Litt uro i Jordan

Posted: sundag, 11 desember, 2011 in Articles, Ymse
Merkelappar:, , , , , , ,

Ambassadeåtak

Det har fleire gonger vore demonstrasjonar utanfor den syriske ambassaden her i Amman, men i dag ser det ut til å ha gått gale. Demonstrantar frå Syria gjekk til åtak på ambassaden og prylte opp konsulen, ein diplomat, ei vakt og nokre få andre tilsette. I følgje den syriske ambassade sa demonstrantane at dei hadde noko papirarbeid dei skulle gjere ferdig. Jordansk politi skal ha arrestert om lag åtte personar. Ein person, som skal vere ein syrisk flyktning, vart arrestert av ambassadevaktene.

Stammeopptøyar

Beiterettar og tilgang til beite er framleis eit tema som skapar problem i Jordan, om kanskje ikkje i like stort omfang som for 90 år sidan. I går var det nemleg opptøyar i sørlege Jordan då medlemer av Hajaya-stammen blokkerte Hovudveg 65, betre kjend som Desert Highway, ei av dei viktigaste fartsårene i landet. Hajaya-stammen er ein av dei større beduinstammane i Jordan. Opptøyane kom som følgje av ein fredleg demonstrasjon i Qatraneh i Karak-regionen der ei stamme delte ut flygeblad mot at styresmaktene selde beitemarkene deira til investorar. Guvernøren i Karak greidde forhandle fram at dei skulle opne vegen att, men i følgje Jordan Times heldt dei ikkje lovnaden sin og han måtte sende inn tryggingsstyker for å ordne opp. Desse sørga for å opne vegen att etter nokre timar, men ikkje utan eit lite samanstøyt med demonstrantane.

Det slutta heller ikkje der. Innbyggarar frå byane og landsbyane omkring vart forbanna på stammefolket sidan dei forstyrra dagleglivet. Dei drog for å tvinge Hajaya-stammen til opne vegen att, men politi overtalte dei til å halde seg borte. Det var lettare kaos ein periode sidan hundrevis av bilar ikkje fekk køyre korkje nord eller sør.

Desert Hwy - Trucks on airstrip Karak - View

Universitetsvald

På laurdag var det om lag 25 yngre jordanarar som demonstrerte utanfor statsministeren sitt kontor for å markere avstand frå valdsepisodane som har funne stad ved fleire universitet i Jordan den siste tida. Valden skal vere forårsaka av konfrontasjonar mellom enkeltmedlemer av stammar, som igjen har dratt inn den meir utvida familien til kvar enkelt. Favorisering, wasta, når studentar brukar sine kontaktar for å skaffe høge karakterar utan å vere på førelesingar, skal òg vere ein medverkande faktor.

Studentpolitikk er viktig: Ei interessant løysing til dette skal visstnok vere å innføre/tillate “politiske parti”, studenlister om ein vil, ved universiteta. Dette vil auke kunnskapen om konsekvensane av vald hjå studentane, i følgje ein av demonstrantane. Valden forstyrrar undervising, skadar dei jordanske universiteta sitt renommé og kan føre til at utanlandske studentar ikkje vil studere her, seier ein tidlegare student.

Reint personleg har eg høyrd rykter om at det var ei knivstikking ved Universitetet i Jordan for nokre veker sidan, men dette er ikkje stadfesta.

Amman - University Road

Arabisk historie, vestlege kjelder

Posted: laurdag, 10 desember, 2011 in Ymse, Articles
Merkelappar:, , ,

Robert Fisk skreiv i 2008 at arabarar må basere seg på britisk og israelsk kjeldemateriale for å skrive si eiga historie. Slik er ståa framleis, og fram til i år har det ikkje vore mange teikn til at det skulle endre seg. Vil den arabiske våren ha noko å seie for kva kjelder arabiske forskarar kan basere seg på?

Behind [a staute of Hafez al-Assad] lie the archives of his dictatorship. But not a single state paper is open to the people of Syria. There are no archives from the foreign ministry or the interior ministry or the defence ministry. There is no 30-year rule – for none is necessary. The rule is for ever. There is no Public Record Office in the Arab world, no scholars waiting outside the National Archives. [...] It is the same in Cairo, in Riyadh, in Beirut and in Tripoli. Dictatorships and caliphates do not give away their secrets. The only country in the Middle East where you can burrow through the files is called Israel[.]

