram over jarnbaneplanane i åra som følgde.