London - Archive Research

I Vesten og Israel er riksarkiva opne for alle som ynskjer tilgang. Dei fleste dokument blir gjort tilgjengelege etter at det har gått ei viss tid. I USA er hovudregel at alt blir gjort tilgjengeleg etter 50 år, medan det i Storbritannia er delt inn i 30, 50 og 75 år. Alt blir uansett tilgjengeleg til slutt.

London - Archive Rules [edit]

I riksarkiva finn ein det meste av papir, saksdokument, korrespondanse, avtalar, interne diskusjonar, ordrar m.m. knytt til staten og forskjellige departement. Dette er ikkje noko ein finn i Midtausten, ein region med ein god del autokratiske regimer som ikkje er altfor glade i folk som snokar rundt i fortida deira. Om det eksisterer eit arkiv so har ein ikkje tilgang, seiast det.

Dei nasjonale mytane er viktige og står sterkt i mange land. Dei er ikkje lette å punktere, og kvar gong dei blir utfordra blir det debatt og tidvis kontroversar. Ein kjenne dette sjølv frå norsk historie og alle ‘oppgjera’ som er tatt med hendingane under andre verdskrig og oppgjeret med landssvikarar i tida etterpå. I Tyrkia er det framleis problematisk og svært kontroversielt berre å kalle deportasjonane av armenarane i 1915 for folkemord, noko som ikkje ein gong er ein del av det moderne Tyrkia si historie, men Det osmanske riket.

I Israel vart dei nasjonale mytane og den offisielle versjonen av Israel si historie og etablering utfordra av grundig arkivforskning frå det som har vorte kalla dei nye historikarane. Dette kom som ei følgje av at dei israelske statsarkiva frigjer statspapir etter 30 år og gjer dei offentleg tilgjengelege. Dette skapte ikkje overraskande både kontroversar og debattar som framleis lever. Å slå hol på nasjonale mytar er som sagt vanskeleg.

Storbritannia og Frankrike var svært aktivt inne i den politiske utviklinga i Midtausten under og etter første verdskrig, for å seie det mildt, og dei skapte og styrte direkte og indirekte dei fleste statane der. Kjeldene deira er difor både rike og fyldige, men dei er skrive av dei styrande, ikkje dei styrte. Ein finn brev frå arabiske statsleiarar m.m., som ein ikkje finn eller får tilgang til i staten til avsendaren, som til dømes dette brevet under frå Ibn Saud, skrive i 1925:

London - Letter from Ibn Saud, 1925

Det Fisk påpeiker i artikkelen sin er at det er dei statlege dokumentarkiva ein ikkje har tilgang på. Det er elles mange kjelder basert på intervju, dagbøker og private arkiv. Eit lite døme er boka Year of the Locust som er basert på tre dagbøker skrive av tyrkiske og palestinske soldatar under første verdskrig. Men det like fullt ikkje statsdokument. Det er ikkje interne diskusjonar i regjeringa og departementa. Det er ikkje utarbeiding av strategiar og planar. Det er ikkje statlege ordrar. Det er ikkje noko som fortel kva informasjon staten hadde og korleis dei handterte denne. Dette, om det fins, ligg i dei statlege nasjonalarkiva.

London - Research Material

Den arabiske våren

Dei sovjetiske statsarkiva vart i løpet av 1990-talet delvis opna for offentlegheita som følgje av oppløysing av Sovjetunionen i 1991. Over 70 år tidlegare hadde dei revolusjonære i Russland offentleggjort ei rekkje løynde avtalar staten hadde med andre statar. Ei av desse var den svært kontroversielle Sykes-Picot-avtalen frå 1916. Grunnen til at eg nemner dette er den arabiske våren, som no snart er eit år gammal.

Førebels er det alt anna enn sikkert om korleis det heile endar. Det er ei av de største omveltningane i Midtausten på lang tid og ein vil sannsynleg sjå fleire forskjellige styresett enn dei ein har sett til no. Ei personleg von eg har er at opprøra skal føre til betre ytringsfridom og større offentleg debatt, og som ei følgje av dette at nokre riksarkiv skal bli opna for offentlegheita, og at folk skal få tilgang og innsyn til si eiga historie. Ein revolusjon kan føre til at ein vil offentleggjere “udådane” til det gamle regimet, men dette er langt frå sikkert.

NB: Mykje av det som er omtalt til no er moderne politisk historie. Ei opning av arkiva opnar òg for eit breiare kjeldemateriale innanfor mange andre og vel so viktige felt. Det egyptiske nasjonalarkivet er forresten eit av dei eldste i verda, ti år eldre enn Public Record Office i London.

[W]riting is one of the crafts which help society to live … now perfection in the crafts is relative … hence imperfection in writing is due not to lack of religion or morals but to economic and social causes.

Ibn Khaldun, 1332-1406

Midtausten er ein av dei regionane i verda der rykter og konspirasjonsteoriar florerar. Mange som hatt med regionen å gjere kjenner garantert til mange av desse. Sjølv har eg høyrd teorien om at Israel har ei maskin som kontrollera vêret i Midtausten.

Tidlegare i år (15.januar), før den arabiske våren hadde slått til for fullt, gav den amerikanske medieveteranen Lawrence Pintak ut boka The New Arab Journalist. Han har nok sitt å seie om medieutviklinga under og etter dei arabiske opprøra, men det kjem garantert i neste utgåve. I boka kjem han med ei forklaring til kvifor konspirasjonsteoriar trivast betre i Midtausten enn mange andre stadar. Forklaringa er inga overrasking. Han peikar på den manglande kredibiliteten til arabisk media. Fokuset til Pintak er i hovudsak på dei arabiske mediene før etableringa av Al-Jazeera i 1996, men gjeld nok endå i stor grad dei fleste mediene under autoritære regimer.

Han skriv at lokal arabisk media manglar kredibilitet hjå sitt eige publikum, som i tillegg er mistenksame mot vestlege kjelder, og kva kan ein stole på når ein ikkje har tillit til korkje eigne eller andre sine medier? Denne mistilliten skal ha ført til at det har utvikla seg ein “motkultur av uoffisielle nyheitskanalar” (“counter-culture” of “unofficial news channels”) i Midtausten der rykter og konspirasjonsteoriar rår, og at det difor rikosjetterer ikkje-stadfesta historier omkring i Midtausten kvar dag.

Ei historie Pintak trekk fram er av det morosame slaget. Det braut ut opptøyer i Khartoum, hovudstaden i Sudan, då det gjekk ord om at sudanesiske menn ville miste penisen sin dersom dei handhelste på utlendingar. Eit offer hadde, i følgje avisa Al-Quds al-Arabi, kjend at penisen hans hadde “smelta inn i kroppen hans”.

Mange andre rykter var basert på eldre seigliva myter, mellom anna at britane sjølv hadde skapt Wahhabi-sekta innan sunni-islam som ein del av deira splitt-og-hersk-strategi i Midtausten i byrjinga av 1900-talet. (Det skal seiast at dei indirekte støtta wahhabistane med pengar gjennom subsidier til Ibn Saud.)

Noko av problemet med desse rykta og konspirasjonsteoriane var at dei fann vegen inn i pressa, der dei til tider tok plassen til fakta. Grunnen til dette kan vere det Pintak forklarar med måten mediene var vande med å reflekterte offisiell tankegang. Saman med mangel på formell utdanning førte dette til at vestlege oppfattingar om journalistisk nøyaktigheit og objektivitet ikkje slo god rot. Pintak skriv vidare at:

Thus even coverage of issues of no consequense to the government was frequently rife with inaccuracies, innuendo, and falsehoods – some of them bought-and-paid-for, some the result of sloppy or lazy journalism. Put simply, if a reporter was expected by the government to print articles he or she knew were not true, there was little impediment to adopting a similiar approach on other stories.

Dei mest respekterte journalistane i Midtausten vart mest kjend for deira meiningar og kommentarar framfor objektivitet. Logikken var at innsikta i meiningsytringane var samla frå maktkorridorane skribentane hadde tilgang på. Skiljet mellom fakta og meining var, og haldt fram med å vere, uklårt.

Det meste som er skildra over er frå boka til Pintak og omhandlar i stor grad utviklinga av arabiske medier og korleis ståa var fram til og med 1990-talet og før Al-Jazeera. Det var med etableringa av Al-Jazeera i 1996 at arabisk journalisme på alvor byrja endre seg. Pintak skreiv 2. februar i år om Al-Jazeera og deira rolle i den arabiske våren i ein artikkel i Foreign Policy, “The Al Jazeera Revolution”. Dette var skrive før Hosni Mubarak gjekk av.

Pintak hjelp til med å forklare noko av grunnen til at konspirasjonsteoriar har fått god grobotn i Midtausten, men det er, som sagt, ikkje overraskande at det florerer rykter i ein region med udemokratiske regimer og der mediene ikkje er til å stole på. Det blir difor spennande å sjå korleis arabiske medier vil utvikle seg etter den arabiske våren. Dersom det utviklar seg demokratiske styresett som følgje av omveltningane vil det sannsynlegvis få store konsekvensar for arabiske medier. Al-Jazeera, og spesielt det siste året, har vist at det er mange og sterke røyster i den arabiske verda, noko som ikkje burde vere overraskande. I eit demokratisk arabisk land vil desse vonleg få kome til i trykte aviser og sleppe inn i eit meir offentleg ordskifte, noko dei ikkje har gjort før.

I artikkelen nemnd over skriv Pintak om demonstrasjonane på Tahrir-plassen i Egypt under ein av president Mubarak sine talar. Al-Jazeera dekka talen direkte og den vart vist på eit provisorisk lerret for folkemengda, som gav klårt uttrykt for si misnøye då Mubarak uttalte at han ikkje ville stille til gjenval, men ville sitte perioden ut. Pintak framheva denne augeblunken slik:

It was a moment that spoke volumes about the unique link between the Qatar-based channel, the uprising in Egypt, and the Tunisian revolution that was its inspiration. It also underscored the new reality facing Arab regimes: They no longer control the message.

Mange har samanlikna opprøra i Midtausten med omveltningane i aust-Europa etter at Berlinmuren fall i 1989. Sovjetunionen sitt fall følgde to år etter, og i denne overgangsperioden vart den russiske pressa ei kort stund kanskje ei av dei friaste pressene i verda, i alle fall i følgje Boris Jeltsin sin visestatsminister, som skildra den slik:

It was free from official control. It was free from censorship. It was free from the opinion of the readers. It was free from the owners. Of course it could not survive.

Det er ikkje heilt samanliknbart, og pressa i Russland i dag er ikkje akkurat kjend som den friaste i verda. Det viser berre det at det er mykje som kan skje med mediene når ein autoritær stat mister/slepp taket, noko dette er eit døme på. Det er kanskje viktigare å halde eit auge med den arabiske pressa enn nokon gong før.

Kjelder:

Pintak, L: The New Arab Journalist: Mission and Identity in a Time of Turmoil, side 37-39.

O’Clery, C: Moscow, December 25, 1991. The Last Day of the Soviet Union.

Fekk eit lite korrespondentbrev frå Jordan på trykk i året si siste utgåve av Studvest (32/2011). Det er berre tilgjengeleg på side 22 i papiravisa og i PDF, og her:

ROLEG URO

I tretida kvar dag strøymer studentane ut av hovudporten til Universitetet i Jordan. Ein skulle tru alle slutta samstundes, og straumen av studentar verkar endelaus. Politiet er fast stasjonært utanfor og kraftig portar passar på trafikken av studentar inn og ut. Det skal vere trygt her fortel det oss. Det var først etter nokre veker eg la merke til at dei aller fleste av studentane er jenter. Det seiast at dei utgjer so mykje som åtti prosent her, noko det ikkje er vanskeleg å tru på. Gutane går rett i arbeid, medan jentene studerer.

Det er når ein kryssar hovudgata utanfor og prøver å skaffe ei drosje at ein angrar kraftig på at ein ikkje skaffa seg eit husvære like ved. Gata er stappfull av store og små bussar, tutande bilar, fulle drosjer og ikkje minst eit vell av lydar og studentar på leiting etter transport. Eg tippar at gata er bygd som firefeltsveg, men her bryr ingen seg om køyrefelt. Eg rettar ut handa, og etter femten minutt stoggar ei tom drosje. «Første sirkel?» spør eg på arabisk. Sjåføren viftar med handa og takkar nei. For mykje trafikk den vegen.

Det blir drosje til slutt. Turen gjennom trafikken er lang nok til litt samtale. Dei fleste har anna arbeid, men køyrer drosje på deltid. Ein møter difor alt frå massørar til norsktalande fiskepakkarar. Både gamle og unge. Dei eldre er rolegare på gassen. «Kvar er du frå?» er som regel første spørsmål. Drosjesjåførane er nysgjerrige og det blir ofte samtalar på litt haltande jordansk arabisk både til og frå universitetet, men det er trass alt det ein er her for, å lære seg arabisk. Det er til tider vanskeleg å hugse på akkurat det med tanke på at nabolandet i nord er i fullt opprør og demonstrasjonane i Kairo blussar opp på ny. Det er ei spennande tid å lære arabisk når regionen opplever dei største politiske omveltingane på mange titals år.

I Jordan er det derimot førebels roleg, som vanleg. Landet er ikkje kjend som den mest rebelske guten i klassen, noko som er grunnen til at det har flokka seg mange arabiskstudentar hit. Dei fleste hadde nok eigentleg planar om å dra til Syria, Jemen eller Egypt. Den arabiske våren er likevel til stade. Det har vore demonstrasjonar i sentrum nesten kvar fredag sidan januar, og til tider utanfor den syriske ambassaden, men desse går for det meste roleg for seg. Regjeringa er allereie bytt to gonger i år. Kongen meinte reformene han ynskte gjekk for sakte. I neste månad skal det i tillegg vere kommuneval.

Trass dette, og at nyheitene ofte er på radioen, blir det lite politisk prat i drosjene. Samtalane med drosjesjåførane går på vêret i Noreg. Kulden har rett nok kome til Amman, men det er ganske kaldt der i nord har dei høyrd. «Ja, det er det,» svarar eg, «kaldare enn her.»

(Bilete kjem når dei er klare)
——
Libanon er eit av dei landa eg alltid har hatt lyst å besøke. Landet er fylt med kontrastar og har ei uhyre interessant og komplisert historie, komplisert nok til å skremme bort og fascinere forskarar.*

Den mest kjende røysta frå Libanon er nok for dei fleste nordmenn NRK-korrespondenten Odd Karsten Tveit. I samband med lanseringa av boka Libanon farvel – Israels første nederlag uttalte Tveit at ein vil forstå Midtausten betre dersom ein forsøker å forstå Libanon, sidan mange av mønstra Midtausten er tydlegare der. I same handevende har han oppsummert Libanon med at den som trur han forstår Libanon ikkje er skikkeleg orientert.

Det er skrive haugevis med bøker om Libanon, men av ymse kvalitet, slik at det er ein liten jungel å navigere seg i. Ingen har forstått alt, få har forstått mykje og mange har forstått lite. Sjølv høyrer eg ganske sikkert til i den siste gruppa.

Men nok om det. I byrjinga av Eid al-Adha drog eg nokre dagar til Beirut på ferie. Turen gjekk med fly på grunn av den politiske situasjonen i Syria, i tillegg til at sjansen for å få transitvisum sannsynlegvis er mindre enn før. Tidlegare har drosjene som går Amman-Damaskus-Beirut og tilbake vore eit billeg og greitt alternativ. Dei går endå, men eg vil tru med litt større vanskar.

Eg reiste saman med nokre andre frå universitetet og vi innlosjerte oss på eit lite hostel i nærleiken av Gemmayze, Al-Shahbaa Hotel, men sidan det meste var fullbooka måtte vi sove den første natta på taket under open himmel. Eit billeg, sentralt og heilt greitt hostel til ein $10-12 per natt (taket var $8). Hosteleigaren kan i tillegg hjelpe til med å arrangere forskjellige ting, m.a. leige av bil.

Dei fleste dagane gjekk med på å vandre rundt i og utforske Beirut om dagen, ete mykje god mat og drikke god libanesisk vin og teste nattelivet om kvelden. Beirut er ein by ganske ulik Amman. Etter å ha budd nokre månadar mellom tørre fjell der ein må ta drosje overalt, var det svært forfriskande å kome til ein by ved havet der ein kan spasere rundt utan å vere heilt avhenging av transport. At det var mykje varmare enn Amman hjalp òg.

Ein stor skilnad er mellom anna kor forskjellig Beirut er i arkitekturen. Medan Amman eigentleg ser heilt likt ut same kvar ein er, sidan alt er bygd med same type stein og farge, endrar Beirut seg mykje. Ein anna skilnad mellom Beirut og andre byar er at medan dei fleste byar har ei interessant historie, so utgjer denne for det meste eldre historie som no anten er omgjort til turistattraksjonar eller informasjonsplakettar, og dersom det er nyare histore er det som regel hendingar frå andre verdskrig. I Beirut er derimot såra frå borgarkrigen framleis høgst synlege, tydlegaste i form av bygningar. Historia her er ikkje like fjern og implisitt som den no er mange stadar i Europa. Det var spesielt å gå rundt i Beirut med nybygg og utbomba bygningar om einannan. Kulehol ser ein titt og ofte. Noko liknande såg eg i Beograd då eg var i fjor.

Dersom ein reiser lengre sør, til mellom anna Hizbollah-dominerte Dahieh, ser det fullstendig annleis ut. Ein skulle ikkje tru det var same by. Eit lite tips dersom ein forvillar seg ned i Dahieh: IKKJE ta bilete. Då er det ein stor sjanse for at ein raskt blir anholdt av Hizbollah og dei likar dårleg at ein tar bilete der nede. Kva som skjedde når nokon i reisefølgjet mitt faktisk tok eit bilete kan ein lese meir om på denne bloggen.

Dersom ein vil reise utanom Beirut er det greitt å leige seg ein bil. Det er ikkje so grusomt dyrt dersom ein er fleire, $30-50 pr dag, og det gjev deg ein svært verdifull reisefridom. Sjølv leigde vi ein bil og drog til Byblos, ein liten fredleg by nord for Beirut som minna meg kraftig om Acre i Israel. Byblos er forresten 7000 år gammal og kan vere den byen i verda der det har budd folk lengst samanhengande. Påstanden om at det er den eldste byen i verda, med eller utan samanhengande busetjing, er sjølvsagt noko omstridt, og det er fleire som hevdar det same. Reiseplanen var opphavleg noko meir omfattande, men grunna dårleg tid vart det med Byblos, som er vel verdt eit besøk.

Noko av det som overraska meg med den vesle turen nordover, var kor lite Libanon eigentleg er. Avstandane i Midtausten er mindre enn ei skulle tru, men verkar endå mindre i Libanon. På veg til Byblos skulle vi eigentleg innom taubana Téléphérique, Libanon sin versjon av Ulriksbana, men vi køyrde forbi utkøyringa og før vi fann ein stad å snu var vi nesten allereie i Byblos. Vi tok den heller på veg tilbake, men på grunn av lang kø og det at vi drog seint frå Byblos, rakk vi ikkje solnedgangen frå toppen. Neste gong. Turen opp tar ni minutt, er spennande og byr på innsyn rett inn i stova til mange folk sidan bana går forbi mange bustadblokker. Vi fekk med oss heile kysten om natta, noko som ikkje er so verst.

Vi rakk òg ein kort tur innom American University of Beirut (AUB) for å utforske campuset, som eg vil oppsummere som grønt og flott, og med mange mange kattar. Campusmessig hadde eg hatt lite i mot å gått der.

Etter 4-5 for korte dagar veit eg allereie at dette er eit land har lyst attende til.

——
* Sannsynlegvis komplisert nok til at det var grunnen til at Libanon vart utelatt frå The Foreign Policies of Middle East States.